Flotta oss i Frankrike

Hallo ja, no er eg seint ute her? Men så lenge eg får det ut før eit nytt år, så burde det vel være innafor? Kvardagen er travel, og vi har gjort mykje siden mai. Så får vi sjå om eg får delt litt av det her. 🙂


I slutten av Mai var vi på familietur til Frankrike med familien til Vegard. Ein etterlengta tur til varmen før sommaren i Norge sto for tur.

Vi fløy til Nice og hadde leigd hus i ein by som heiter Lourges, ca 1,5 t i fra Nice. Heilt supert egentlig, å sleppe storbylivet, hotell, sand og andre turistar på ferie.

Lourges er ein kommune/by som ligg i Var-området i Côte d’Azur-regionen i sørøst i Frankrike. Byen ligg midt mellom mange vingårdar og oliventrer så langt auga kan sjå. Lourges var og sentrum i regionen under Middelalderen, nåke vi kunne sjå på ein del av bygningane rundt.

Vi var innom Château Sainte Roseline, som var ein gammalt vinslott der dei produserer eigen kvit-, raud- og rosèvin.

 

Kvar tirsdag er det eit stort marked midt i byen. Då stengte dei av gatene for biltrafikk og ein haug av boder poppa opp langs veien.  Her solgte dei alt i frå kjolar og vesker til antikke møblar, sko, fersk fisk, kjøtt, frukt, grønsaker og mykje anna. Det var tydelig at markedet var veldig populært i byen, då det var stappfullt heile tida når vi var der. Om eg ikkje husker heilt feil så startar det kl 08:00 og dei er pakka ned kl 13:00. Markedet reiste vidare til neste by, og slik holdt dei på gjennom året.

 

Her er fra hovedgata i Lourges. Det var så flotte bygningar i heile byen.

Vi var og ein tur til Sainte Maxime, som er ein liten time i bil i fra Lourges. Her fekk vi kjenne litt på kysten og sjølufta. Ete litt sjømat og sjølvsagt gå gjennom alle dei koselige gatene vi fant.

Her er det og fleire små marked i løpet av veka, men det største, Place Jean Mermoz, er på fredagane. Det var sjølvsagt siesta når vi var der, så det fekk vi ikkje med oss..

Ein nydelig liten butikk som ligg i St.Maxime. Anbefales!

Etter ei veke i Lourges blei Silje, Morten, Vegard og eg igjen i Nice for nåken dagar med storbyferie. Det var godt å sjå stranda igjen etter ei veke i innlandet. Men det var ikkje fristande å legge seg ned, vi var på storbyferie ikkje på sydenferie 😅

Første måltidet i Nice inntok vi på ein av dei finare strandrestaurantane. Gutane kunne nok ha ete her kvar dag, men då måtte vi damene sette foten ned. 😅

Promenaden i Nice!

Det blei ein del shopping på denne turen, og då passa det heilt perfekt at eg og Vegard hadde hotellrom sånn ca 50 meter i frå Place Massena. Vi budde på eit lite hotell som heite Boutique Hotel Neptune Nice. Heilt ok om du ønsker å bu relativt billig og sentrumsnært. Trur det var 12 rom på heile hotellet, så ikkje nåke store greiene.

Brannalarmen gjekk faktisk den eine morgonen kl 06:30, og då var det ingen i resepsjonen. Vel, heldigvis var vi to handlekraftige damer der som prøvde alt for å få stoppa den. Sånn siden det var falsk alarm. Og treng du ein utfordring i kvardagen? Prøv å ring til brannvesenet i ein av Frankrikets største turistbyar og informer om at det er ein falsk brannalarm som går og vi får den ikkje av. I dare you. Hadde det vært ein ekte brann så hadde store deler av bygget vært nedbrent før brannsentralen hadde klart å funne ein “tolk” som har kjøpt engelskkurs på Google Translate 😅  Vel dette er Frankrike i eit nøtteskall, please lær dåke engelsk… 🙃

Sånn utenom å snakke med brannvesenet så åt vi mykje god mat og bare vandra i byen og var tilstede. Veldig avslappande å ikkje farte rundtomkring på alle mulighe turistattraksjonar! Her hadde vi ein bedre tre-retters på ein fin restaurant som heiter Citrus, virkelig å anbefale!

Nice var fint, det var kjekt å få litt avslappingsferie også byferie etterpå. Det er mykje vi ikkje har sett eller opplevd i byen, så her kjem vi nok til å ta turen fleire ganger. Skikkelig avslappande 😊