Oppskrift: Verdens beste salsa

Ja, eg vil faktisk påstå det! Denne salsaen har vi fått servert hos eit vennepar ved fleire anledningar, og den er så god at eg nesten lager den kvar gang vi skal ha nåke tacorelatert til middag! Ein kan bestemme sjølv kor sterk ein ønsker den og den er skånsom for magen, i motsetning til dei ein finne i butikkane. I denne salsaen bruker eg ein løk som eg kan ete, uten at det påvirker resultatet. Salsaen er og veldig god som dipp! 😊

Oppskrifta er henta i frå Coop Mega! Eg lager den ofte litt på slump, som med mykje anna. Tilpass ingrediensane litt etter kva du likar 😊

 

Du treng:

  • 2 ss olivenolje
  • 2 sjarlottløk (her bruker eg delikatesseløk)
  • 1 ss tomatpurè
  • 1 boks hakka tomater
  • 1 ss flytande honning
  • 1/2 ts chili (her justerer du mengde etter ønska styrke. Eg har gjerne oppi litt fersk chili og.
  • Salt og pepper
  • Saften av ein halv lime
  • Hakka koriander

 

Slik gjer du:

  • Ha olje i ei gryte og steik løk og tomatpure forsiktig i eit par minutt ved medium varme. Løken skal bli mjuk og gylden.
  • Bland inn hermetiske tomater, honning, chili, salt og pepper og rør rundt.
  • La det småkoke i ca 20 min.
  • Avkjøl salsaen og bland inn fersk koriander og lime.
  • Salsaen serveres helst kald. Den er like god etter mange dager i kjøleskapet, ikkje at den pleie å overleve så lenge der då..😅

Grottetur til Midt-Norges største grotte

Harbakhula – ein nydelig tur i herskapelig natur

Denne teksten skreiv eg i forbindelse med utgivelse av magasinet Briefing Fosen 2020. Den er derfor skrevet på bokmål. Harbakhula ligg ikkje så alt for langt i frå Stokkøya, og det kjente Strokkøya sjøsenter. Så skal du ta turen til Stokkøya i sommar kan eg anbefalen denne turen på det sterkaste 😊


Hvor: Åfjord Kommune

Tid: Ca 1 time t/r

Passer for: alle aldre

Tips: Ta med hodelykt og gode sko

Ca 1,5 times kjøretur i fra Brekstad sentrum ligger en av Midt-Norges største huler. Hulen er ca 130m dyp og ca 40 m bred ved huleåpningen. Harbakhula er en naturlig grotte, som betyr at den ikke er menneskeskapt.

For å komme til Harbakhula følger du vei 723 fra Åfjord mot Stokkøya. Like før Stokksund tar du av til høyre mot FV32, der det er skiltet mot Harbak. Kjør videre langs veien i ca 8 -10 minutt før du kommer til Harbak.

Du parkerer bilen langs hovedveien ca 100 m i fra snuplassen på Harbak. Følg skilt oppover langs en grusvei, før du tar til venstre gjennom en port. Her i fra er det litt dårlig merket sti, men løft blikket og gå mot hula opp til høyre så kommer du etter hvert inn på stien. Etter ca 100-200 m kommer du inn på en godt opparbeidet sti laget av stein. Etter et lite stykke på stein kommer du til en fin tretrapp. Gå forsiktig her, den kan være glatt. Siste strekket mot grotta er det satt opp tauverk. Det er bratt ned på siden, så hold deg på riktig side av tauet. Man klatrer mange høydemeter fort, og plutselig ser man inngangen til hula; en majestetisk inngang som er større enn man tror.

Når du kommer litt inn i hula deler den seg i to ganger, en smal gang til venstre og en litt bredere gang til høyre. I den høyre hulegangen kan man gå helt inn til enden.  Har man hodelykt og litt klatreferdigheter så kommer man seg fint over de store steinene innover. Trø forsiktig og pass på glatte steiner.

Fra huleåpningen får man en fantastisk utsikt ut over Norskehavet og skjærgården.

Det er også mange gode muligheter for klatring og buldring både i og utenfor grotten. Ta gjerne med litt niste og nyt utsikten. På en godværsdag kan man faktisk se ut til Halten fyr!

Turen opp til hulen er ca 1 km lang, og man kan regne ca 25 minutter opp.

Harbakhula er også brukt til konserter ved forskjellige anledninger. Akustikken her er bare helt magisk, og virkelig verdt å få med seg!

Kanskje kan det friste med en liten dukkert i en av kulpene på veien nedover?

Nydelig utsikt over Harbak!

Har du vore her før? 😊

Nye bilder på veggen!

Reklame | Posterstore.no

No har vi budd i huset her i to år og eg har lenge tenkt på at eg skulle hatt opp nåken bilder på soverom, men ting tar tid.  Eg har lurt på kva stil eg skal ha og kva type bilder/ plakatar eg vil ha opp, men eg kjem jo ikkje akkurat nåke lenger.. Ergo, soveromsveggane har vore heilt tomme og kjedelige… Så då Posterstore tok kontakt med med og spurte om eg ville finne meg nåken fine bilder var eg ikkje tung å be!

Å bestemme seg for bilder syns eg kan være vanskelig, då er det fint at ein kan bytte litt ut etterkvart uten at det nødvendigvis skal koste skjorta. Posterstore.no har eit enormt stort utvalg av plakatar til fine prisar. Det er god variasjon i størrelsar, så her finn du absolutt nåke etter ditt behov og ønske. Og er du fortsatt utsikker på kva du skal bestille så har Posterstore laga ferdige bildeveggar du kan kjøpe, så slepp du å tenke så mykje sjølv!

Ønsker du å bestille no så kan du bruke rabattkoden  idarossland35 for å få 35% rabatt på plakatar og bilder ( gjeld ikkje rammer og Selection-kolleksjonen).

Rabattkoden varer i 7 dagar frå den dagen dette innlegget publiseres.

– Båt i fjellinnsjø finn du her og Spirit Island finn du her –

 

På soverommet er det ganske høgt under taket, så her gjekk eg for nåken store bilder med passepatout og rammer uten at det blir for dominerande. Fargen på soverommet no er absolutt ikkje nåke eg er fornøyd med, så eg er fort truande til å endre den ein eller gang til hausten…😅

– Grass by the sea finn du her og Beach view finn du her –

Her har eg ramma inn to tegningar som lillebror min tegna til meg for mange år siden. Kanskje i rundt 2008 eller nåke, sjå kor ekskluisive dei blei med passepatout nye rammer!

Før:

Etter:

Og for å ikkje å snakke om rammene. Rammene til Posterstore er fine, lette og relativt billige. Dei er ikkje i glas, men i akryl, så ein treng ikkje være redd for at dei skal knuse. Dei har ein veldig enkel lukkemekanisme bakpå, så ein sleppe å kutte fingrane for å bøye metallklipsen som på andre rammer.. Perfekt!

Einaste problemet med Posterstore er at dei har så enormt stort utvalg at det nesten var vanskelig å velge ut bilder, eg trenge fleire veggar i huset mitt….!

Igjen: bruk koden idarossland35 for å få 35% rabatt på plakatar og bilder ( gjeld ikkje rammer og Selection-kolleksjonen).

Plantekaos

Eg har i øve eit år gått og tenkt på at dei store plantene mine trenger ein ompotting. Dei har vokst nåke ekstremt dei siste åra, og er no på vei ut av pottene sine.. Eg kjøpte inn nye potter i fjor og var med godt mot, men så blei det aldri til at eg gjore nåke med plantene, før no…

Sjå kor store og fine! Tenk at desse var sånne små planter som ein kjøper på IKEA! Men som ein ser så er det litt for mange blad uten hull, så eg har delt opp plantene slik at det kun er ein stilk(?) i kvar potte no. Om eg har gjort ting rett eller ikkje, det veit eg ingenting om. Eg fant litt informasjon rundt monstera og ompotting på Plantemagasinet  og Vi i villa. Og nei, eg har nok ikkje brukt “riktig” jord til monstera, om ein skal følge alt som står på nett. Eg brukte krukkejord (har litt gjødsel i seg) blanda med den jorda som plantene allerede sto i og knuste lecakuler (for lufting). 

Så ein kveld Vegard var seint på jobb øyna eg sjansen, og dette var det han kom heim til:

Ja, for eg måtte jo gjere det inne! Ute hadde det blitt for kaldt på plantene (og for kjedelig for meg…). Og merk mine ord når eg seie at ompotting av 2-3 planter fort kan eskalere litt… Plutselig hadde eg kutta stiklingar, planta om ikkje bare 3, men 8 av plantene mine… Det var altså eit lite kaos her… Heldigvis er han godt vant med at eg plutselig har nåken prosjekt for meg, så etter at sjokket var lagt seg satt han seg bare fint ned i sofaen og såg på tv…😅

Eg hadde og ein veldig lang gullranke som eg ikkje heilt visste ka eg skulle gjere med. Så eg scrolla litt på Instagram og fant til slutt denne hos @Hvitelinjer. Eg satte i gang med godt mot, og ja.. Resultatet blei kanskje ikkje heilt som forventa 😅 Så er det nåken som har tips til å få ein litt fyldigare gullranke?

Grilltilbehør til bbq-kylling!

Åhh, det er ikkje nåke som er bedre enn sommar og grillmat! 🤩 Eg kan fint grille kvar einaste dag når det er fint vær, så då er det viktig at eg klarer å variere litt på rettane som skal lagast. Og ikkje minst på tilbehøret..😅

Dagens meny besto av kyllingfilet med Nicolas Vahe sin dry-rub, grilla ananas, tomatsalat og ris. Og bare ja, detta va godt og kan virkelig anbefalast!

Tomatsalat med granateple og persille

Enkel, frisk og god tomatsalat som eit perfekt tilbehør til kylling og fisk, og spesielt no når tomatene er så gode som dei er!

Her blanda eg bare cherrytomater, granateple og grovkutta persille saman i ei skål. Tilsatte litt olje, salt og pepper og lot det stå i 15-30 min før servering.

Oppskrifta fann eg her

Grilla ananas med lime og chili:

  • Del ein heil ananas i båtar og kutt vekk den harde «trekanten» på toppen av båten. Det midt inni ananasen er hardt og ikkje nåke godt å eta.
  • Bland chilikrydder, salt og raspa limeskall sammen i ei lita skål.
  • Grill ananasen på grillen til den er blitt lett karamellisert.
  • Dryss chili, salt og lime på ananasen før servering.

Såg ikkje dette godt ut eller? 🤩

Heimelaga pasta

Det siste året har vi laga meir komplisert mat heime enn tidligare. Eller, komplisert blir kanskje feil ord å bruke, men vi har brukt meir tid på kjøkkenet for kvar rett. Rett og slett meir heimelaga frå bunnen av. Vi har lenge (fleire år) gått og tenkt på om vi skulle lage heimelaga pasta, men har av ein eller anna grunn følt at det var eit stort tiltak å gjere. Det er jo egentlig bare tull, for wow kor verdt det det er! Det går fint an å lage pasta uten pastamaskin, maskinen gjer det bare 100 ganger enklere.. Første gang vi lagde pasta hadde vi ikkje maskin, og vi kjevla og kjevla i ein evighet for å få pastaen tynn nok. Det var ei heil treningsøkt i seg sjølv.. Så ja, anbefaler ein pastamaskin! Eg har lånt vår av ei venninne, så spør rundt om det er nåken som har ein pastamaskin som støvar ned i boden..😊

Pasta til ca 3 personar:

  • 200 gram tipo0 mjøl (+ 50g tilgjengelig om du treng meir)
  • 2 egg
  • 2 eggeplommer
  • 0,5 ts salt

Egg har jo forskjellig størrelse, og derfor er det greit å ikkje tilsette alt mjølet på ein gang. Mulig ein treng meir enn 250 gram mjøl og, så ha litt ekstra tilgjengelig. Matprat har ein veldig god forklaring på heimelaga pasta her

 

Fyll:

  • 125 g kremost
  • 0,5 dl fløyte
  • 50g spekeskinke eller salami
  • 100g spinat
  • Litt revet ost. Bruk feks parmesan eller kvitost.
  • Finhakka kvitløk og løk

Fyllet er litt tilfeldig i fra kva eg hadde tilgjengelig i kjøleskapet. Det er veldig enkelt å blande sammen sitt eige fyll, bare fantasien setter grenser! Ellers finnes det mange gode oppskrifter på google.

 

  1. Sikt mjølet på ei rein benkeplate eller skjærebrett. Lag eit hull midt i mjølhaugen og tilsett egg og eggekvite.
  2. Rør forsiktig mjøl og egg sammen med ein gaffel. Når det begynner å bli fast bruker du henda og knar deigen.
  3. Tilsett litt og litt meir mjøl for at deigen ikkje skal bli for klissete.
  4. Når du har ein deigklump skal du kna og elte den godt i minst 5 minutt. Bruk helst henda. Du merkar at den blir smidigare og varm etter kvart. Deigen er klar når den er litt elastisk.
  5. Når deigen er ferdig knadd kler du den inn med plastikk og lar den kvile i 30 minutt på benkeplata. Du kan og legge den i kjøleskapet, men ta den ut og la den kvile 30 min på benken før du skal bruke den.

Kjør deigen gjennom maskinen på den tjukkeste hakket ( på denne maskinen er dette 0) eit par ganger, samtidig som du bretter deigen i to for kvar gang. Dette skal visst være med på å skape riktig tekstur eller nåke 😊 Eg deler heile deigen i 2-3 før denne prosessen, ellers blir emnet for stort å jobbe med til slutt. Ha resten av pastaen i plasten så den ikkje tørker ut.

Har du ikkje pastamaskin må du rett og slett kjevle deigen godt og lenge slik at den blir tynn og nesten gjennomsiktig. Det tar litt tid, men det går fint og er verdt det til slutt. 😊

Kjør deigen gjennom 1-2 ganger på kvart nivå. På tagliatelle og fylt pasta så har eg brukt nivå 6 eller 7, då syns eg den er tynn nok.

Del emet i to og legg plast over den delen som ligg og ventar. Dette for at den ikkje skal bli tørr.

Fordel 1 ts med fyll som på bildet under her. Vil du lage mindre pastabitar tar du bare på mindre fyll og lagar fleire. Desse blir ganske store, pastaen blir større når den kokes.

Legg den andre pastaplata oppå den med fyll og trykk godt ned rundt fyllet.

Skjær ut pastaen. Her kan du fint bruke ein pastakutter så det blir litt finare, det har ikkje investert i enda eg så eg bruker bare ein kniv.

Kok opp vatn med litt salt i. Kok pastaen i ca 4 minutt.

Og pastaen er klar til servering!

Eit lite triks heilt på slutten er å ha godt med smør i ei steikepanne og la det brune seg. Når pastaen er ferdigkokt legg du den oppi steikepanna med den bruna smøret og vender godt rundt. Heilt magisk!

Buffalo chicken pizza!

Søndag er pizzadag i huset vårt. Det var vel ikkje nåke vi innførte, det bare blei sånn. Det blir ofte ein “restepizza”, altså toppingen blir det vi har til overs i kjøleskapet i frå tidligare i veka. Det resulterer i at pizzaen ofte blir ganske lik, og kanskje litt kjedelig i lengden? Så her ein søndag bestemte eg meg for å handle inn spesifikt til søndagspizzaen, og lage den litt annleis enn før!

Alle som har smakt hot-wings kjenner nok til denne buffalosmaken, ein litt søt, men sterk chilisaus som dei ofte serverer med kyllingvinger i USA. Då vi budde i Arizona laga eg minicalzone med buffalosaus til super bowl (klikk på link for oppskrift), og har egentlig hatt lyst på nåke lignande siden. Men eg orka ikkje styret med å lage calzone, så derfor vanlig pizza!

Fyll:

  • 1 pakke salatkylling
  • Franks hot sauce
  • Creme fraiche
  • Mozzarella
  • Raspa ost
  • Rødløk
  • Mais
  • Ruccola
  • Valgfritt krydder (eg brukte oregano, salt og pepper)

Bland ønska mengde hotsaus med kyllingen. Smør creme fraiche utover pizzabunnen og krydre med valgfritt krydder. Strø på ost, kylling, rødløk og mais før pizzaen skal steike. Topp gjerne med hotsaus og ruccola før servering.

Pizzadeigen eg bruker er ca slik: 4 dl mjøl, 1,5 dl lunka vatn, 1 ts sukker, 1 pakke tørrgjær, litt olivenolje (1-2 ss), litt salt. Den blir tynn og fin, ikke typisk 90-talls fredagspizza som er 3 cm tjukk.. La deigen heve seg stor og fin, før den er klar for å bakast ut.

Sett steikeovnen på 225 grader og forvarm ovnen og langpanne slik at den blir god og varm. Når ovnen og langpanna er varm legg du pizzaen over på langpanna og steik på nederste rille i ca 15 minutt (steiketid varierer ut i frå ovn, mengde topping ka kor steikt du ønsker å ha pizzaen). Sjekk under bunnen om den er gylden, då er den klar.

Halloen ja😅

Oisann.. No var det visst ein liten evighet siden eg har gitt livstegn i frå meg her inne.. Eg trur kanskje ikkje eg har hatt eit så langt opphold i fra bloggen tidligare?🙈

Det er stadig folk innom bloggen, og kanskje spesielt no før jul. Eg ser det går mykje i “lettstrikka pannebånd” og “knutepannebånd“, “babyteppe” og “putetrekk uten glidelås“. Med andre ord blir det nok mange fine heimelaga julegåver under trea i år!

Og ikkje minst takk til alle dåke som er innom. Eg prøver å svare på spørsmål som kjem inn fortløpande, men husk at eg ikkje er profesjonell på verken oppskriftskriving eller slikt, så det kan alltids forekomme feil.. Bloggen kun er ein liten hobby for meg. Send meg gjerne ein melding på enten Facebook eller Instagram om det tar for lang tid før eg svare her inne 😁

Eg håpar eg skal få tid til å dele litt juleinnlegg framøve med dåke, men no for tida står både eg og Vegard med rumpa i været og legg belegningsstein ute i innkjørselen vår. Og det tar tid, mykje tid.. Det er øve 110kvm2 med stein som vi skal legge sjølv. Det går overraskande fort og bra, så vi ser faktisk enden på målet. Snart.. Kanskje…
Som Pippi sa: “Det har vi aldri gjort før, så det klarer vi nok”.😅

DIY: Blomsterkasse med spiler

Då vi flytta inn i nytt hus i fjor så hadde vi nesten meir enn nok med å nyte uteplass, sommar og nytt hus. Det blei ikkje gjort mykje på uteområdet, anna enn at eg planta litt blomar i plastbaljer. Planen var alltid at eg sku lage nye blomsterkassar, i ein litt meir moderande stil enn før. Materialet vart kjøpt inn, og oppbevart i carporten vår i eit år no.Så kom corona og eg vart delvis permittert, og plutselig var blomsterkassene klare 😁

Tidligare har eg laga ein meir tradisjonell blomsterkasse med plankar. Denne gangen ville eg har ein litt meir moderande versjon enn tidligare, og bruker derfor tynnare lekter.

Materialet eg bruker er impregnert, siden kassen skal være ute. Kor mange lengder du må kjøpe på byggevareforretninger veit eg dessverre ikkje, her må du nesten regne deg fram. Pris? Kasse ca 100kr, hjul ca 100kr og material 2-300kr?

 

Mål på ferdig kasse: 54 cm høg x 66 cm lang

 

Ønsker du ein kasse som er enkel å flytte på kan du sette på hjul. Sag av beina på kassen under og skrur på hjul som tåler tyngden. Hjula eg har brukt er 4 cm, tåler 20kg kvar og er kjøpt på Jula. Du får og hjul på feks Clas Ohlson og Monter.

 

Du treng:

  • 4 stk 54 cm lekter 36×48 mm (dette er høgden)
  • 18 stk 66 cm lekter 23x48mm (langsida)
  • 18 stk 42 cm lekter 23x48mm (kortside)
  • 4 stk lekter på 40 cm ca (dette skal holde baljen oppe. Bruk resteplank, lengden er ikkje så viktig)
  • 4 stk lekter/planker til å stive av kassen på slutten. Lengde er ikkje så viktig bare den går over fleire lekter (sjå bildet).
  • Terrasseskruer (eg brukte 4,5 cm lange)
  • Plastbalje 40 l fra Felleskjøpet
  • Sag
  • Tommerstokk
  • Pussepapir

 

Slik gjer du:

  • Start med å kutte opp materialet I riktig lengde.
  • Skru sammen kortsidene først. Dei skrur du fast i 4 stk 54 cm lekter 36X48mm. Du bestemme sjølv mellomrom mellom lektene, eg hadde bredden av 3 tommerstokkblad. Då fekk eg ca 4 cm igjen nederst på kassen til bein.
  • Skru fast langsidene slik at dei passar med kortisdene. Start oppe og nede, så fordeler du lektene i mellom, slik at dei passar med kortsidene.
  • For at plastbaljen skal få riktig høgde skrur du ein lekt på kvar langside ca 30 cm ned fra toppen. Skru deretter to lekter på tvers av baljen. Sjå forklaring på bildet under. Det blir ca 28 cm i frå lekten på tvers av kassen og opp til toppen. Då vil plastbaljen være jevn med toppen av kassen.
  • Siden eg har brukt spiler med mellomrom så er kassen litt ustabil. Dette fikses ved å skru lekter på tvers av kvar side. 4 stk totalt. Sjå bilde under her.
  • Puss over kanter og planker for ein fin finish.
  • Eg behandla kassen med svart beis. Satser på at det holder seg litt bedre enn maling 👊🏼

 

Bakesøndag: Brioche / Prinsessekake med vaniljekrem

I alle år har Vegard masa om brioche. Det finnes ein slik ferdigpakke i butikken, 100% fabrikat, som han ved ein veldig sjelden anledning kjøper (max 1 gang kvart 2. år..). Så siden han støtt og stadig snakker om brioche og kor deilig det er så fant eg ut at eg like gjerne kunne prøve å bake ein! Det kunne jo ikkje være så vanskelig tenkte eg, og det var det jo heller ikkje. “Problemet” mitt var at bollane heva alt for mykje, så kaka blei heilt sprengt.. Men smaken var der, og den blei veldig godkjent .😊 Vi kan vel konstantere at gjæren virkelig gjorde jobben sin her..

Oppskrifta er henta i frå Morshjemmebakte.no.

 

Du treng:

  • 500g kveitemjøl
  • 75g sukker
  • 0.5 ts salt
  • 50g gjær
  • 6 stk mellomstore romtempererte egg
  • 200g romtemperert smør i terninger
  • Fyll: Vaniljekrem til gjærbakst
  • Topping: 1 egg og perlesukker

 

Slik gjer du:

  • Bland alle ingrediensane sammen bortsett i frå smøret. Elt deigen sammen med ein eltekrok på lav/middels hastighet i ca 8 minutt.
  • Ha i litt og litt romtemperert smør, og elt alt sammen i ca 5 minutt. Deigen ser veldig smidig og nesten litt klissete ut, det går heilt fint.Eg tilsatte litt mjøl på slutten for at deigen skulle være litt fastare.
  • Dekk til deigen og la den heve til dobbel størrelse i ca 60-90 minutt.
  • Smør kantane på ei rund kakeform på 26 cm og ha eit bakepapir i botnen.
  • Kjevle ein liten del av deigen ut og legg den i bunnen på forma. Eg elta inn litt ekstra mjøl for at deigen skulle være enklare å jobbe med.
  • Kjevle ut resten av deigen til eit stort rektangel på ca 40×50 cm og smør vanlijekrem utover. Rull deigen til ei pølse og del den opp i 12 like snurrer. Plasser snurrane i kakeforma, 3 i midten og resten fordelt rundt.
  • Dekk til kakeforma og la kaka etterheve til dobbel størrelse i ca 60-90 minutt. Forvarm steikeovnen til 180 grader i mellomtida.
  • Pensle toppen med eit piska egg og strø litt perlesukker på. Steik i nederste rille i ca 35 minutt. Avkjøl på ei bakerist. Ta kaka ut av forma etter den er nedkjølt. Server gjerne med litt melisglasur på toppen.

 

Eg trur eg veit kva eg gjorde “feil” her. Eg blanda gjæren ut med lunka mjelk, sjølv om det ikkje står nåke om det i oppskrifta. Men det er jo slik at fersk gjær skal blandast ut i fuktighet vel? 😅

 

Jaja, god var den i alle fall! 😁