Lørdag. Rolig start på dagen. Sein frokost. Ahh, perfekt! Etter ein nydelig lørdagsfrokost banka Martin og Helge på døro. Dei hadde fått ein snap fra Vegard av at han trakta kaffi, og tok det som ein invitasjon. Koselig 🙂 No sitte vi å planlegge kvelden, og eg skal lese litt på eksmen. Sjølv om eg har slutta på jobb, så har eg ikkje fri før etter eksamen den 12.mai… Bah.. Eg gruer meg sånn!
Fredag. Siste arbeidsdag på den desidert beste arbeidsplassen i heile verden. Eg har bare vært der i 8 månader, men fy så glad eg har blitt i dei på den korte tida. Miljøet var prega av mange unge, så stemningen var alltid på topp. Håndballag, lønningspils, Hovdentour, Oljestafett osv, det skjedde alltid nåke.
Idag var egentlig ein ganske trist dag, men det er litt godt å kjenne på at ein blir savna. Eg fekk til og med fine presangar idag! Altså, for ein gjeng! To blomsterbukettar, treningstøy, kakestykker i fleng og tidenes gavekort på Klinikk Nova fra Sofie! (ho er gal, og verdens snillaste<3)
Sjå så fine blomar! Tenkt at ein bukett med blomar kan glede så mykje. Har gått med eit stort smil rundt munnen i heile dag 😀
No ventar nye eventyr for meg og Vegard, vi skal nemlig flytte utenlands! Det kjem nok eit innlegg om ikkje så alt for lenge 🙂
Tidligare i veka crava eg fiskegrateng så intenst at eg sto med ein ferdig frossenpakke i handa på Rema100. Eg kom heldigvis til fornuft og kjøpte heller med meg torskefiletar heim, slik at eg kunne lage ein skikkelig heimelagea ein. Det smakar jo bare så mykje bedre! Det fine med denne retten er at ein kan lage den kvelden i forveien, og sette den klar i kjøleskapet. Topp med havregryn og ost før den blir sett i ovenen i ca 15 min. Kjapp middag er jo det beste etter jobb!
Du treng:
5 filetar kokt fisk (eg brukte torsk)
250 gram ukokt makaroni (ein halv pakke)
4 dl melk
Ei klype salt, pepper og malt muskattnøtt
4 ts maisenamjøl
2 eggeplommer
Litt knust havregryn eller griljemel
Litt ost til topping
Slik gjer du:
Kok opp vatn og legg torskefiletane til trekking i ca 15 minutt. Tilsett litt salt. Når filetane er ferdig kokte deler du dei i mindre betar (eg reiv dei i fra kvarandre litt tilfeldig).
Kok makaroni. Her tok eg bare ein ca mengde (halv toroboks) og det passa fint til ei stor ildfast form og mengden med fisk.
Kok opp mjelk og krydder ilag. Rør 4 ts med maisenna ut i 3-4 ss kaldt vatn. Tilsett maisenablandinga forsiktig i mjelka mens den koker. Rør til du får ein tjukk og jevn saus. Sett sausen til sides slik at den ikke kokar, og ha i to eggeplommer. Rør godt.
Bland fisk og saus forsiktig saman, slik at fisken ikkje forsvinn. Ikke bland all sausen inn no, dette for å kunne tilpasse om du får for mykje saus etter eige ønske.
Bland makaroni, fisk, saus ilag i ildfast form. Tilsett gjerne litt grønsaker etter ønske. Eg blanda i litt gulrot og erter. Tilsett resten av sausen om du vil.
Strø litt knust havregeryn over blandinga og topp med litt ost.
Sett forma i ovnen på ca 180-200 grader i ca 15 – 20 min til osten er blitt gylden.
Server med litt grønt, evt potet og litt ketchup 😉
Ser at bildene ikkje blei av verdens beste kvalitet.. Note to self: husk å lade kameraet!
1.-3. april, for ei kjekk helg! Vi var ein gjeng på ca 20 stk fra jobben som hadde meldt oss på årets skiløp på Hovden. Dei fleste skulle gå 22 km også var det ein som heiv seg i gang med 31 km. Spreking.. Etter 100 m såg vi mange utøvera som hadde stoppa langs løypa, og drog fram klisteret. Vi skjønte ganske tidlig at det var det luraste vi og. På med klister, rimelig fornøyde og glade, uten å vite kva vi hadde i vente..
Når vi hadde gått ca 10 km oppover med knall feste, blei snøen iskald og det klabba. Til slutt hadde vi 10 cm snø under skia, alle sammen.. Då er det ikkje nåke spesielt kjekt å gå, så det var nåken som gav seg her. Eg, Sofie og Jardar kjempa oss vidare dei neste 4 km før vi var på toppen, og nedøvebakkane skulle begynne. Her tok eg av all smørninga vi hadde under skia, og kjørte med bare ski. Det gjekk som det suste, og me angra litt på at me ikkje hadde gjort det før.. Men FY så gøy det blei då!
Her kom vi endelig i mål, etter ein evighet på ski! Men med godt humør!
Mine fine, Sofie og Ida <3 På kvelden var det full gang på afterskien på Hovden. For ein fantastisk gjeng eg jobbar med.. Bare dumt eg må slutte..
Rett før påsken strikka eg to par tøfler i tynt godt ullgarn. Desse tøfflane fekk tantene mine i påskepakke, siden dei var så kalde på beina ein kveld dei var på besøk. Dei er svært enkle å lage, og ein tøffel er strikka på ein kvel framfor tv´n. Kanskje eg skal lage nokon i bomull til sommaren no 🙂
Garn: Labbetuss fra Trysil
Pinne nr 3-4
Str 37-39 (40-42)
Legg opp 36 (40) masker og strikk 18 (19) riller. Du har no strikka hælen. Ta maskene over på strømpepinnar , eller ein liten rundpinne, og strikk vidare rundt i ca 31 (33) masker, eller til du er komt til lilletåa. Det gjer ingenting om du legg opp 40 masker på begge størrelsane.
Tåfelling: fordel maskene likt på fire pinnar 9 (10), og strikk to og to masker sammen på kvar side av foten, totalt fire fellingar kvar omgang. Ikkje fell på ytterstre msske, men nummer 2 og 3 sammen. Når du har ca 8 masker igjen drar du tråden gjennom og festar den. Sy igjen tøffelen på hælen.
Voila! Deilige varme tøflfar!
Tøflene er veldig elastiske, så det er ingen problem å justere størrelsen om du har større eller mindre føtter. Du stirkker bare vanlig fram til vetletåa, før du starte fellinga.
Blomkålsalat er egentlig eit nydelig alternativ til feks potetsalat både til grillmat og andre kjøttrettar. Eg hadde denne med meg på tapasaften i påsken, og vil sei den slo godt an 🙂 Det er ingen problem å tilpasse mengde majones og creme fraich, alt etter kor fuktig ein ønsker å ha salaten.