DIY: Tirilgenser med ein vri

Tirilgenseren min har vore ferdig lenge, og den er allerede godt brukt. Eg har notert ned litt på korleis eg gjorde det, så eg har det klart til neste gang eg skal strikke ein. Men håpar og det kan være til hjelp for dåke som er innom her. 🙂 Eg strikka genseren i str medium, men med armar i str xl. Armane i oppskrifta skal være veldig smale, så eg er glad eg strikka dei i xl. Til vanlig bruker eg L i genser og denne genseren blei ca 110 cm i overvidde. Oppskrifta kan kjøpast hos Sandnes her, eller du kan spør ein venn som allerede har den om å få låne 🙂

Du treng:

  • Pinnar: rundpinne 6, liten og stor. Evt settpinner str 5 for vrangbord.
  • Garn: 6 nøster Drops Air (eg har brukt fargen Jeansblå).
  • Maskemarkører til å dele opp kvar mønsterrapport. 

Slik gjorde eg:

Armer:

  • Legg opp 30 masker på settpinner 5. 
  • Øk to masker på kvar 8 runde. Øk på underside av arm.
  • Øk til totalt 46 masker på pinnane. Strikk til ermet er 34 cm langt. (98 runder og 49 cm totalt.)
  • Fell 12 masker på underside av kvart erme.

Bole:

  • Legg opp 148 masker på rundpinne 5, strikk vrangbord i 4 cm.
  • Bytt til pinne 6 og strikk rettstrikk til arbeidet måler 49 cm.
  • Fell 12 masker på kvar side av bolen. 
  • Sett ermer og bole sammen og gjer klart for raglandfelling med 4 maskemarkører der ermene er satt på.
  • Fell til ragland på kvar side av merket slik: 2 vridd rett og 2 rett sammen. Gjer dette til du har riktig antall masker til å begynne på mønster. 
  • Start mønsterrapport slik at det kjem ein spiss midt på framme. Tell deg bak i mønsteret og start å strikke fra bakside av venstre skulder.
  • Del opp mønsterrapportane med maskemarkørar. Det gjer det lettare å følge med at ein ikkje gjer feil. 
  • Stram til på kvar felling så det ikkje blir for slapt. 
  • Strikk hals med pinne nr 5 i ca 3 cm. Fell passelig stramt av. 

Resultatet er ein ekstremt mjuk og god genser, til ein rimelig penge. Drops Air er og ofte på salg. Eg veit at mai og desember er typiske månadar Drops har salg på garn som inneholder Alpakka 🙂 

 

#diy #kreativ #kreativitet #tirilgenser #tiril #genser #strikking #hobby #hobbyhjørnet #diymagasinet #mote #trend #heimelaga #hjemmelaget #håndarbeid 

8 kommentarer

Siste innlegg