Forrige lørdag var eg på babyshower til ei venninne, og det var faktisk akkurat så vi ikkje rakk det. For søndagen, dagen etter, kom gutten til verden! <3 Her er nåke eg har strikka den seinaste tida til han. Eg har forstått at det er rompere og jakker som er det store til babyer, så eg valgte å gå for det kontra genser og bukse 🙂
Go`klumpen jakke fra Klompelome – Drops baby merino – Pinne 3 – knappar HER
Romper fra Klompelompe – Drops merino extra fine – pinne 3,5. – Band laga på strikkemølle kjøpt HER
Lillebrorsromper fra PetiteKnit – Drops Nepal – Pinne 5 – knappar HER
Rask Rillepixielue fra TusenMasker – Drops Nepal – Pinne 4 og 5.
Vaniljekjeks, ein superenkel basekjeks som kan dekorerast akkurat slik som ein ønsker. No til nasjonaldagen kan det jo være artig å pynte bordet med flagg, kanskje ein kjeks på kvar tallerken? Her er det bare fantasien som setter grenser.
Bland sammen smør og sukker i kjøkkenmaskinen til det blir mjukt og kvitt. Bruk eit K-element, og ikkje visp.
Bland inn egg og rør forsiktig.
Sikt inn kveitemjøl og vaniljesukker
Bland deigen til ein fast klump, så er den klar.
Sett den i kjøleskapet i rundt ein time for kjøling. Den blir lettere å arbeide med.
Kjevle deigen ca 5mm tjukk, og bruk mjøl om den heng fast i kjøkkenbenken.
Skjær ut flagg og plasser på eit steikebrett. Bruk gjerne linjal for å få dei litt finare enn mine.. Sett brettet i kjøleskap i ca 10 min før steiking, då unngår du at kjeksa mister fasongen sin under steiking.
Steik på 180 grader i 8-10 min, eller til dei er klare og gyldne i kanten.
Avkjøl kjeksa heilt før pynting.
Til pynt bruker eg royal icing:
500g melis
2 eggekviter
2 ts sitronsaft
Slik gjer du:
Sikt melisen i ein bolle og tilsett eggekvite og sitron. Bland godt sammen.
For å lage ytterkanten/konturene av flagget bruker du denne icingen, men for å fylle inn kan det være lurt å ha ein litt meir rennande icing. Du kan derfor tilsette litt vatn eller konditorfarge for å få den meir flytande.
Bruk sprøyteposer eller plastposer til å få icingen på kjeksa.