DIY: enkel restegarnshals til barn 1-3 år

Det blir fort eit lager av restegarn når ein strikkar så mykje som eg gjer.. Og i staden for å kaste det (kaster ikkje tråd), så fant eg ut at eg skulle strikke ein hals, for det er alltid godt å ha ein hals liggande!

Eg veit og at det er mange som sitt rundt med restar av merino, sunday, tynn merino, så tenkte kanskje det var andre som kunne få brukt for denne oppskrifta og. Her kan ein jo strikke akkurat kva mønster ein ønsker, men eg har valgt å strikke ein hals med perlestrikk i sidene og rettstrikk framme. Enkelt og fint, og i alle fall når eg skulle ha inn striper med forskjellige fargar.

Her kan du feks bruke drops merino ekstra fine (enkel tråd), merinoull sandnes (enkel tråd), double sunday (enkel tråd), sunday (dobbel tråd), tynn merino sandnes (dobbel tråd), baby merino drops (dobbel tråd), Drops Flora (dobbel tråd) osv.

 

Eg har brukt:

  • Rundpinne 3,5 mm 40 cm
  • Rundpinne 3,5 mm 60 cm
  • 67g sunday (strikkes dobbelt)
  • Saks og nål

Slik gjer du:

  • Legg opp 80 masker laust på pinne 3,5mm 40 cm. Strikk 2 rett, 2 vrang i ca 13-14 cm, eller ønska lengde. Bruk gjerne to pinner til å legge opp på.
  • Sett 40 av maskene øve på pinne 60 cm, du skal no strikke vidare på den.
  • Strikk ut pinnen og legg opp 7 masker i forlengelse av arbeidet. Dette skal bli skuldersømmen. Strikk rett heile veien tilbake (eller vrang, alt etter om du er på rettside eller vrangside av arbeidet).  Og legg opp 7 masker i enden av pinnen. Du har no 54 masker totalt på pinnen.
  • Første og siste maske på pinnen er kantmaske. Ta alltid første maske av uten å strikke den og strikk alltid siste maske rett.
  • No skal du starte på mønster, det skal strikkes perlestrikk på dei 4 siste og 4 første maskene  (ikke tell med kantmaskene).
  • Ta første kantmaske av som du ville strikka vrang. Strikk 4 masker slik: 1 rett, 1 vrang, 1 rett, 1 vrang og rett ut pinnen til det er 5 masker igjen. Strikk dei fire neste maskene 1 rett, 1 vrang, 1 rett, 1 vrang. Strikk siste maske rett.
  • Snu arbeidet, ta av første maske, strikk motsatt av det dei neste 4 maskene viser. Slik får du perlestrikk i sidene. Strikk vrang til du har 5 masker igjen på pinnen, og strikk dei 4 neste maskene i perlestrikk. Siste maske strikkes rett.
  • Gjenta omgangene over med perlestrikk og rett på rettside og vrang på vrangside til du har strikka framsida av halsen ca 12-13 cm.
  • Strikk 6 omganger perlestrikk nederst over alle maskene, fell laus av slik maskene viser.
  • Strikk bakstykket på samme måte.
  • Sy sammen skuldersømmene fra vranga, slik at det blir ein fin kant.
  • Sy fast alle trådane

 

Forslag til alternative mønster på forstykke og bakstykke:

  • Rettstrikk (vrang på bakside). Halsen kan lettere rulle seg om det ikkje er nokon “kant” rundt, men den varmer like godt 🙂
  • Perlestrikk over heile
  • Dobbel perlestrikk over heile
  • Rillestrikk (kun rettmasker på kvar pinne, att og fram)
  • Ein kombinasjon av rett, riller og perlestrikk

Her er det bare fantasien som setter grenser. 🙂

 

På denne stripete halsen eg har laga har eg brukt følgande tråd:

  • Kvit Drops Flora: usikker
  • Blå Sandnes Sunday: usikker
  • Grønn Sandnes Sunday: 12 gram
  • Rosa Sandnes Sunday: 9 gram

Har du fleire spørsmål kan du spørre meg på Instagram. Ser fortare meldingar der. @byidarossland 🙂

DIY: Gromguttbukse

Størrelse: Nyfødt – 3 – 6 – 12 – 18 – 24 mnd

Garnmengde: (100g) 150g (150g)  200g (200g) 250g

Garn: Merinoull fra Sandnes, strikkefasthet 22/10. Du kan og bruke Drops Merino Extra Fine på pinne 3,5 og 4.

Pinne: Settpinne 3 og rundpinne 40cm  3,5

Knappar: fra Ebay HER. 100 stk til 23 kr.

DIY: Enkelt knutepannebånd

Ettersom forrige pannebåndoppskrift her på bloggen blir så godt lest, så fant eg ut at det måtte komme ei ny ei. Eg har lenge sett på disse enkle pannebånda med ein knute frampå og syns dei ser så fine ut. Det er jo kvardagsstrikk som er det beste👌🏼 Eg søkte litt rundt og fant ein video hos @patterns_for_knitters på Instagram, på korleis ein skulle sy det sammen for å få til knuten. 😁

Du treng:

  • Et nøste Drops Air eller tilsvarande garn
  • Settpinner 5mm
  • Nål

 

Slik gjer du:

  • Legg opp 40 masker
  • Strikk rundt og rundt til arbeidet måler 44-46 cm (Drops Air er veldig elastisk, så lengden må tilpasses om du bruker anna gran)
  • Sy sammen endane slik at det ikkje er hull i pølsa
  • Følg instruksjonen på bildet under for å få knuten på framsida.

Og voila, fiks ferdig pannebånd! Tagg meg gjerne på Instagram om du bruker oppskrifta mi 🤗 @byidarossland

Til ein liten høstgutt

Ei venninne av meg fekk sin første gutt i april, og det har aldri passa slik at eg har fått møtt han. Egentlig ville eg ha gave med meg når eg møtte han, men no har det rett og slett gått så lang tid at eg måtte strikke nåke nytt.. 🙈 Dennen buksa er så mjuk og god, i deilig baby merino fra Drops. Fargen elsker eg, så kul og ikkje typisk gutt. Eg liker egentlig best å strikke litt kjønnsnøytralt, slik at strikketøyet kan bli brukt til fleire i ettertid. Uansett så fekk eg sendt av gårde denne pakken i forrige veke, og no må dei bare vente på at lillegutt skal vokse inn i den 😁

Ankerskyse – str 6 mnd – Drops baby merino – pinne 3

 

Eg bruker strikkemølle til reimene, det går så mykje fortare enn å strikke. Det er virkelig å anbefale HER får du tak i ei til rimelig pris 😁

 

Go`klumpen bukse – Klompelompe – Str 3-6 mnd – Drops baby merino – Pinne 3

DIY: Alectodress

Endelig kan eg vise fram den første heildressen eg nåken gang har strikka. Dette er teststrikk, og oppskrifta kom ikkje før no, så derfor har eg ikkje lagt den ut før.

Vel som sagt, den første heildressen eg strikka, og då kasta eg meg ut i ein i str 1 år, på pinne 3 i perlestrikk. Så ja, egentlig eit stort og utfordrande prosjekt, som var overraskande enkelt å forstå når eg først leste oppskrifta. Underveis så angra eg på at eg ikkje strikka i merinoull, for det føltes som det tok veldig lang tid med det garnet eg brukte, men til gjengjeld så blei dressen veldig tynn og god. Ein deilig heimelaga dress som kan brukast heile året 😁

Garn: Drops Flora, 15 grønn. Kan og bruke baby/tynn merinoull, safra osv.

Strikkefasthet: 24/10

Pinne: 2,5 settpinnar til vrangbord og 3 mm rundpinne og settpinnar

Str 1 år

15 knappar HER

Oppskrift: HandcraftCarina på Ravelry

Oppskrifta går fra 3 mnd til heile 6 år, så her får ein mange oppskrifter. Dei største størrelsane har ikkje knappar heile veien ned.

Eg brukte og fleire knappar enn oppskrifta tilseier, rett og slett fordi det er finare når knappane er tettare og ikkje spriker når dressen begynner å bli trang 😁

Dressen er eit plagg i ein større serie med kyse, dress, bukse, genser osv. Sjekk ut dei andre oppskriftene til HandcraftCarina her. 

DIY: Embladress

Endelig kan eg sei meg heilt ferdig med denne Embladressen. Eg trur nok dette strikkeprosjektet er det mest innvikla prosjektet eg har strikka hittil. 3 trådar i mønster, klipping, belegg osv, men resultatet blei eg i alle fall veldig fornøyd med!

Dressen har eg strikka til lille babyen til Tone og Andreas som enda ikkje har meldt sin ankomst. Han komme nok til å bli sååå fin til høsten i denne dressen, sånn heilt objektivt sett sjølvsagt. 🙈

Dressen er strikka i størrelse 3-6 mnd.

Garn: Sandnes Sterk i fargane 1012, 3160, 7252

Pinne: Rundpinne og settpinnar i 3 og 3,5

10 stk knapper fra EBay HER.

Oppskrift hos Strikkezilla HER.

Jevnt mønsterstrikk er ikkje bare bare har eg funne ut, men øving er det som skal til. Det viktigaste for meg er å ikkje strikke for stramt, men heller litt overdrevent laust. Då blir det bra 😁

Har du strikka nåke i fra Embla-serien til Strikkezilla?

Til ein nyfødt liten gullgutt

Forrige lørdag var eg på babyshower til ei venninne, og det var faktisk akkurat så vi ikkje rakk det. For søndagen, dagen etter, kom gutten til verden! <3 Her er nåke eg har strikka den seinaste tida til han. Eg har forstått at det er rompere og jakker som er det store til babyer, så eg valgte å gå for det kontra genser og bukse 🙂

 

Go`klumpen jakke fra Klompelome – Drops baby merino – Pinne 3 – knappar HER

Romper fra Klompelompe – Drops merino extra fine – pinne 3,5. – Band laga på strikkemølle kjøpt HER

Lillebrorsromper fra PetiteKnit –  Drops Nepal – Pinne 5 –  knappar HER

Rask Rillepixielue  fra TusenMasker – Drops Nepal – Pinne 4 og 5.

DIY: Enkle tova vottar til voksne

Å designe eit par med tova vottar er faktisk ikkje så vanskelig som ein skulle tru. Kanskje faktisk ein av dei lettaste strikkeplagga å designe mønster til. Dei fleste tova vottane som eg har strikka er det 36 masker ved mønsterstrikk. Her er det med andre ord bare å lage seg eit rutediagram med 36 masker i bredden og ca 18 masker i høgden, og tegne på det mønsteret ein vil. Bruk gjerne mønsteret under til å tegne i.

Februarvotten – Oppskrift: MaBe på Ravelry

Strikk votten slik:

Dame (herre)

Legg opp 36 (36) masker på pinne nr 5-6, avhengig av kor stramt/laust du strikkar. Strikk 4 omganger med 1 rett, 1 vrang.

Strikk diagrammet du har tegna.

Strikk ein omgang rett, fell på neste omgang slik: *2 sammen 7 rett*. Du har no 32 masker. Strikk ein omgang rett.

Sett av til tommel: Stirkk dei 6 første maskene inn på ein hjelpetråd, sett maskene tilbake på venstre pinne og strikk maskene på nytt. Dette kan virke litt vanskelig å forstå ved å lese det, men HER kan du sjå korleis du skal gjere det. Følg steg 1-3 på bildene. 🙂

Strikk rundt og rundt 24 (26) omgangar spiss felling og 26 (28) (rund felling) omgangar.

Februarvotten – Oppskrift: MaBe på Ravelry

Rund felling:

*2 rett, 2 rett sammen* ut omgangen.

2 omganger uten felling.

*1 rett , 2 rett sammen* ut omgangen.

2 omganger uten felling.

Strikk 2 og to rett sammen omgangen ut.

Klipp av garnet og trekk tråden gjennom maskene, fest godt.

Mønster: Nordlysnatt

Spiss felling: 

1. omgang: *2 rett sammen, 12 rett, 2 vridd sammen* gjenta runden ut.

2.omgang: Strikk 1 omgang uten å felle.

Gjenta 1.-2. omgang, men med 2 mindre rett mellom kvar felling. Gjer dette til det er 8 masker igjen på pinnane. Klipp av garnet og trekk tråden gjennom maskene og fest godt.

 

Tommel:

Trekk ut hjelpetråden og strikk opp 6 masker på kvar del, auk 2 masker på kvar side. Følg bilde 5-9 HER. Du skal no ha 16 masker på pinnane.

Strikk (16) 18 omganger rundt.

Fell av: strikk to og to masker sammen til du har 8 masker igjen, klipp av tråden og tre igjennom maskene. Fest godt.

 

Toving:

Vottane fukter eg godt og tover i tørketrommel i ca 30 min. Etter det tar eg dei ut og ser om dei trenger nåken 5-10 min til. Det er det som er så praktisk med tørketrommel, ein kan tilpasse det 🙂

 

Mønster: Marius Sandnes Garn


Snøløvgenser

Puh, her er det endelig bilder av den største produksjonen til jul! Fire Snøløvgensera til tantebarna, og siste halskant blei felt av til hovmesteren på lillejulafta.. Godt mamma var der og kunne trø til med trådfesting.. 🙈

Det var ikkje det at eg starta for seint på genserane, men eg klarte å strikka to av dei på feil pinne…. Kan tru all lufta forsvant i meg når eg innsåg det, etter å ha kome til mønster på nr to. Å rekke opp er jo ikkje eit alternativ, så eg måtte på butikken  å handle meir garn 🙈

  • Str 6 år og 4 år
  • Garn: Sandnes Merinoull
  • Pinne: 3 og 3,5

  • Str 6 år og 2 år
  • Garn: Drops Merino Extra Fine
  • Pinne: 3,5 og 4

Ved neste anledning så trur eg at eg vil strikke i Drops Merino Extra Fine, genseren blei litt fastare i det garnet, og eg trur ikkje det hadde nåke å sei på strikkefastheten, den holdt eg heile veien. Dessuten så skal det garnet vaskast i maskinen, og det er jo eit stort pluss for barnehagebarn. 🙂

Hadde du nåken større prosjekt til jul? 😀

DIY: Februarvotten

Pinnane mine har gått varme i heile haust, og i juleferien var det tova vottar det helst gjekk i.  Eg var litt lei av tradisjonsstrikk som Marius og Setesdal, så no i januar fant eg meg ei ny oppskrift; Februarvotten. Eg bruker Drops sitt garn då eg synes det tovar mykje finare enn feks Fritidsgarn i frå Sandnes.     

Pinne: Settpinnar nr 5

Garn: Drops Nepal

Oppskrift: Ei kjøpeoppskrift du får tak i HER.

Den sitt perfekt på handa 🙂 

Den er enormt kjappstrikka, og eg strikker ein vott på ein kveld. 🙂

Dette er ei kjøpeoppskrift du får tak i HER.