Å designe eit par med tova vottar er faktisk ikkje så vanskelig som ein skulle tru. Kanskje faktisk ein av dei lettaste strikkeplagga å designe mønster til. Dei fleste tova vottane som eg har strikka er det 36 masker ved mønsterstrikk. Her er det med andre ord bare å lage seg eit rutediagram med 36 masker i bredden og ca 18 masker i høgden, og tegne på det mønsteret ein vil. Bruk gjerne mønsteret under til å tegne i.
Strikk votten slik:
Dame (herre)
Legg opp 36 (36) masker på pinne nr 5-6, avhengig av kor stramt/laust du strikkar. Strikk 4 omganger med 1 rett, 1 vrang.
Strikk diagrammet du har tegna.
Strikk ein omgang rett, fell på neste omgang slik: *2 sammen 7 rett*. Du har no 32 masker. Strikk ein omgang rett.
Sett av til tommel: Stirkk dei 6 første maskene inn på ein hjelpetråd, sett maskene tilbake på venstre pinne og strikk maskene på nytt. Dette kan virke litt vanskelig å forstå ved å lese det, men HER kan du sjå korleis du skal gjere det. Følg steg 1-3 på bildene.
Strikk rundt og rundt 24 (26) omgangar spiss felling og 26 (28) (rund felling) omgangar.
Rund felling:
*2 rett, 2 rett sammen* ut omgangen.
2 omganger uten felling.
*1 rett , 2 rett sammen* ut omgangen.
2 omganger uten felling.
Strikk 2 og to rett sammen omgangen ut.
Klipp av garnet og trekk tråden gjennom maskene, fest godt.
Spiss felling:
1. omgang: *2 rett sammen, 12 rett, 2 vridd sammen* gjenta runden ut.
2.omgang: Strikk 1 omgang uten å felle.
Gjenta 1.-2. omgang, men med 2 mindre rett mellom kvar felling. Gjer dette til det er 8 masker igjen på pinnane. Klipp av garnet og trekk tråden gjennom maskene og fest godt.
Tommel:
Trekk ut hjelpetråden og strikk opp 6 masker på kvar del, auk 2 masker på kvar side. Følg bilde 5-9 HER. Du skal no ha 16 masker på pinnane.
Strikk (16) 18 omganger rundt.
Fell av: strikk to og to masker sammen til du har 8 masker igjen, klipp av tråden og tre igjennom maskene. Fest godt.
Toving:
Vottane fukter eg godt og tover i tørketrommel i ca 30 min. Etter det tar eg dei ut og ser om dei trenger nåken 5-10 min til. Det er det som er så praktisk med tørketrommel, ein kan tilpasse det