Det viktigste i eit hus?

Reklame | Bygghjemme.no

Det første eg såg på når vi fekk tilsendt bilder av huset vi bur i no var gulvet. Altså, eg har vært innom mange forsvarsboliger, og gulvet er alltid det samme.. Det er alltid eit gul/oransje gulvbelegg i fra 1970 som regjerer.. Gleden var derfor stor då eg fekk bildene og gulvet var så moderande som dette! Eg gjekk i taket, og tenkte at det ikkje gjorde så mykje korleis veggane og resten av huset såg ut, då det alltid kan gjerast nåke med.

Tenk at nåken har orka å legge eit fint laminatgulv i heile stova og kjøkkenet, og det i ein bolig som dei bare har leigd for ein periode! Eg er i alle fall sjeleglad. Ikkje nok med det så merker eg at vi har det mykje lunare og varmare på gulvet enn fleire vennepar som kun har gulvbelegg. Så når vi ein gang kjøper oss bolig, ja då er det gulvet som må byttast først.. Ta gjerne turen innom Bygghjemme.no for mykje god inspirasjon til huset.


Og i tillegg så gjere det jo absolutt ikkje nåke at gulvet er fint å ta bilde av, eller kva?😃 

 

#interiør #sponset #spons #design #diy

Mine tre mest leste innlegg

Idag tenkte eg at eg skulle dele mine tre mest leste innlegg med dåke! Det er jo ganske tydelig å sjå kva innlegg som fenger mest, og at det var blomsterkassen som var på toppen var ikkje overraskande i det heile. Det er bare veldig kjekt at så mange fant veien inn til det innlegget, og nåken av dåke har jo og laga blomsterkassen sjølv!  Her må det nok meir DIY-innlegg til ja, eg må bare få nokon ekstra timar i døgnet 😅 Klikk på bilda for å komme direkte til innlegga. 👌 

BLOMSTERKASSE med hjul! Denne blomsterkassen blei jo og fronta i Aftenposten i 2015.

SAMSUNG CSC

SERVERINGSBRETT – blei ein stor slager til jul!

KAY BOJESEN APE  Denne har eg fått fleire spørsmål på om eg kan hekle på bestilling, men eg har sagt nei. Det tok så lang tid, og eg knota så at det gidder eg nok ikkje gjere igjen. Hekling er ikkje “min ting”, men noko eg gjer når eg finner på det 😅

Så kunne du tenkt deg å prøve nåke av desse prosjekta? Gi meg gjerne ein lyd i kommentarfeltet om du gjer det, så eg kan sjå resultatet! Du kan og tagge meg på instagram @ida.rossland 👌 

Følg meg gjerne på Facebook: Idarossland.blogg.no

 

#diy #hobby #kreativ #gjørdetselv #hjemmelaget #heimelaga #ape #bygg #blomster #blomsterkasse #interiør

Strikketips

No er det ikkje mange mnd sidan eg tok opp strikking litt for alvor. Eg har hatt både eit og to strikkeprosjekt om gangen, og garnlageret minkar i rekordfart. Det er jo litt av grunnen til at eg har strikka så mykje og, eg har tydligvis “shopstop” på garn. Det har holdt sånn halveis. Men så lenge garnet ikkje ein gang er innom garnlageret før det blir brukt opp, så må det vel være greit. Eller ka? 😅🙈

Her kjem i alle fall nokon strikketips eg har notert meg. Har du nåken å tilføye blir eg veldig glad om du skrive dei i kommentarfeltet mitt 😊

✖️ Bruk Instagram! Det er her eg finner alt eg har lyst til å strikke. Det finnes så utrulig mange flinke stikkere der ute som viser fram, svare og hjelper på det du måtte lure på.

✖️ Bruk strikkekalkulator til å regne ut aukinger og fellinger. På pc så bruker eg denne sidamen på telefonen har eg no lasta ned ein app. 

✖️ Strikk ferdig eit prosjekt, før du starter på eit nytt. Dette tipset er jo egentlig bare svada, for det fungerer aldri i praksis. Men i teorien så bør du altså ikkje ha så alt for mange prosjekt om gangen. Monter det gjerne og fest tråder før du legg det vekk. 

✖️ Skriv opp kva pinne og garn du bruker til dei forskjellige prosjekta. Eg bruker bloggen til dette. Det er så mykje enklare å gå tilbake om ein lurer.

✖️ Bruk liten rundpinne (20 og 30 cm) på armar, vottar og sokkar. Det er litt knotete i begynnelsen, men så går det som ein leik. 

✖️ Bruk Youtube eller google for hjelp. Garnstudio har og mange gode videoar som viser ulike teknikkar trinn for trinn. 

✖️ Skriv opp det du har lyst å strikke, eller ta print screen på mobilen. Eg har ei eiga mappe til sptrikkeprosjekt på telefonen. 

#strikketips #tips #diy #strikk #kreativ #hobby #hjemmelaget #heimelaga #gjørdetselv #strikking #design

 

Hundepassere

I helga har vi vært så heldige å få passe på to nydelig fine hundar. Eit vennepar av oss var på reis, og vi sa ja til å være hundeeigere. Nydelige hundar, lydige og fine, så det var heldigvis ingen problem å ha dei i hus.😊

Vi hadde ein liten plan om at dei ikkje skulle opp i sofaen, som dåke ser så gjekk ikkje det som planlagt. Det gjekk nøyaktig 4 minutt så var dei i sofaen. 😅 Jaja, koselig var det i alle fall. Var sikkert vanskelig å avvenne dei til den uvanen når dei kom heim 🙈

Så om vi fekk meir lyst på hund etter helga? Ja vi fekk jo det, men den friheten vi har til å reise kortid vi vil uten å måtte planlegge nåke som helst er veldig deilig 😊

#hund #hverdag #dyr #staff

Tips til enkel heimelaga påskepynt! 🐥

No nærmar påsken seg med stormskritt, og det er vel mange som skal på hytta og slikke sol kan eg tenke meg. Sjølv veit eg enda ikkje kva eg skal i påsken, og det går egentlig heilt fint det og, får ta det litt som det kjem. 🐥 Påsken er i alle fall mykje fritid, så derfor kan det jo være kjekt å kunne være litt kreativ, eller ka? Her kjem i alle fall tre enkle oppskrifter på heimelaga påskepynt som du kan lage med familien, venner eller barna. Klikk på teksten for å komme inn på oppskrift på kvart prosjekt 😊  

🐥 –> Hekla påskekylling <–🐥

SAMSUNG CSC

🐥 –> Påskehare til blomsten <– 🐥

SAMSUNG CSC

🐥 –> PomPom Kyllinger <–🐥

SAMSUNG CSC

Sei gjerne i frå om du velger å lage påskepynt sjølv då 🐥

 

#diy #heimelaga #hjemmelaget #kreativ #hobby #påske #påsken #interiør 

Vottestrikk

Før jul blei eg hekta på vottestrikk med Mariusmønster! 🇳 Eg hadde mykje garn som skulle brukast opp, og slik blei det til at det låg fleire par med vottar under juletrea rundtomkring😊

Eg har fortsatt nokon vottar som ligg å ventar på den rette eigaren. Idag fekk eg levert eit par til ein Amerikaner, og han blei superglad for dei. 👌 Her oppe i Trøndelag et det nemlig ikkje tegn til vår enda.. Snøen og isen ligg godt på veien og bakkane enda..❄

Alle desse vottane er strikka med forskjellig garn.

Eg likar best å bruke Drops Alaska når eg tovar, då blir ikkje produktet så hardt og stivt som med feks Cortina eller Fritidsgarn. 😊

 

Strikkar på pinne 5 og tovar fuktig i tørketrommel med eit handkle.

Oppskrifta er gratis og du finn den Her 😊

Er eg virkelig den einaste?

Idag har vi virkelig hatt storreingjering her heime. Kjøkkenet var strøkent og eg begynte på middagen vi skal ha i kveld. Eg åpna skapet og leita meg i hjel etter dei riktige kryddersmaker eg skulle ha… Det var vel då eg fann ikkje mindre enn 5(!) kvitløkskrydder og 4(!) kanelkrydder at eg innsåg at eg burde ta ein opprydding… Er eg virkelig den einaste som har det slik i krydderskapet..?😅🙈

Alt krydderet måtte ut på disken og sorterast.. Vel, det var ganske mange av kryddera eg hadde minst to av 🙄 Dessuten såg eg at ein del av kryddera hadde eg jo aldri brukt.. så eg brukte taktikken «kast alt som et utgått på dato». Og vipps så fekk eg orden på livet (krydderskapet) igjen 😃

Så eg lure jo då på om eg er den einaste som har det slik? Er du og litt «avhengig» av å handle krydder? 😅 Eg satser på at det er heilt normalt, og at skapet sikkert blir fylt opp igjen snart..😂