Vegard sitte i sofaen å spele playstation og ser bort på meg; “du Ida, veit du ka som hadde vore digg no? Nåke snacks, kaka eller nåke sjokoladegreie!” Eg var egentlig heilt enig med han, og googla meg fram til ei enkel oppskrift på banancookies med ein vri! Oppskrifta fann eg her
Eg har sydd meg ei superenkel veske! Den er som eit nett, men eg valgte å bruke skinnimitasjonsstoff så den ser litt skikkeligere ut enn eit nett. Og det beste av alt? Heile veska kom på den nette sum av 54,95 kr!! Er det mulig!
Dette treng du:
Skinnstoff, eller anna stoff. Eg kjøpte 55 cm så hadde eg litt ekstra på bredden. På eit stykke med 55 cm så fekk eg ei veske i bredden. Lengden på stoffet er 135 cm.
Symaskin
Møbel- eller jeanstråd.
Saks
Slik gjer du:
Klipp ut alle delane. Eg var litt usikker på kor stor veska skulle være, men eg brukte eit passepatur som måler 50 x 40 til å tegne opp der eg skulle sy. Husk 2 cm sømmonn. Så delen du klipper ut må være minimum 52 x 42 cm.
Hanken er 85x 12 cm
Skøyt hanken om du ikkje har nok stoff til å klippe ut heile lengden.
Legg hanken rette mot rette på langs og sy ein lang “tube”. Vreng den.
Sy veska på langsider og bunn. Klipp
For å sy bunn i veska bretter eg den inn slik at bunnen vises. Tegn ein strek 4 cm fra enden og sy over. Kor langt inn du velger å ha streken avhenger av kor stor bunnen blir.
Klipp av der du har sydd, og vreng. Ønsker du å ha bunnen enda større syr du bare litt lenger inn.
Vreng tilbake og brett ned kanten ved åpningen. Her kan du justere å sjå kor lang du vil ha veska. Kanten min er ca 3,5 cm, altså har eg bretta 7 cm stoff inn. ( Neste gang vil eg sy handtaka på i samme sleng som eg syr bretten. Då slepp eg å få dobbel søm rundt kanten. )
Sy langs kanten.
No skal du sy på handtaka. Dei plasserte eg 6 cm i frå sidesaumen. Sy rundt og i kryss.
Kanskje eg skal sy to saumar langs skulderreima, slik at den blir “flatare”.
Under er det steg for steg bilder:
Her har eg tegna opp korleis stoffbitane skal bli klipt ut av stofflengda. Bredden på stoffet er 55 cm og lengden er 135cm 🙂 Husk sømmonn!
På mandag har eg vært godterifri i to veker! Det er klart suget etter nåke snop er der, men ikkje på samme måte som før. Så forrige helg fant eg ut at eg skulle lage noko godt, men sukkerfritt! Og det er faktisk nydelig godt, i alle fall for meg som elskar gele..Eg anbefaler å lage geleen ein dag før du skal ete den, så du er sikker på at den blir stiv 🙂
Du treng:
3 dl Funsaft (eller anna sukkerfri saft)
7 dl kaldt vatn
10 plater gelantin (1 pk)
Slik gjer du:
Legg platene med gelantin i kaldt vatn i ca 5 min, til dei blir mjuke.
Varm opp 7 dl kaldt vatn og saft i ei panne.
Når gelantinplatene er mjuke, press vatnet utav dei og rør dei inn i saftblandinga.
Hell geleen i skåler og la den avkjøle til den er stiv.
Vil du ha den litt sterkare tar du bare meir saft og mindre vatn i 🙂
Eg har laga meg ein drømmefanger. Det var egentlig veldig enkelt, alt du treng er litt tålmodighet (om du gjer det på samme måte som meg).. Denne er faktisk den einaste interiørdetaljen eg har som er svart, og eg synes faktisk den passer godt inn likevell. Kanskje det blir meir svarte detaljer rundtom..? 🙂
Du treng:
1 broderingsring (kjøpt på Ebay, der var den mykje billigare enn her heime)
bommulstråd
perler
fjær
superlim
Slik gjer du det:
Start bare ved å lime fast eine enden på tråden i ringen og surr tett rundt heile. Dette tar tid…
Litt detaljer fra stova vår. Resten av den ser desverre ikkje ut no, da vi har folk som fikser terrassen og alle hagemøbler og grill står i stova…Men det blir vel altid verre før det blir bedre 🙂
Say Blue kolleksjonen til Gina Tricot er inspirert av slengbukser i denim og lause klassiske plagg. litt 70´s/ romantikk wibes. Eg har vurdert å kjøpa ei slengbukse lenge no, men har aldri komt så langt. Har vært litt usikker på korleis eg skulle brukt den, men sannheten er jo at den kan brukast til alt! Samme med jeansskjørt. Eg gjekk egentlig mykje med det før når eg var mindre, men så forsvant det vel fra motebildet/butikkane. Så endelig er det komt tilbake i butikkane, og eg kan endelig finne det perfekte skjørtet. Nei, eg er i alle fall fan av den avslappa stilen som er komt no 🙂
Her kan du og sjå nåken av antrekka i musikkvideoen til tvillingduoen Say Lou Lou. (Sponset innlegg)
Dagen idag har vore super! Eg starta den med ein bedre lunch i byen med ei veninne. Sola steikte og det var eit fantastisk folkeliv i sentrum. Då eg kom meg heim igjen rydda og vaska vi leiligheten før vi no har sunke ned i sofaen til ein film 🙂 Vegard har laga enchiladas! Det blir nok ein tidlig kveld, vi skal jo tidlig opp i måro å gå i dyreparken! 😀
For ein nydelig dag! No skulle eg ønska eg kunne lagt meg ut på terrassen å nytt solo, men siden dei fortsatt ikkje er ferdig å fiksa den så kan eg ikkje det.. Idag begynne forresten bursdagshelgo mi! Og på søndag skal vi ein tur i dyreparken, å så eg gler meg!
Eg har hekla ei søt lita babyjakke! Det er ingen som har fått den enda, men den var kjekk å prøve seg på. Den var egentlig veldig enkelt å hekle, så dette er nåke alle kan prøve seg på 🙂 Lengre nede ligger det og ein link til video på korleis ein skal gjere det! Eg har brukt Drops Baby Merino tråd og pinne nr 4.
Runde 1: 3 lm, 3 stavmasker, 2 lm til du har 6 grupper med stavmasker. Fest sammen til ein ring.
Runde 2: 3 lm, 3 stavmasker, 2 lm, 3 stavmasker, 2 lm i samme hull, 1 lm mellom. Fortsett ut ringen.
Runde 3 og utover: 3 lm, stavmasker, 2 lm, 3 stavmasker, 2 lm i samme hull som det var 2 sett med stavmasker i, i forrige runde. 1 lm mellom. Ha 3 stavmasker mellom stavmaskepar på hjørnene. Fortsett ut ringen. Ega har hekla 11 rundar.
For ein nydelig dag! Eller, foruten om at eg har levd på paracet og ibux då…tett i håve.. Uansett, idag har eg faktisk vært på eit intervju hos eit bemanningsbyrå, så no håper eg det løsner seg for meg med arbeid 🙂 Etter intervjuet kjøpte eg med meg sushi og for opp til Linn og Anette og la meg ute i sola! Etter arbeid kom Vegard og, så nøyt vi ein bedre grillmiddag i solo. Ein nydelig dag med andre ord! 🙂