EBay-tips: personlige merkelapper

Eg har lenge brukt merkelapper på det eg gir bort av strikketøy. Det er så praktisk for mottaker å vite garntype, navn, størrelse og ikkje minst vaskeanvisning på plagget dei mottar. No har eg plutselig tatt det til “next level” og kjøpt meg stempel til lappane. Litt rart siden eg ikkje selger det eg strikker, men heilheten aukar jo så mange hakk, og bare sjå kor kult det blir!

STEMPELMERKELAPPSTEMPELPUTE

Eg kjøpte ein haug med merkelappar på eBay HER. Enormt mykje billigare enn på hobbybutikk. 30kr for 100 stk vs 70 kr for 20 stk i butikk.

Det personlige stempelet har eg kjøpt HER.  Kult? Ein kan velge mellom forskjellige motiv og valgfri tekst.

Stempelpute har eg kjøpte på hobbybutikk, men HER finn du eit som er anbefalt.

STEMPELMERKELAPPSTEMPELPUTE

Mine tre mest leste innlegg

Idag tenkte eg at eg skulle dele mine tre mest leste innlegg med dåke! Det er jo ganske tydelig å sjå kva innlegg som fenger mest, og at det var blomsterkassen som var på toppen var ikkje overraskande i det heile. Det er bare veldig kjekt at så mange fant veien inn til det innlegget, og nåken av dåke har jo og laga blomsterkassen sjølv!  Her må det nok meir DIY-innlegg til ja, eg må bare få nokon ekstra timar i døgnet 😅 Klikk på bilda for å komme direkte til innlegga. 👌 

BLOMSTERKASSE med hjul! Denne blomsterkassen blei jo og fronta i Aftenposten i 2015.

SAMSUNG CSC

SERVERINGSBRETT – blei ein stor slager til jul!

KAY BOJESEN APE  Denne har eg fått fleire spørsmål på om eg kan hekle på bestilling, men eg har sagt nei. Det tok så lang tid, og eg knota så at det gidder eg nok ikkje gjere igjen. Hekling er ikkje “min ting”, men noko eg gjer når eg finner på det 😅

Så kunne du tenkt deg å prøve nåke av desse prosjekta? Gi meg gjerne ein lyd i kommentarfeltet om du gjer det, så eg kan sjå resultatet! Du kan og tagge meg på instagram @ida.rossland 👌 

Følg meg gjerne på Facebook: Idarossland.blogg.no

 

#diy #hobby #kreativ #gjørdetselv #hjemmelaget #heimelaga #ape #bygg #blomster #blomsterkasse #interiør

Tips til enkel heimelaga påskepynt! 🐥

No nærmar påsken seg med stormskritt, og det er vel mange som skal på hytta og slikke sol kan eg tenke meg. Sjølv veit eg enda ikkje kva eg skal i påsken, og det går egentlig heilt fint det og, får ta det litt som det kjem. 🐥 Påsken er i alle fall mykje fritid, så derfor kan det jo være kjekt å kunne være litt kreativ, eller ka? Her kjem i alle fall tre enkle oppskrifter på heimelaga påskepynt som du kan lage med familien, venner eller barna. Klikk på teksten for å komme inn på oppskrift på kvart prosjekt 😊  

🐥 –> Hekla påskekylling <–🐥

SAMSUNG CSC

🐥 –> Påskehare til blomsten <– 🐥

SAMSUNG CSC

🐥 –> PomPom Kyllinger <–🐥

SAMSUNG CSC

Sei gjerne i frå om du velger å lage påskepynt sjølv då 🐥

 

#diy #heimelaga #hjemmelaget #kreativ #hobby #påske #påsken #interiør 

DIY: julegavetips 🎄

Idag er det kun 14 dagar til julaften, og alle er vel i god gang med julegaveshopping no? 🎅🏻  Eg meiner at ikkje alle gaver trengst kjøpast på butikken, så her har eg samla eit knippe DIY-innlegg som kan være fine å gi vekk i julegave.🎄  Litt forskjellig vanskelighetsgrad, men likevel greie prosjekt som ein rekk å fullføre før jul. Så her er det bare å slå seg laus 😃

Klikk på teksten for å komme direkte til innlegget om kvart enkelt prosjekt. 

Kjøkkenklut  🎄   Coasters   🎄   Gryteunderlag   🎄   Personlige juletrekuler 

Pyntebrett   🎄   Kaj Boyesen ape   🎄   Papirbilde   🎄    Juletre av fjær  🎄   Juletrepynt i leire   🎄    Minionshue

#diy #kreativ #interiør #interior #hobby #heimelaga #hjemmelaget #gjørdetselv #hobbykroken #hobbygruppa #diymagasinet #julepynt #jul #gaver 

DIY: Piff opp eit slitt brett

Med meg i frå Norge hadde eg interiør som eg ikkje skulle være så redd for å miste/ødelegge. Så eg tok med meg dette fine brettet fra Palma. Brettet er egentlig fint, men eg har brukt det til kakefat.. Med andre ord er det fullt i skrapemerker og hakk, og egnar seg lite fint på eit bord.. Så, sidan eg virkelig har fått sansen for spraymaling, så fekk jo dette seg ein liten omgang og! 😊 

SAMSUNG CSC

Det var ikkje så veldig enkelt å få sprayen til å dekke og legge seg fint. Heldigvis har eg skjøna at tolmodighet er nøkkelen ved spraying, så eg spraya mange tynne lag og lot malinga tørke i mellomtida. Det går rimelig fort her borte, siden luftfuktigheten er så høg som den er 😊

Og voila! Eit superfint brett som no kan få lov å stå framme! Og ja, eg har visst begynna å få litt svart inn i interiøret mitt. Kven skulle trudd? Men det er jo ganske kult og stilreint? Spent på om svart er like velkommen når eg kjem heim til Norge og alle tinga våre 😉

 SAMSUNG CSC

Stilig? Og den fine vetle kryddermorteren i stein fekk eg kjøpt til rundt 5-6 dollar! Snakk om kupp! Har sett dei kostar sånn 400 kr heime 😀 

SAMSUNG CSC

#diy #heimelaga #hjemmelaget #spraymaling #sprayboks #hobby #interiør #studenttips #gjørdetselv #redesign #upsycle #recycle

DIY: Fresh opp uteplassen for ein billig penge!

Endelig har eg fått gjort nåke med den kjedelige uteplassen vår. Pynteputene fra i fjor var så falma av sola at dei måtte eg bare kaste. Uteområdet mangla ein heilhet, og føltes egentlig veldig blass og kjedelig ut. Uten å legge for mykje pengar og energi i det, så fant eg ut at eg måtte prøve å freshe det litt opp der ute før det var brukandes for sommaren.

Bare sjå kor kjipt det var:

SAMSUNG CSC

Med eit strøk svart maling, og noken nye freshe putetrekk blei resultatet ein heil del bedre enn det var fra før:  

SAMSUNG CSC

Bordet er malt med interiørmaling som er belaga på utendørs bruk. Eg brukte ei rulle, og malte der eg kom til. Det var ikkje så lett å komme til i midten av pallen, så om ein ser godt etter så er det ein del “helligdager” der.

Putene er sydd i stoff frå Stoff og Stil. Eg har brukt DENNE oppskrifta på putetrekk.. På putetrekket til høgre så fekk eg brukt opp siste rest av palmestoffet, slik at det ikkje blei nåke til overs 🙂 

No elskar eg den nye uteplassen vår! Akkurat grei nok no før vi reiser av gårde. Vi får heller investere i litt nye møblar når vi kjem heim igjen frå USA. 🙂

SAMSUNG CSC

Alt er klappa og klart for Palmesus no til helga! 😀

SAMSUNG CSC

#møbel #diy #interiør #hage #sommer #møbler #sydet #putetrekk #pallebord #paller #palmesus

Fastelaven diy

Mandag og ny veke! I går shina eg litt i leiligheten til vi fekk besøk, så her kjem litt bilder 🙂 Kameraet mitt streika jo selvfølgelig etter at eg hadde fått tatt fine bilder i dagslyset, så eg måtte få formatert heile minnekortet… Så bildene blir ikkje i dagslys….. Heldigvis kom kameraet seg til hektene igjen 😉 

SAMSUNG CSC

Siden det var fastelaven, og vi skulle ha folk på bollar, så måtte vi jo ha fastelavenris! Eg tok meg ein tur ut i skogen og fant meg ein fin bunt med bjørk og fant fram fjær. Du treng ikkje mykje for at det skal bli litt koselig.Ta det du har!  Eg hadde bare kvite fjør, så då blei det det i år! Det var så koselig, at eg trur nok dei får stå ei stund. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Oppskrift på bollane kjem seinare i veka 🙂

SAMSUNG CSC

 

#diy #fastelaven #interior #interiør #rom123 #interior123 #hjemmelaga #enkelt #easydiy 

Ein enkel forandring

Rødt er jul for meg. Uten raude detaljar i huset, så blir det ikkje jul. Det kan jo fort bli for mykje, men litt i dei romma vi bruker gjer vel ikkje nåke? Siden vi flytta i leiligheten vi bur i no, så har eg hatt ein blom ståande på vaskemaskinen på badet. Ferske blomar gjer meg glad! Uansett, potta på blomen var utrulig kjip. Så no til jul fant eg ut at eg kunne gjere nåke med den, bare løfte den nåken hakk! Bare sjå under kor enkelt det er.

Tada! Ei heilt ny potte til ein slikk og ingenting 😀

For heilhetsinntrykket hadde eg litt hamptau og ei lita julekule eg knytta rundt.

Ja, eg veit blomen ikkje er så julete.. Men koman, den har levd med oss i 4 år. Det inkluderer dei månadane vi er heime om sommaren og..

#jul #diy #julediy #redesign #kreativ #julehus #christmas #tips #gjørdetselv

DIY: Pyntebrett

Så fine, enkle og elegante! Her er dei tre variantane eg har laga til no. Beisa i Jotun kullsort og Tyrilin Valnøtt.  

Framgangsmåte finn du HER

Om du ikkje vil lage sjølv, så kan eg kan lage på bestilling, om det er ønskelig. Ta bare kontakt på [email protected] 🙂

#diy #pyntebrett #serveringsbrett #valnøtt #interiør #beis #interior #gjørdetselv #hjemmelaga #jotun #tyrilin #krsbloggers

DIY: Nye ferdige prosjekt

Litt nytt på DIY-fronten har det blitt i det siste. Gleder meg til å dele framgangsmåte med dåke! 🙂 Litt sneek peek under her!

#diy #gjørdetselv #hjemmelaget #hjemmelaga #aftenposten #bloggklubben #rom123 #design #redesign #kreativitet #kreativ #hobby