Halloen ja😅

Oisann.. No var det visst ein liten evighet siden eg har gitt livstegn i frå meg her inne.. Eg trur kanskje ikkje eg har hatt eit så langt opphold i fra bloggen tidligare?🙈

Det er stadig folk innom bloggen, og kanskje spesielt no før jul. Eg ser det går mykje i “lettstrikka pannebånd” og “knutepannebånd“, “babyteppe” og “putetrekk uten glidelås“. Med andre ord blir det nok mange fine heimelaga julegåver under trea i år!

Og ikkje minst takk til alle dåke som er innom. Eg prøver å svare på spørsmål som kjem inn fortløpande, men husk at eg ikkje er profesjonell på verken oppskriftskriving eller slikt, så det kan alltids forekomme feil.. Bloggen kun er ein liten hobby for meg. Send meg gjerne ein melding på enten Facebook eller Instagram om det tar for lang tid før eg svare her inne 😁

Eg håpar eg skal få tid til å dele litt juleinnlegg framøve med dåke, men no for tida står både eg og Vegard med rumpa i været og legg belegningsstein ute i innkjørselen vår. Og det tar tid, mykje tid.. Det er øve 110kvm2 med stein som vi skal legge sjølv. Det går overraskande fort og bra, så vi ser faktisk enden på målet. Snart.. Kanskje…
Som Pippi sa: “Det har vi aldri gjort før, så det klarer vi nok”.😅