Årets første

Eg har hatt fri idag, og etter å ha sete inne heile dagen å sett på den blå himmelen ute sendte eg melding til V om han ville være med på skitur når han kom heim. 😊 Heldigvis ville han det og vi heiv oss i bilen og kjørte innover mot ein plass som heiter Litj-Gjølga. Ja, eg veit.. Navnet er veldig trøndersk og nesten umulig å uttale for ein som ikkje er fødd her oppe 😅

Det var nydelige forhold og ein veldig fin dag for første skitur. ❄ Det beste av alt var vel at vi nesten var aleine i løypa og det tok kun 20 min å kjøre heime i frå. Så her er det absolutt mulighet for å reise tilbake fleire ettermiddagar 😊

Og ja, nåken tok seg litt meir ut enn andre.. V gjekk vel 5 rundar på den tida eg gjekk 3. 😅 Men her er det viktigaste å ikkje bli lei og hate å ha skia på beina framøve 😎

Ha ein fortsatt fin mandagskveld!😁

Mariusgenser med rundfelling til voksen

Dette må eg vel kalle tidenes ufo-prosjekt.. Ein genser er starta på i Arizona i fjor jul, men som eg ikkje fekk gjort ferdig før no. 😅 Eller det er jo egentlig ikkje lang tid, men eg la jo genseren vekk når det var 10cm igjen på den.. Så egentlig kunne den vært ferdig før vi reiste heim fra Florida, men den gang ei. Den blei ferdig no i romjula og den passa overraskande bra 😄

Meget fornøyd med min første egostrikk med mønster! 👏

Tips:

Genseren er strikka i str Small herre med rundfelling.

Drops Karisma garn.

Strikka på pinne 3.

Halsåpningen felte eg ned til 100 masker før eg strikka hals. Då blei den tettare rundt halsen.

No står mannen sin genser for tur.. Eg begynte egentlig å strikke genser til han først, men den blei aaaaaalt for stor.. Så då mista eg motivasjonen, siden eg måtte rekke den opp igjen to ganger…😩 No går eg snart på med ny giv, så får kanskje mannen ny genser til neste jul 😎😄

#mariusgenser #strikk #marius #hobbygruppa #byidarossland #diy #kreativ #diymagasinet #hjemmelaget #gjørdetselv #heimelaga #hobby

Eit lite hei!

Hei og hå! 😄 Nytt år og nye muligheter, eller kva? Den siste veka etter at vi kom opp til Trøndelag igjen, så har vi ikkje gjort så mykje meir enn å pakka ut, rydda, kom tilbake til rutiner og blitt sjuk. Eller V har vært sjuk og eg har klart meg (bank i bordet!). 😅 Vi snøa inne i helga som var då uværet Cora var på besøk. Vi har derfor fått eit nydelig vinterlandskap her oppe, og det er så lyst og fint! Bare sjå her då! 😍

Eg har og fått levert tilbake lånetelefonen og kjøpt meg ein splitter ny IPhone X 😁 Eg var så fornøyd at smilet nesten gjekk rundt i går. Kameraet er heilt utrulig.. desse bildene her er tatt mens eg gjekk til jobb, fantastisk!✨

Ellers går dagane til jobb og kvardagsrutiner. Litt hobbyprosjekt har eg og sjølvsagt. Planen min er nemlig å slanke garnlageret mitt betraktelig dette året. Eg har kome ganske langt og skal vise dåke nåken ferdige prosjekt snart 😊