DIY: Februarvotten

Pinnane mine har gått varme i heile haust, og i juleferien var det tova vottar det helst gjekk i.  Eg var litt lei av tradisjonsstrikk som Marius og Setesdal, så no i januar fant eg meg ei ny oppskrift; Februarvotten. Eg bruker Drops sitt garn då eg synes det tovar mykje finare enn feks Fritidsgarn i frå Sandnes.     

Pinne: Settpinnar nr 5

Garn: Drops Nepal

Oppskrift: Ei kjøpeoppskrift du får tak i HER.

Den sitt perfekt på handa 🙂 

Den er enormt kjappstrikka, og eg strikker ein vott på ein kveld. 🙂

Dette er ei kjøpeoppskrift du får tak i HER.

Har du egentlig vært på søndagstur om du ikkje legg ut bilde av det?

For det er jo egentlig slik det er blitt, er det ikkje?  Søndag, fint vær, tidlig opp, ut på tur, nyte naturen…og legge ut bilder på sosiale medier.. 🙈

Igår var Tone og eg på cafe, men for å komme dit gikk vi ein god omvei. Det gjorde jo absolutt ingenting når været var så plettfritt som det var i går. Sol, litt blå himmel, kvitt fint landskap og ikkje minst; ingen vind(!). Det må jo nesten være første gang her på Ørlandet.

Det er ikkje så verst her oppe når Fosen viser seg frå ein av sine beste sider. Det er nesten så vi gløymer den store stormen som herja her forrige mandag 🙈

No håper eg bare at snøen kan ligge slik leeeeenge og at vi kan få bra med snø i fjeller. Skiløypene er kjørt opp, så no kan bare skisesongen starte her oppe 😀 

Ha ein strålande mandag! 🙂

DIY: Gompiromper

ihh sjå denne søte lille saken her då! Enda ein av mange rompera eg har strikka i haust. Eg var sjølvsagt litt skeptisk på den type “vrangbord”, men det gjekk jo heilt fint då det er godt beskreve med bilder i oppskrifta 🙂 Har du eit garnlager som skal slankast i januar? då kan eg absolutt anbefale denne oppskrifta. Ein strikkefasthet på 22/10 gjer jo at ein har eit hav av muligheta når det gjeld valg av garn og 🙂

Størrelse: Nyfødt – 3 – 6 – 12 – 18 – 24 mnd

Garnmengde: (100g) 150g (150g)  200g (200g) 250g

Garn: Merinoull fra Sandnes, strikkefasthet 22/10. Du kan og bruke Drops Merino Extra Fine på pinne 3,5 og 4.

Pinne: Settpinne 3 og rundpinne 40cm  3,5

Knappar: fra Ebay HER. 100 stk til 23 kr. Eg har kjøpt alle tre størrelsane, men bruker helst 20 mm til barneklær.

Oppskrifta finn du på Ravelry HER.

Svipptur til Bartebyen

Endelig er eg heime igjen etter enda ei natt i Trondheim. Trondheim er fin, men det er godt å komme heim igjen og. Det er det som er så fint med å få nåken sånne dagar med møter i byen, ein får påfyll av det urbane, men kan komme seg heim når det er nok. 🙂 Det er jo blitt skikkelig vinter her oppe no, og det var så deilig å gå i dei lyse gatene!

Torsdag etter jobb møtte eg Linda. Vi gjekk først rundt i byen og fekk gjort nåken ærend, før vi satt oss ned på Bror og åt middag. Det var virkelig snøstorm i Trondheim denne ettermiddagen, så det var godt å komme seg inn i varmen. Eg tok båten heim på kvelden, og då var det begynt å blåse godt opp på sjøen, men for ein Vestlending så var det bare piece of cake.. 😉 Er det snø i resten av landet og no? 🙂

Oppskrift: Soyaglasert kalkun

Denne oppskrifta kjem seint, men godt. Vi åt dette nåken ganger i romjula, og fekk testa det både på svin og kalkun. Det er nok like godt på kylling og. Eg har kun laga det når eg har hatt ferdigsteikt kjøtt, så steiketida er ikkje for gjennomsteiking av kjøtt. Men det skal jo sjølvsagt gå fint det og så lenge ein legg til den tida ein treng. 

Du treng:

  • Ønska mengde ferdigsteikt kjøtt til 4 personar. Her har eg brukt restar av kalkun, men tidligare i romjula brukte vi restar av steikt ribbe.
  • 2 stk sitrongress eller safta av ei halv sitron ca. (Smak deg fram)
  • 2 dl søt soyasaus (ketcap manis)
  • 1 ss riseddik (eg hadde vanlig klar eddik)
  • 2 ss brunt sukker
  • 2 stk finhakka chili
  • 3 fedd grovkutta kvitløk
  • 1 ss olje til steiking
  • 2 cm revet frisk ingefær
  • Skall av 1/2 lime
  • 1/2 kanelstang
  • 1 stk heil stjerneanis
  • 2 ss finhakka koriander (om du har)

Slik gjer du:

  • Sett steikeovnen på 180 grader.
  • Fordel kjøttet i ei ildfast form. Bruker du ribbe skal du fjerne svoren og ein del av fettet.
  • Lag glazen. Del sitrongras i to, og deretter i to på langs. Fres chili og kvitløk med sitrongras i ei lita panne. Har du ikkje sitrongras, tilsetter du sitron seinare. Bland inn søt soyasaus, riseddik og brunt sukker, revet ingefær, limeskall, kanelstang og stjerneanis. Rør alt sammen og la det småkoke til sukkeret har løyst seg opp.
  • Hell glazen over kjøttet og vendt godt så alt blir dekka.
  • Varm i ovnen i ca 20 minutt.
  • Strø hakka koriander over før servering.
  • Server med ris og salat.

Oppskrifta er henta frå Matprat.no.

DIY: Kamskjellromper

 

Her er ein søt liten sak som eg var så heldig å få være med å teststrikke. Bodyen er strikka i ein deilig ull/bomull mix i frå Dale garn, som gjer at den passar heilt perfekt heile året.  Det var litt knotete i begynnelsen med mønsteret, og eg gav nesten opp. Men når eg kom lenger og lenger oppover bodyen så var jo mønsteret heilt riktig! Og ikkje minst når den var heilt ferdig og dampa, då var mønsterstrevet virkelig verdt det 🙂 Ps: Hugs å ikkje strikke for slakt i mønsterraden, då blir hulla for store og heile mønsteret litt pløsete.

Garn: Lerke fra Dalegarn

Strikkefasthet: 22/10

Pinne: settpinner nr 3.5 og rundpinne 40cm nr 4

Str: 0-3 (3-6) 6-12 (12-18) 18-24 mnd

Garnmengde: 100 (100) 100 (150) (150) gr

Tilbehør: 5 små treknappar. Kjøpes på Ebay HER.  100 stk til rundt 23 kr.  Eg har kjøpt alle tre størrelsane, her har eg brukt den minste størrelsen.

Denne romperen gav eg til det nyaste tilskuddet i familien, lille Tuva til søskenbarnet mitt 🙂

Oppskrifta finn du hos @Strikkeguttemamma