DIY: Påske-girlander

Påsken er snart rundt hjørnet, så her kjem ein liten og enkel DIY som piffer opp ein tom vegg. Du kan jo lage girlander av kva figur som helst, men eg har laga min girlander fylt med fargerike harer. Vi blir jo sjølvsagt heime i påsken, slik som resten av landet, så litt påskepynt må vi jo ha. Den siste veka har eg holdt på med ein del forskjellig kreativt, så det er bare til å glede seg til mange innlegg rundt kreativ påske 😁 All ære til Vegard som har akseptert kaoset mitt, han begynne vel å bli vant med det no.. 😅

Du trenger:

  • Ark i forskjellige fargar
  • Ein liten pappbite
  • Nål
  • Hyssing
  • Saks
  • Evt bomull

 

Slik gjer du:

Tegn opp figuren du ønsker å lage på eit stykke papp og klipp ut. Denne skal bli sjablongen din.

Tegn opp rundt sjablongen og klipp ut antal harer du ønsker på girlanderet ditt.

Stikk hull med ei nål og tre hyssing gjennom figurane og heng opp!

Lim gjerne på en ball av bomull om du ønsker hale på haren, eller tegn på ansikt om du ønsker.

 

Det er kun kreativiteten som stopper deg!🙂

Her ser dåke litt av eit anna innlegg som snart kjem 🙂