Endelig kjem det ei lita kjapp oppskrift som er perfekt i tursekken no i det nydelige vinterværet. 😊 Kjeksa er eit godt alternativ til sunn snacks om du velger ingredienser etter oppskrifta, men det går og fint å lage ein søtare variant ved å bruke vanlig sukker og sirup. Gode og seige blir dei uansett, ein liten ny favoritt på kjøkkenet. Oppskrifta fann eg sjølvsagt hos flinke Linda Stuhaug . 😊
Du treng:
• 100 gr salte peanøtter
• 100 gr valnøtter
• 3 ss sukrin gold (eller anna søtning)
• 1 eggekvite
• 100 g fibersirup clear (eller lys sirup)
Slik gjer du:
1. Sett ovnen på 180 grader, over-undervarme.
2. Mal nøttene i en kraftig blenar eller foodprosessor.
3. Vend inn resten av ingrediensane.
4. Bruk ei Ts til å forme gode klattar med ts på eit steikebrett med bakepapir. Trykk nåken nøtter for pynt på toppen.
5. Steik midt i ovnen i ca. 12-15 minutt, eller til dei er lett gylne og sprø på utsida. Avkjøl på rist og oppbevar i kakeboks.
Ein kan sjølvsagt bruke akkurat kva type nøtter ein vil, så lenge det blir 200 g totalt. Så her er det bare å prøve seg fram 😊 Lykke til og ha ein fin søndag vidare!
ser godt ut :}
nam nam nam, dette ga meg virkelig vann i munnen. tusen takk for at du delte innlegget.. veldig fin oppskrift
Kan du vær så snill ta en tur innom min blogg? Legge igjen en kommentar?
Så godt ut 😀
De så gode ut da 🙂
De så veldig gode ut 🙂