Eg bare må komme med eit lite restauranttips om du er i Trondheimsområdet og har lyst på grill/kjøtt. Det er virkelig å anbefale Grillfest på Graffi Trondheim! Då får du Entrecóte, kyllingfilet, spareribs, kyllingvinger, mais, tomatsalat, soppstuing, maiskrem, béarnaise og BBQ-saus, hvitløk- og ranch-dip, tortillachips, Graffi fries stabla opp på bordet! Og i tillegg til det fekk vi gratis påfyll av alt tilbehøret. Heilt genialt om ein er mange, og vil ha litt forskjellig kjøtt. Eg var jo sjølvsagt litt redd for at kjøttet skulle være for godt steikt, men det var heilt perfekt! Her skal eg absolutt tilbake :)17
Klarer du ikkje å velge dessert, så kan du få litt av alt. Eller ikkje akkurat litt, det var meir enn nok til fleire personar.
Her kjem eit lite pengesparande (og miljøsparande?), tips i forbindelse med oppussing! Eg har jo malt stove, gang, kjøkken og hobbyrom i løpet av dei siste mnd, og eg har då sjølvsagt brukt rulle på veggane. For å få malinga best mulig fordelt på rulla, så er det greit å bruke eit rullekar. Problemet er jo at ein kan ikkje drive å kjøpe nye rullekar for kvar gang ein skal skifte farge. Ja, det kan fint vaskast, men når ein går i fra mørk blå til kvit maling så er det alltidI litt blåmaling igjen som løsner..🙄
Så i staden for å bruke masse pengar på nye rullekar for kvar gang, så bruker eg bare litt aluminiumsfolie i bunnen på karet og heller malinga oppi. Når eg då er ferdig med malinga og karet, så bretter eg bare foliet sammen som ein ball, og vips! Ingen søl, ingen maling i vasken og du kan fint bruke rullekaret mange ganger til. 🙊
Eit lite tips når du skal henge opp knaggar i forskjellige høgder er å klippe ut papir i samme størrelse som knaggen og lime på veggen med tape. På denne måten kan du få eit lite inntrykk av korleis det vil sjå ut etter at knaggane er skrudd opp, og du slepp å skru mange hull i veggen før du er sikker. Det samme prinsippet gjeld om du skal lage ein bildevegg men mange bilder, bruk papir for å finne ut korleis du vil ha det. 😊 Veldig greit, så sleppe du mange hull i ein nymala vegg!
Og ja, gangen er ferdig, så det gjenstår vel bare å få til å ta nåken brukbare bilder av den så eg kan dele med dåke 😃
Kven vil vel ikkje tjene litt pengar på hobbyen sin? Vil ein leve av blogginga så må ein i alle fall starte ein plass. Så idag ville eg egentlig bare tipse dåke om ei affiliates-side som dåke burde melde dåke inn i, for å kunne tjene litt ekstra i mnd. 😊
HERkan du melde deg inn i Adviral media, eller tidligare kalla Bloggklubben her på Blogg.no. Her kan du tjene pengar på klikk, %-vis av kjøp osv. Kva så om du ikkje har så mange lesara, mange bekker små blir til slutt til ei elv 😜
Oki, midt mellom alle dei solfylte innlegga fra Hawaii så må eg bare komme med tidenes lifehack i fra kjøkkenet i Phoenix. Nåken som har prøvd å vispe krem eller lignande i ei skål før? Også spruter det krem ut over heile kjøkkenet? Spesielt om det er ein krem med sjokolade i, og du har kvitt kjøkken. 😅 Yey! Så når eg tilfeldigvis raida Pinterest her ein dag, så kom eg over dette geniale trikset.
Alt du treng er ein stor papptallerken og nåke til å stikke hull med. Voila! Aldri meir sjokoladeflekkar på kvit vegg! 🙌 🙌 🙌 Bare sjå rundt skåla og bort på morten i hjørnet, det var før eg festa tallerkenen på.. Etterpå for alt oppi tallerkenen! Snakkes altås..!
Å kutte grønsaker er jo det som tar tid ved middagslaging. Så kvifor ikkje gjere det enkelt og kutte opp store mengder på ein gang og fryse ned til dei skal brukast? Eg sto ikkje så veldig lenge for å kutte opp masse grønsaker, men det er dyrbar tid når ein står og er sulten etter jobb.
Grønsakene kan då enkelt leggast i ei ildfast form og feks. steikast i lag med laksestykker i ovnen. Eg trur det er rundt 400-500 gram med grønsaker her. Det er ein blanding av gulrot, søtpotet, brokkoli og purre, men ein tar det ein sjølv ønsker.
No kan til og med Vegard lage fiskemiddage klar til eg kjeme heim fra jobb 😉
Kanskje eit simpelt tips, men svert genialt og tidssparande! Eg var i alle fall svært fornøyd med meg sjølv når hadde fem posar med ferdig oppkutta grønsaker klar til bruk liggande i frysen.
Sjå kor stilig! Gjenbruk av grønsaker som vårløk er jo heilt genialt. Vårløken er jo ganske nedkutta etter matlaging, og til vanlig pleier vi bare å kaste resten. Eg kom øve eit tips på denne bloggen her, og fant ut at dette måtte prøvast. Alt som trengs er ein strikk, to pinnar og eit glas med vatn. På bildet under her har vårløken stått i nokre dagar:
Eg satte vårløken slik at den har tilstrekkelig med sollys, og skifta vatn på den innimellom når det begynte å bli grumsete. Vårløken kan lukte litt, men då er det bare å ta vekk den “slimete” hinna som kjem på stilkane.
Eg kom på at eg ikkje har delt bilder av borddekkinga fra vennejulebordet vi hadde heime i desember. Kanskje litt seint, men kanskje nåken kan hente litt inspirasjon til eit nyttårsbord eller lignande 🙂
Eit tips til borddekking er å ta naturen inn. Det er både gratis og gir liv til bordet.
Eg brukte serviettar fra IKEA, Serviettringar har eg laga sjølv sjå HER, stjerner og juletre fra Søstrene Grene, store lys og bordkort fra Upstairs, Blomar HER og granbar fra skogen!
Dette må nok være den beste julegaven eg fekk gitt bort i år. Kanskje litt dumt å komme med dette tipset etter jul, men i frykt for at Besto og Bessen skulle lese bloggen så kunne eg ikkje legge det ut før no.
Bøkene inneholder spørsmål i frå barndom, skulegang, kjærlighet, venner, utdanning, familie og slikt. Heile boka går ut på at mottakaren skal svare på spørsmåla vi lett har for å gløyme og stille. Det er og mange blanke linjer og sider kor besteforeldra kan fortelle og lime inn bilder frå livet.
Hensikten er at besteforeldra mine skal fylle ut bøkene, og etter dei er ferdig utfylt skal eg få dei i retur 🙂 På den måten vil eg ha ei bok full av gode minner og historiar eg kan lese når eg vil! Eg gler meg vilt!
Så Bessen og Besto, dåke må virkelig gjere ein innsats med bøkene 😉
Til jul er eg veldig glad i Sviblar rundt om i leiligheten. Eg elskar jo grøne blomar i utgangspunktet, så når dei i tillegg kjem med ein liten blom på slutten av levetida si så er dei heilskjønne! Sviblar er og veldig fint å bruke i dekorasjonar til jul. Eg brukte dei som dekorasjon rundt på bordet når vi hadde vennejulebordet vårt her heime.
Eg var opptatt av at dekorasjonen ikkje skulle koste så alt for mykje, så eg hadde ikkje så lyst å kjøpe nye potter bare for anledningen. Derfor blei eg sjeleglad når eg fant denne fine voksduken på Stoff og Stil på lørdag. Heilt perfekt var den!
Du treng:
Små sviblar
Tråd i valgfri farge
Voksduk i str 23×23 cm. Eg har denne fine i linlook med sølvtrådar
Når du bruker voksduk i staden for fek. gråpapir, så gjer det ikkje noko om du vatnar blomen. Voksduken tåler nemlig litt vatn, og det vil ikkje renne gjennom og skade bordet 🙂
Blei dei ikkje søte? Også så fint dei kledde bordet då, eller ka? 🙂