DIY: Ny lysestake

I sommar var eg og mamma ein tur på “Kråka“, som er miljøstasjonen her i kommunen. Vi skulle kaste litt papp og isopor før vi skulle kjøre rett heim igjen, men slik blei det jo ikkje.. Vi måtte jo sjølvsagt innom den avdelingen der som heiter “godt brukande”. Altså ting andre ikkje vil ha/ treng lenger, som kven som helst kan komme å hente, gratis. Gjenbruk altså!

Eg var selektiv når eg kom inn i bua, men denne lysestaken her den kunne eg ikkje gå i fra. Eg såg med ein gang for meg eit bord dekka til selskap med denne på. Litt høgde er jo alt som skal til, så denne var perfekt! Ja, den er nok litt sær eller gammeldags, men eg likar litt unikt i interiøret.

Den var ikkje akkurat så fin som dette når eg fann den då.. Den var skitten, nedslitt, rusta(?) og såg egentlig lite innbydande ut.. Eg begynte med å legge den i kokande varmt vannbad og skrubba den med ein svamp. Den blei jo mykje bedre med ein gang etter det, men eg skulle jo uansett spraye den! Eg har jo tidenes lager med spray, så det skulle ikkje stå på utvalget i fargar heller. Eg falt likevel på gull, og satsa på at fargen blei som forventa. Og det blei den!

Bare sjå kor fin denne blir på spisebordet då! Eg angrar egentlig på at eg ikkje tok to stk når eg var der… Ville jo ikkje dra meg meg for mykje skrot inn i huset (Vegard sine ord). Kanskje den andre fortsatt står der oppe? I så fall er det meiningen at eg skal ha den og.😅

Kva syns du om lysestaken? Den passar jo fint ilag med Jonathan Adler skåla mi og! Litt rare begge to!

#diy #doityourself #hobbygruppa #interiør #interior #kreativ #hobby #gjenbruk #redesign #lys #varme #stue #husoghjem #julebord #bord 

12 kommentarer

Siste innlegg