Interiørmesse med meir!

Etter jobb på torsdag reiste eg til Oslo. Det er endelig januar, og tid for interiørmesse i Lillestrøm. Siden eg ikkje jobber i interiørbutikk no, så var eg egentlig ikkje forberedt på at eg skulle reise, men når sjangsen var der så måtte eg bare vere med!

Det å kunne gå rundt å sjå på årets trender, nye varer, høyre litt foredrag og bare ha ein dag fylt av gode inntrykk av interiør, kler og smykker er kjempe gøy! Det er ikkje akkurat for alle, det å gå å trø i fra kl 10 til 17.. Heller for oss spesiellt interesserte 😉

Årets trender er mykje det samme som i fjor, det skandinaviske, litt natur og rolige fargar. Fargar er viktig, no et det stopp på kvite veggar og sterilt (om vi skal følge ekspertane sine råd). Her er nåken bilder som viser litt av korleis årets trender/tendenser er:

Her er den nydelige standen til Secrets by B. For ei fantastisk hyggelig dame, og ikkje minst nydelige produkt. Årsaken til at vi snakka med ho var at det er nåken lokale damer heime i fra Rosendal som har styla og tatt bilder til katalogen hennes. Eg tok då nåken bilder for dei, slik at dei fekk sjå standen. Veldig flinke damer! 🙂 Sjekk ut @Dianaousdal og @hildringjorunlarsen på Instagram.

Litt (masse) mat må ein ha etter ein lang dag. Vi var på Delikatessen på Aker brygge, og nøyt ein nydelig tapas og god vin. Avsolutt å anbefale.

Lørdag møtte eg bror min,Truls, for lunch på Solliplass. Vi gjekk på ein thai inspirert resturant, der vi fek servert fem forskjellige smårettar som vi delte på. Utrulig mange gode smaker, virkelig å anbefale om dåke er i Oslo!

Ei fantastisk innholdsrik helg, men mange inntrykk og mykje god mat. Gler meg allerede til neste tur! :-*

Festiviteter

Forrige helg var tung, men utrulig gøy!

Fredagen starta med ein liten togtur til Stavanger, der vi skulle ha årets nyttårsbord med jobben. For ein fantastisk gjeng eg er så heldig å ha til kolleger! På dagen hadde vi tidenes rebusløp i Stavanger sentrum, før vi hadde nyttårsbord med Casino Royal som tema. Det var nydelig mat, gambling, auksjon og dans til langt på natt.

Lørdag var det heim igjen i fra Stavanger og rett på senteretfor å finne antrekk for kvelden. Vi var nemlig på westernparty på Kjevik, med gode kolleger og venner. Her var det så absolutt topp stemning heile kvelden, både hos unge og mindre unge 😉

Eg kjenner det skal bli deilig å ha ei lity roligare helg no, sjølv om turen idag går til Oslo for Interiørmessa! Ein skikkelig jentetur, gler meg stort 🙂

DIY: pompoms / dusk

Etter at eg la ut oppskrifta på Mariushua så har eg fått ein del tilbakemeldinga på korleis eg laga dusken i toppen. Eg huske eg lagte mange slike med mamma når eg var mindre, så dette satt heldigvis friskt i minnet mitt 🙂

Det er enkelt, bare følg min “steg-for-steg” under her. 

SAMSUNG CSC

1. Klipp ut to like store sirklar og klipp hull i dei.  Mine er 5 cm i diameter og hullet er ca 1 cm. Den passar perfekt til ei lita hue. Skal dusken være større, lagar du bare ein større sirkel. 

2. Legg dei mot kvarandre med hakket på motsatt side. Gjer klar ein mengde med tråd på nåla. Eg har lagt den dobbelt to ganger. 

3. Begynn å tre tråden gjennom papp-ringane, prøv å spre fargen utøve og dekk pappen. Blir du tom for tråd, så finn du bare meir. 

4. Skal du bruke fleire fargar, så kan du gjere det og. Pass bare på å ha nok tråd, det skal være trangt å få nåla gjennom dei siste gangane. Klipp av nåla.  Du treng ikkje knyte tråden fast.

5. Klipp forsiktig opp langs kanten. Prøv å komme mellom pappbitane for å få det beinast mulig.

6. No har tråden spredd seg, og det ser ut som ein ball. 

7. Lag ei løkke med tråden du skal feste med. 

8. Snurp tråden mellom pappbitane, og knyt godt til.

9. No kan du fjerne pappen, og dusken er ferdig! Friser den gjerne litt, om den er skeiv. Dette er bare sjarmerande. 

SAMSUNG CSC

Den gjer det lille ekstra, gjer den ikkje? 🙂

SAMSUNG CSC

 

#diy #marius #mariuslue #hjemmelaga #hjemmelaget #heimelaga #strikk 

#håndarbeid #gjerdetsjølv #gjørdetselv #redesign #tips #triks #dusk #pompom 

 

DIY: Strikkehua 2-4 år

Eg har virkelig fått strikkedilla i det siste. Etter at det var salg på garn Europris har eg bare kost meg med posen med garn, og gleda meg over tinga som blir ferdige. Strikking er virkelig avslappande og ein sitt igjen med ein god mestringsfølelse når resultatet blir bra! 🙂 Denne hua er laga på to kveldar med tv i bakgrunnen, så denne går fort!

SAMSUNG CSC
 

Eg brukte:

  • Garn: Trysil Barn og Baby fra Europris. Du treng ikkje eit heilt nøste for ei hue.
  • Pinne: 3 mm 40 cm og 3 mm 20 cm til toppen. 

 

Slik gjorde eg:

? Legg opp 102 masker på rundpinne nr 3 på 40 cm.? Strikk ei rett ei vrang i ca 2-3 cm. Deretter strikka eg mønster fra Mariusboka.? Når heile hua målte ca 18-19 cm strikka eg to og to masker sammen.? Deretter strikka eg 2-3 rundar med glattstrikk også strikka eg to og to masker sammen igjen på neste runde.Gjenta med å strikke glattstrikk 1-2 rundar før du trer tråden igjennom maskene og snurp til.? Eg festa og ein liten dusk i toppen

SAMSUNG CSC
 

Skal du strikke hue i str 3-6 mnd eller 12 mnd legg du opp 90 eller 96 masker.

Du kan finne mønsteret HER

 

#diy #marius #mariusgenser #Mariuslue #hjemmelaga #hjemmelaget #heimelaga

#strikk #håndarbeid #gjerdetsjølv #gjørdetselv #redesign #skappelgenser #1år #2år #3år #4år #pompom

DIY: Mariusgenser 1 år

Eg kasta meg ut i det, og plutselig var den ferdig! På lørdag fant eg ut at eg skulle strikke ein liten Mariusgenser, bare for å sjekke om eg klarte å lese oppskrifta og få til rundfellinga. Eg har jo ein mariusgenser til meg sjølv på pinnane, men den tar liksom litt lengre tid.. Uansett, genseren blei faktisk ferdig i går! Så eg brukte bare fire dagar på denne genseren, men då satt eg å strikka heile kvelden.

SAMSUNG CSC

Eg har brukt:

Garn: Supewash fra Europris. 200 gram bunnfarge og litt fra eit nøste av kvar av dei andre fargane.

Pinnar: 60 cm rundpinne 3 mm, 20 cm 3 mm rundpinne og strømpepinnar 3 mm. 

Her har eg starta på armane. Eg måtte begynna med strømpepinnar, men når eg hadde akua til 46 masker sette eg armen inn på ein 20 cm liten rundpinne. Då er det å strikke armar ein drøm!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Oppskrifta fant eg i Mariusboka. 

#diy #marius #mariusgenser #hjemmelaga #hjemmelaget #heimelaga #strikk

#håndarbeid #gjerdetsjølv #gjørdetselv #redesign #skappelgenser #1år 

Årets første…

Vi var oppe kl 06:00 idag, på ein lørdag.. Vi er litt usikre på om det er verdt det akuratt no, men om nåken timar er det nok god stemning! Vi er no på vei til Danmark!

Forrige lørdag brukte vi dagen like godt som vi skal idag. Vi hadde ein deilig mårning med ski på tv, før vi blei inspirert til å ta oss ein tur i Jegersberg sjølv! Det var veldig mykje folk i løypa, så det blei ikkje så lenge vi gikk.

På kvelden hadde eg “arrangert” date med ein hemmelighet på slutten! Og hemmeligheten var at vi var på Matoma-konsert i byen! Det var så god stemning 🙂 Vegard blei i alle fall veldig glad for overraskelsen!

DIY Julepynt i leire

SAMSUNG CSC
Kanskje litt seint ute med denne DIY´en, men ein treng jo ikkje bruke figurane som julepynt! Dei kan fint brukast som merkelappar, bordkort, som coaster og pynt på ein uro eller lignande. Det var i alle fall ein veldig gøy ting å sitte å jobbe med, ein blei litt barn igjen. Så dette er ein aktivitet eg kan anbefale å gjere med barn 🙂
SAMSUNG CSC
Du treng:
  • Leire (kjøpt på søstrene grene)
  • Kjevle
  • Bakepapir
  • Sugerør
  • Kakeformer
  • Hobbylakk
  • Pensel
  • Snøre 
Slik gjer du:
  • Start med å kna ein leirebit til den blir litt varm
  • Kjevle den ut på eit pakepapir. Du velger sjølv kor tjukk den skal være.
  • Stikk ut med kakeformer
  • Bruk eit sugerør til å lage hull til tråden.
  • La figurane tørke i 1-2 dagar
  • Mal med hobbylakk fra Panduro. 
SAMSUNG CSC
Enkelt og fint, eller ka?
#diy #gjerdetsjølv #gjørdetselv #hobby #leire #leikmedbarn #lekmedbarn
#barn #triks #julegave #fødselsdag #merkelapper #tipsogtriks #rom123 #aftenposten 

Winterwonderland

Snøen er endelig komt til sørlandet! Det har snøa ei veke no, og det ser ikkje ut til at det skal gi seg heller. Brøytekantane er rimelig store, og mannskapet slit med å få brøyta vekk alt. Men ka gjer vel det? Snø gjer jo alt så mykje lysare og lettare!

Desse bildene er fra første dagen med snø 🙂

Oppskrift: Biffwok med brokkoli

Denne retten hadde vi til middag forrige veke, og alt eg hørte under middagen var godlyd fra Vegard som nøyt kvar bit. Med andre ord; dette var suksess!

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Ønska mengde rødt kjøtt (ca 400 gram)
  • Ønske mengde brokkoli (brukte nesten ein heil)
  • 1 stk Løk
  • 1 ts Pepper
  • 1 ts Salt
  • 1 fedd Hvitløk
  • 1 ts Revet, frisk ingefær
  • 4 ss Soyasaus
  • 0,5 ss Maisenna
    Blanda med 2 ss vann
  • 2 ts Sukker
  • 2 ss tørr kvitvin
  • 2 ss Matolje

Slik gjer du:

  1. Skjær kjøttet i strimler, skrell og finhakk løken og kutt brokkoli i små bukettar.
  2. Bland kjøttet med salt, pepper, ingefær og hvitløk, 1 ss av olja og halvparten av soyasausen. Bland godt og la det ligge i minst 1/2 time så smaken trenger inn i kjøttet.
  3. Varm olja i wokpanne eller gryte. Steik løken raskt i varm olje, i ca. 1 minutt – rør heile tida.
  4. Ha i kjøttet og rør rundt. Når du ser kjøttet begynner å få brunfarge så legg du i brokkolien og lar den få eit minutt i panna. 
  5. Bland inn sukker, resten av soyasausen og vinen sammen med maisenna og vatn. La koke opp, men husk at kjøttet ikkje må være for lenge i panna. Rør godt så sausen får blanda seg inn.

Server med ris

SAMSUNG CSC

Oppskrifta fann eg på vektklubb.no

#oppskrift #middag #vektklubb #biff #brokkoli #matprat #godtno #matformons #heimelaga #hjemmelaga

Små gleder

Små gleder, men stor luksus er vel det vi kan kalle nysteikt varmt brød til kvelds? Eg trur kanskje eg har bakt brød aleine ein gang før, så dette er vel ikkje kvardagskost her i hus.!

SAMSUNG CSC

Brødet er ikkje heilt heimelaga då, men eg har i alle fall elta deigen, sett på den heve og steikt dei! Og bare det tok rimelig lang tid vil eg sei.. Uansett, no nyt vi varme skjever til kvelds mens Vegard ser på United-kamp og eg skal sjå Tid for Hjem.

 Kvardag altså! <3

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#heimelaga #nysteikt #brød #oppskrift #kvelds #matprat #godtno #brødmat #hjemmelaget