Charterfeber vol.1

I sommar blei eg og Vegard enige om at vi kun skulle ta ut 2 veker ferie, og heller spare litt til hausten. For den blir alltid tung, og det er godt å ha nåke å sjå fram til etter ein fin og lang sommar. Vi var litt usikre på kor vi skulle reise, og vingla litt mellom bilferie i Frankrike til byferie, før Vegard bestemte oss for å gå all inn på chartertur til Hellas! haha.. Eg var jo egentlig litt skeptisk til å “sløse” vekk ei ferieveke på ei solseng, men fy søren kor godt det var med den veka i september!

Grunnen til at vi reiste til Rhodos var 1. fordi det gjekk direktefly i frå Værnes på ein lørdag og 2, vi hadde ikkje vært der før. Vi valgte å reise med TUI og er veldig fornøyd med det. Vi budde på Blue Star Atlantica Holiday Village Rhodes, eit nydelig og stort all inclusive hotell som låg ca 30 min fra Rhodos by. Siden vi hadde all inclusive så tenkte vi at det ikkje gjorde nåke som helst at vi budde så langt vekke fra byen, vi skulle jo uansett bare være på hotellet!

Når vi kom til hotellet så blei vi først henta i ein liten golfbil og kjørt til resepsjonen vår. Der fekk vi servert champagne og møtte ei hyggelig dame i frå TUI. Allerede her fekk vi ein god følelse på at dette kom til å bli eit flott opphold. Heile resepsjonen var kledd i marmor, og alt såg og opplevdes generelt litt ekstra allerede då.

Nydelig “sydensolnedgang” 😀

Vegard var overbevist om at eg måtte ha ein flamingo.. Så ja.. Dette er kanskje det dummeste badedyret som er laga.. Heilt ubrukelig, ein kan verken sitte eller ligge godt på den.. Og viss du finne ein ok stilling, ja då dette du av med ein gang. Men den er vel kul på bilder då? Kanskje derfor alle kjøper slik? Vel, neste gang skal eg ha ein god gammeldags badering! 😂

Fint hotellområde, eller ka? Skal sjå om eg får delt nåken bilder i frå sjølve Rhodos by, for det overraska! 🙂

#ferie #rhodos #hellas #syden #charterfeber #chartertur #sommerferie #tui