Øyhopping

Eller det heiter vel ikkje det når eg bare tok båten i frå ei halvøy til ei øy, men eg reiste i alle fall utover mot øyane då!

Tidligare i veka var eg ein tur til Hitra for å besøke mediehuset Hitra Frøya. Spennande å få besøke andre og sjå korleis dei jobbar og tenker annerledes enn oss her på Fosen.  Eg har aldri vore på Hitra før, og eg trur øya viste seg i frå si aller beste side når eg var der. Skikkelig nydelig vintervær, blå himmel og så og sei vindstille!

Shameless selfie på bussholdeplassen

Bak treet og oppi der ligg sentrum av Hitra – Fillan

Nåken fine timar i øygapet før eg vendte nasen heimover til halvøya mi igjen. 🙂  

Trondheimstur

I helga var vi på nok ein Trondheimstur. Denne gangen reiste eg inn på torsdagen, på jobbsamling til fredag, før Vegard, Tone og Andreas kom over for helga. Trondheim viste seg i frå si beste side, bare sjå kva eg våkna til på fredags morgon då! Utsikten frå hotellrommet.

Torsdagen var det først faglig samling før vi gjekk over til sosialt. Vi var på Trondheim Camping og spelte minigolf. Nei, det er ikkje ein campingplass slik som fleire av oss trudde, det er ein uteplass/bar der ein kan spele minigolf og være sosial ilag. Supert konsept, kjem nok til å gå tilbake hit! 🙂 

Etter minigolfen for vi på Graffi Solsiden. Og igjen så svarte maten til forventningane. Og viss du ser under her så har vi virkelig ete mykje god mat i helga, godt det er lenge til neste gang!

Foruten å ha ete mykje god mat så har vi gått ein heil del i byen. Ein av grunnane til at vi reiste inn denne helga var at det blei arrangert Whiskey-festival, nåke som mannane gjerne ville gå på. Eg og Tone var ikkje så vanskelige å be når vi innsåg at det var Toilldaga i Midtbyen samme dagen. Det var heldigvis ikkje så enormt mykje folk i byen, men på senteret Trondheim Torg var det krise.. Hørte og at folk hadde stått i kø frå kl 06 om morgonen. SÅ desperat etter tilbud var ikkje vi, så vi handla vel egentlig bare det som ikkje var på tilbud..Typisk eller kva..?

 Nok ei fin helg i bartebyen! Trudde jo egentlig at vi skulle reise litt oftare inn til byen enn vi gjere, men desto kjekkare dei gangene vi gjere det 🙂 Og spesielt ilag med andre!

Oppskrift: Orange Chicken Panda Express

Ein av topp 5 take-away plasser når vi budde i USA var Panda Express. Kinamat slår jo aldri feil, og på Panda Express så får ein så enormt mange forskjellige rettar til ein heilt super pris! Eg kjente at eg savna den muligheten når vi flytta heim til Norge igjen. Og når vi eri Trondheim så blir det jo aldri til at vi går å et på kinaresturant heller.. Så når eg innsåg at det var mulig å lage sin eigen Panda Express middag heime så måtte vi jo bare prøve! Dessuten så hadde eg sett at nåken venner av oss hadde testa det tidligare, og dei godkjente det absolutt.

Oppskrifta kan nok sjå litt voldsom ut, men det er den faktisk ikkje. Les gjennom den før du starter og bland alle ingrediensene

Du treng til 6 personar:

Til kyllingen:

  • ca 900 gram kyllingfilet skjært i ønska størrelse (2 cm terninger ca)
  • 1 egg
  • 1,5 ts salt
  • 1 knipe pepper
  • 2 ss rapsolje
  • 1 dl maizena
  • 0,5 dl mjøl

 

  • 1 ss maizena
  • 2 ss rice wine (eg brukte kvitvinseddik)
  • 0,5 dl vatn
  • 1 ts sesamolje (eg brukte rapsolje)
  • 3 ss soyasaus
  • 10 ss sukker
  • 10 ss kvit eddik (brukte kvitvinseddik)
  • Raspa skallet av ei medium appelsin
Til slutt:
  • 1,5 ss hakka færsk ingefær
  • 2 ts hakka kvitløk (denne droppa eg)
  • 0,5 ts hakka rød chili
  • Topp med litt hakka vårløk og sesamfrø før servering

 

Slik gjer du:

  • Bland alle ingrediensene til sausen i ein bolle.
  • Bland egg, salt, pepper og olje i ei skål og maizena og mjøl sammen i ein annan bolle.
  • Dypp kyllingbitane først i eggeblandinga så i mjølblandinga, deretter legg du dei i frityrpanna. (Sjå tips lenger ned på sida)
  • Når kyllingen er fritert legg du den på eit tørkepapir så fettet kan renne av.
  • Når du er ferdig å fritere tar du ingefær, kvitløk og chili i ei stor steikepanne/wokpanne med litt olje. Fres i ca 20 sek.
  • Tilsett sausen og kok opp til det er blitt litt seigt.
  • Skru av varmen og tilsett den friterte kyllingen. Rør godt rundt så all kyllingen får saus på seg.
  • Strø vårløk og evt litt sesamfrø på før servering.
  • NYT!

Fritering:

Du treng:

  • 1 liter rapsolje
  • 1 kjele (eg brukte min le cruset støypejerngryte)
  • Termometer
  • Kjøkkenpapir
  • Tresleiver

Slik gjer du:

  • Forlat aldri kjøkkenet når du varmer opp olja, eller når den er varm.
  • Ha eit lokk tilgjengelig slik at du kan kvele flammen om uhellet skulle være ute. Bruk ALDRI vatn til å slukke!
  • Hell olje i kjelen, men aldri meir enn halvfull.
  • Varm opp på sterk varme (eg brukte 7av9). Når olja har nådd rundt 180° C tar du å dypper ei tresleiv oppi. Begynner det å bruse rundt olja er den varm nok og klar til å fritere. Skru ned varmen om det er nødvendig, men temperaturen vil synke når du tar kylling oppi.
  • Ta ein og ein kyllingbite ned i panna til du har fylt opp nok. (eg tok nok litt mykje oppi, og då må du passe på å dele dei fra kvarandre og det tar lenger tid å få dei ferdig steikt.)
  • Legg kyllingen på tørkepapir slik at fettet får renne av seg.

Oppskrifta fant eg her, men har gjort nåken små endringar og skreve den om til norsk.

Winter wonderland

For ei veke sidan var eg sikker på at vinteren var over og at våren var på vei. Eg såg at gradestokken kraup oppover, snøen var smelta vekk og krokkusen var begynt å komme opp av jorda.

Vel, så feil kan ein ta, eller ka? Det har snøa heile helga, og i natt hadde det lagt seg ca 10cm puddersnø. Så vi får nok bare vente med å pakke opp skjørt, kjolar og sneakers nåken veker til, for her skal det tydeligvis være vinter heilt til påske..


Er det fortsatt vinter i resten av landet og? 🙂