Lettstrikka pannebånd

Eg har aldri budd på ein plass med så mykje vind som her på Ørlandet.  Det blåser nesten konstant her oppe, og det merkes når ein er ute å går. Eg har funne ut at eg har meir enn nok av huer, men når eg går med håret i strikk har eg større behov for eit pannebånd som ikkje er i veien. Eg prøvde meg litt fram og kom fram til denne enkle oppskrifta her 😊  Mønsteret kan du jo variert sjølv, men eg har valgt dobbel og enkel perlestrikk her 😊  Lykke til!

 

Du treng:

  • Pinner str 5
  • Garn som passar til pinnestr. Eg brukte dobbel tråd av Sandnes Merinoull, ein tråd som egentlig skal strikkast på pinne 3,5

 

Dobbel perlestrikk:

Slik gjer du:

  • Legg opp 18 eller 20 masker
  • Strikk perlestrikk fram og tilbake til arbeidet måler 36-40 cm eller ønska lengde.
  • Fell av i perlestrikk og sy sammen endane med maskesting.

Dobbel perlestrikk strikkar du slik:

  • 1.pinne: strikk 2 rett, 2 vrang ut pinnen
  • 2.pinne: strikk rett over rett og vrang over vrang
  • 3.pinne: strikk vrang over rett og rett over vrang
  • 4.pinne: strikk likt som du gjorde på 3 pinne. 
  • Gjenta pinne 1-4 til du får ønska lengde.

 

Enkel perlestrikk:

Slik gjer du:

  • Legg opp 17 eller 19 masker. Då får du starte kvar omgang med ei rett maske.
  • Strikk perlestrikk fram og tilbake til arbeidet måler 36-40 cm eller ønska lengde.
  • Fell av i perlestrikk og sy sammen endane med maskesting.

Slik strikkar du enkel perlestrikk:

  • 1.pinne: strikk 1 rett, 1 vrang ut pinnen
  • 2.pinne: strikk rett over vrang og vrang over rett.
  • Gjenta pinne 1 og 2 til du får ønska lengde.

 

Voila, fiks ferdige kjappstrikka pannebånd klare til bruk 😊  Link gjerne til bloggen min om du velger p bruke oppskrifta mi 😊

#diy #byidarossland #kreativ #strikk #strikke #oppskrift #hjemmelaget #hobby #Gjørdetselv #gratis #kjappstrikk #panneband #pannebånd #luestrikk

Skitur til Olavsbu

Forrige to helger siden spurte Linda og Eirik om vi ville være med på ein liten skitur med pølsegrilling og kos. Vi hadde egentlig planlagt at vi sku på skitur uansett, så dette blei vi jo sjølvsagt med på. 😊 Været var heilt perfekt, med litt Fosen-vind og minusgrader på slutten av dagen. 😅

Vi kjørte til ein plass som heiter Litj-Gjølga og parkerte. Her spente vi på oss skia og gjekk innøve og oppøve i skogen. Det var absolutt ikkje nåke lang tur, og i så fine løyper og vær så var vi plutselig framme. Bålkos og godt selskap👌

Tenk at vi har slike områder kun ein liten halvtime unna her vi bur. Fantastisk! 💙

Godt med litt kvalitetstid igjen 💛

Ein nydelig dag, som blei avslutta med ein kjekk kveld og god middag heime hos Eirik og Linda 😊👌

Lørdagsstrikk og OL

Idag kjeme vi til å få mykje ut av dagen! Vi sto opp kl 8 til 15 km langrenn, og valgte då å ikkje gå å legge oss igjen etterpå. Lite søvn i natt, men det får heller gå 😊 Ikveld skal vi til eit vennepar på middag, men før det har vi ingen planar.

Tidligare i veka starta eg på denne buksa fra Klompelompe, og planen er at den skal bli ferdig i løpet av helga. Kven den er til anar eg ikkje, eg har bare så mykje garn eg må få brukt opp før eg kan kjøpe meg nytt 😅 Var den ikkje fin? Og ikkje minst veldig lettstrikka 🤗😊

#klompelompe #diy #strikk #babystrikk #kreativ #hobby #barn

Energirike peanut- og valnøttkjeks

Endelig kjem det ei lita kjapp oppskrift som er perfekt i tursekken no i det nydelige vinterværet. 😊 Kjeksa er eit godt alternativ til sunn snacks om du velger ingredienser etter oppskrifta, men det går og fint å lage ein søtare variant ved å bruke vanlig sukker og sirup. Gode og seige blir dei uansett, ein liten ny favoritt på kjøkkenet. Oppskrifta fann eg sjølvsagt hos flinke Linda Stuhaug . 😊

Du treng:

• 100 gr salte peanøtter

• 100 gr valnøtter

• 3 ss sukrin gold (eller anna søtning)

• 1 eggekvite

• 100 g fibersirup clear (eller lys sirup)

Slik gjer du:

1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.

2. Mal nøttene i en kraftig blenar eller foodprosessor.

3. Vend inn resten av ingrediensane.

4. Bruk ei Ts til å forme gode klattar med ts på eit steikebrett med bakepapir. Trykk nåken nøtter for pynt på toppen.

5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist og oppbevar i kakeboks.

Ein kan sjølvsagt bruke akkurat kva type nøtter ein vil, så lenge det blir 200 g totalt. Så her er det bare å prøve seg fram 😊 Lykke til og ha ein fin søndag vidare!