DIY: Lettstrikka restegarnslue

God fredag folkens! Det er vel kanskje ikkje alle som er ferdige med julegåvene enda? Føle du at du begynne å få dårlig tid om du skal lage noko sjølv? Då kan eg anbefale deg å strikke ei hue! Det er absolut nåke dei aller fleste treng og brukar no framøve i kulden. Og det beste av alt, du treng ikkje bruke mange kveldane før du er ferdig med ei. 😊


Nåke så enkelt som ei oppskrift på ei heilt enkel hue har eg ikkje klart å funne fram enda. Eg likar godt å ha oppskrift å følge når eg strikkar, siden eg har gått på nåken bommertar…Så her kjem rett og slett ei super enkel oppskrift på ei strikkahue til voksne og store barn 🙂 

Slik gjer du:

  • Legg på 100 masker på pinne 3.
  • Strikk vrangbord, 1 r og 1 vr, i ca 12 runder.
  • Bytt til pinne 3,5 og strikk rundt i 18 cm. Det er her du kan bytte på fargane om du ønsker. 
  • Start felling. Fell slik: strikk 8 rett, 2 sammen, 8 rett runden ut. Strikk neste omgang rett. Fell på neste omgang. 7 rett, 2 sammen runden ut. Neste mogang rett. Fortsett slik med 6-5-4-3 masker mellom kvar felling til det er 18 masker igjen, snurp sammen!
  • Lag gjerne ein dusk om du vil. Sjå korleis HER.

Bruk akkurat dei fargane du har tilgjengelig! Eg gjekk for ei Mariusinspirert hue og nåken skikkelige “gladhuer”. På den måten brukte eg og opp ein del av det sprekaste garnet mitt som eg kun hadde eit nøste av kvar farge. 🙂 

#diy #strikk #kreativ #hobby #restegarn #hue #lue #strikke #hobbygruppa #diymagasinet

#rom123 #smartgarn #sandnes #sandnesgarn  #heimelaga #hjemmelaget  #lettstrikket #lettstrikkerlue #lettstrikka  #lettastrikkahue

Pynter du til jul no? 🎄

Reklame | Lunehjem.no

No er det ikkje lenge før vi så smått må begynne å pynte til jul. Nåken har kanskje allerede begynt, og nåken nekter å ta fram juletreet før 23.12. Og uansett kva ein velger, så er alt like greit. Vi her i huset har dei siste åra valgt å ta fram juletre første helga i desember. Årsaken til det er ganske enkel, vi reiser alltid heim til vestlandet til jul og vil gjerne ha litt julepynta hus før det. 😊

Adventstake Karen Blixen – Adventskalender i lakris – Julestjerne rød – Julestjerne svart – Julestjerne blå – Julestjerne gull – Lerkekvist m/kongler – Kristorn m/bær – Kähler Nobili hengelysestake – Ledning – Pære tilpasset papirstjerner

Sjå kor mykje fint LuneHjem har inne no då! Her finn ein alt ein treng for å pynte opp i heimen. Sjekk dei kule bilane, dei er absolutt ein hit år etter år. Og alt av falske granbar og slikt kan eg virkelig anbefale, så lenge det er i frå leverandøren Mr.Plant. Det ser virkelig ekte ut, og eg er kresen.. :p

Sort bil – Hvit bil – Julenisse Nissemor Duftlys – Bordpeis – Engel – Lakris – Girlander – Kvist

Det finnes jo og så ekstremt mykje fint til juletreet og! Eg har jo sjølvsagt igjen handla litt… V er foreløblig lykkelig uviten, så det gjelder å snike det fram uten at han merker det.. 😅 I år kjem juletreet vårt til å ha godt med pynt på altså! Men det er jo så fint, så det gjer vel absolutt ingenting 🎄🎄🎄 Bare sjå på denne kule pynten her då : 

– Juletrepynt HER –

 

#juletre #jul #pynt #dekor #diy #kreativ #interiør #interior #shopping 

Austrått

Det er trollskt og nesten litt skummelt å gå her ein regntung og sein haustdag…

Bare tenk på historiane desse veggane har….

og kor mykje desse trefigurane har sett..

   

Eit fantastisk handarbeid, og heldigvis godt bevart..

#austrått #ørland #mittørland #mittorland #natur #bilder #sorthvitt #picture

DIY: Tirilgenser med ein vri

Tirilgenseren min har vore ferdig lenge, og den er allerede godt brukt. Eg har notert ned litt på korleis eg gjorde det, så eg har det klart til neste gang eg skal strikke ein. Men håpar og det kan være til hjelp for dåke som er innom her. 🙂 Eg strikka genseren i str medium, men med armar i str xl. Armane i oppskrifta skal være veldig smale, så eg er glad eg strikka dei i xl. Til vanlig bruker eg L i genser og denne genseren blei ca 110 cm i overvidde. Oppskrifta kan kjøpast hos Sandnes her, eller du kan spør ein venn som allerede har den om å få låne 🙂

Du treng:

  • Pinnar: rundpinne 6, liten og stor. Evt settpinner str 5 for vrangbord.
  • Garn: 6 nøster Drops Air (eg har brukt fargen Jeansblå).
  • Maskemarkører til å dele opp kvar mønsterrapport. 

Slik gjorde eg:

Armer:

  • Legg opp 30 masker på settpinner 5. 
  • Øk to masker på kvar 8 runde. Øk på underside av arm.
  • Øk til totalt 46 masker på pinnane. Strikk til ermet er 34 cm langt. (98 runder og 49 cm totalt.)
  • Fell 12 masker på underside av kvart erme.

Bole:

  • Legg opp 148 masker på rundpinne 5, strikk vrangbord i 4 cm.
  • Bytt til pinne 6 og strikk rettstrikk til arbeidet måler 49 cm.
  • Fell 12 masker på kvar side av bolen. 
  • Sett ermer og bole sammen og gjer klart for raglandfelling med 4 maskemarkører der ermene er satt på.
  • Fell til ragland på kvar side av merket slik: 2 vridd rett og 2 rett sammen. Gjer dette til du har riktig antall masker til å begynne på mønster. 
  • Start mønsterrapport slik at det kjem ein spiss midt på framme. Tell deg bak i mønsteret og start å strikke fra bakside av venstre skulder.
  • Del opp mønsterrapportane med maskemarkørar. Det gjer det lettare å følge med at ein ikkje gjer feil. 
  • Stram til på kvar felling så det ikkje blir for slapt. 
  • Strikk hals med pinne nr 5 i ca 3 cm. Fell passelig stramt av. 

Resultatet er ein ekstremt mjuk og god genser, til ein rimelig penge. Drops Air er og ofte på salg. Eg veit at mai og desember er typiske månadar Drops har salg på garn som inneholder Alpakka 🙂 

 

#diy #kreativ #kreativitet #tirilgenser #tiril #genser #strikking #hobby #hobbyhjørnet #diymagasinet #mote #trend #heimelaga #hjemmelaget #håndarbeid 

Charterfeber vol.1

I sommar blei eg og Vegard enige om at vi kun skulle ta ut 2 veker ferie, og heller spare litt til hausten. For den blir alltid tung, og det er godt å ha nåke å sjå fram til etter ein fin og lang sommar. Vi var litt usikre på kor vi skulle reise, og vingla litt mellom bilferie i Frankrike til byferie, før Vegard bestemte oss for å gå all inn på chartertur til Hellas! haha.. Eg var jo egentlig litt skeptisk til å “sløse” vekk ei ferieveke på ei solseng, men fy søren kor godt det var med den veka i september!

Grunnen til at vi reiste til Rhodos var 1. fordi det gjekk direktefly i frå Værnes på ein lørdag og 2, vi hadde ikkje vært der før. Vi valgte å reise med TUI og er veldig fornøyd med det. Vi budde på Blue Star Atlantica Holiday Village Rhodes, eit nydelig og stort all inclusive hotell som låg ca 30 min fra Rhodos by. Siden vi hadde all inclusive så tenkte vi at det ikkje gjorde nåke som helst at vi budde så langt vekke fra byen, vi skulle jo uansett bare være på hotellet!

Når vi kom til hotellet så blei vi først henta i ein liten golfbil og kjørt til resepsjonen vår. Der fekk vi servert champagne og møtte ei hyggelig dame i frå TUI. Allerede her fekk vi ein god følelse på at dette kom til å bli eit flott opphold. Heile resepsjonen var kledd i marmor, og alt såg og opplevdes generelt litt ekstra allerede då.

Nydelig “sydensolnedgang” 😀

Vegard var overbevist om at eg måtte ha ein flamingo.. Så ja.. Dette er kanskje det dummeste badedyret som er laga.. Heilt ubrukelig, ein kan verken sitte eller ligge godt på den.. Og viss du finne ein ok stilling, ja då dette du av med ein gang. Men den er vel kul på bilder då? Kanskje derfor alle kjøper slik? Vel, neste gang skal eg ha ein god gammeldags badering! 😂

Fint hotellområde, eller ka? Skal sjå om eg får delt nåken bilder i frå sjølve Rhodos by, for det overraska! 🙂

#ferie #rhodos #hellas #syden #charterfeber #chartertur #sommerferie #tui 

Nok ein kulinarisk aften

Vi var heime på Vestlandet ein kjapp tur i helga. Det er alltid deilig å komme heim, men nåke av det beste må være maten mesterhobbykokken pappa serverer 😍 Altså sjå dette her då, ein kunne jo ikkje fått det bedre på restaurant. Vi fekk servert gratinert sjøkreps, lammecarré og sjokoladefondant. 😋

Ein blir jo etterkvart ganske bortskjemt når det gjeld mat når dette er standarden. Å ete ute på restaurant er ikkje det samme, og eg er veldig forsiktig med kva eg bestiller så eg ikkje skal bli skuffa 🙈 kan ikke alle bare steike kjøtt perfekt då..🙄

Såg det liiiiittt fristande ut eller?😁