DIY: Lysestake i betong

Før jul hadde eg så mange prosjekt på gang at eg ikkje hadde mulighet til å dele alt. Eg kjøpte meg ein sekk med 25 kg betong, og sette i gang med friskt mot. Eg laga mange forskjellige lysestarar. Det einaste så var dumt var at eg ikkje hade lyshylser til å sette nedi betingen, så dei fleste stakane blei faktisk ikkje så fine som eg hadde forventa meg, då lysa ikkje sto beint. Nestegang skal eg bruke lyshylser! Uansett, eg fekk i alle fall laga nåken lysestakar som blei greie, og under deler eg metoden eg gjorde det på 🙂

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Fin betong (kjøpte min på Megaflis)
  • Isboks
  • Melkekartong
  • Tape
  • Tapetkniv
  • Olje
  • Lys eller lyshylser
  • Møbelknottar

Slik gjer du:

  • Start med å vaske og skjære til melkekartongen. 
  • Smør litt olje på innsida av kartongen. Dette er for at det skal være enklare å få betongen laus når den har størkna. 
  • Bland betong etter blandeforholda på pakken. Trur eg bruke 4:1, 4 deler betong og 1 del vatn. 
  • Rør godt og hell blandinga oppi dei smurte melkekartongane. 
  • Stikk eit lys nedi betongen. Neste gang skal eg bruke lyshylser, slik at eg ikkje treng å bevege på lyset når betongen skal størkne. HER finn du lyshylser.
  • La betongen stå å tørke ein dag og to før du tar den utav kartongen. 
  • Puss forsiktig vekk overflødig støv og sett på møbelknottar under. 

 

SAMSUNG CSC

No kan du male dei eller bare la dei være som deri er. Eg valgte å male halvparten av staken i sølv.

SAMSUNG CSC

Eg har og valgt å legge møbelkottar under stakane, så dei ikkje skal skrape opp bord og liknande. Veldig praktisk!

SAMSUNG CSC

#diy #gjerdetsjølv #gjørdetselv #hobby #betong #redesign #design #aftenposten #rom123 #hjemmelaget #heimelaga

Borddekking

Eg kom på at eg ikkje har delt bilder av borddekkinga fra vennejulebordet vi hadde heime i desember. Kanskje litt seint, men kanskje nåken kan hente litt inspirasjon til eit nyttårsbord eller lignande 🙂

Eit tips til borddekking er å ta naturen inn. Det er både gratis og gir liv til bordet.

SAMSUNG CSC

Eg brukte serviettar fra IKEA, Serviettringar har eg laga sjølv sjå HER, stjerner og juletre fra Søstrene Grene, store lys og bordkort fra Upstairs, Blomar HER og granbar fra skogen!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Ka syns dåke? 🙂

#julebordet #borddekking #bord #diy #redesign #tips #triks #interiør #interior123 #hjemmelaga

Oppskrift: Kyllingfilet med Aprikossaus

Dagens middag må eg dele med dåke med ein gang. Kylling med aprikossaus, nesten som på resturant her idag.Ja, det var like godt som du tenker! Den søte aprikosen mot den godt krydra kyllingen var ein deilig opplevelse. Enkelt og kjapt var det og! Bare å springe på butikken til i måro 🙂
SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Ønska mengde kyllingfilet (Vi tok 3 stk)
  • Estragon
  • Ein boks hermetiserte aprikoser
  • 0,5 buljongterning
  • Ein pose med ris
  • Olje til steiking
  • salt og pepper

 

Slik gjer du:

  • Sett risen på kok.
  • Dryss salt, pepper og estragon over kyllingfiletane og legg dei med krydderet ned i steikepanna. Ha på krydder på andre sida. Få ei lita “skorpe” rundt filetane, og skru deretter ned varmen på panna. La filetane ligge og kose seg til dei er gjennomsteikt. Snu gjerne på dei innimellom.
  • Sausen lager du ved å kjøre heile boksen med aprikoser og saft i ein blender. Bland inn buljongterning blanda ut i litt vatn, og evt krydder. Varm opp sausen før servering.

SAMSUNG CSC

#oppskrift#mat#middag #nklemat #studentmat #matprat #vektklubb

DIY: Coasters

For å unngå glassmerker på borda er det veldig praktisk med underlag. Det finnes så utrulig mange forskjellige variantar, men dei kjekkaste er dei ein lager sjølv 🙂 Underlaga eg har laga gav eg vekk til svigermor Gunn til jul. Dei passa fint inn i stova, siden ho har fått inn nåken sennepsgule puter i sofaen 🙂 Dei er veldig enkle å lage, og du treng egentlig ikkje så mykje av utstyr. 

Du treng: 
  • Sjablong finn du her!
  • Filt tynn. (tjukk filt finn du her)
  • Ulltråd
  • Nål
  • Skjæreplate
  • Hobbykniv, kuttehjul eller saks
  • Penn

 

Slik gjer du:

  • Kutt ut figurane du skal ha. Bruk kuttehjulet for å få fine kantar.
  • Legg to og to filtbitr oppå kvarandre om du bruker den tynne filten, og sy deretter rundt med ulltrå.
  • For å få kanten rundt slik som eg har, må du sy stinga slik som eg har gjort under. HER kan du sjå ein instruksjonsvideo på korleis du syr kanten rundt.
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC

#coasters #bordskåner #interiør #diy #bord #brikke #glassbrikke #gjørdetselv #aftenposten #interior #design #hobby

Nydelig dag i bakken

Rett og slett ein nydelig 1.nyttårsdag, bildene seier vel sitt?  Etter tre turar var vi så slitne i beina og låra at vi måtte litt på afterskien før vi kjørte heimøve.  Også fekk eg lufta den nye jakka mi, kul eller? 😀





#haukeli #vågsli #hyttetur #vågslid 

Godt nytt år!

Godt nytt år! Dette er utsikten vi våkna til idag, og no viser faktisk sola seg og! Etter ein bedre frokost er det no klart for ein tur i bakken 🙂

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Dette var eit iherdig forsøk på å skrive 2016 med stjerneskudd..Etter sikkert 50 bilder fekk vi det til, og de beste bildet er det som er under.. Vi åt deilig kalkun, men overraskande god stuffing, og etter rakettane var fyrt opp hoppa vi alle i stampen og fekk oss eit godt nyttårsbad.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Fyrverkeriet på Vågsli er ekstremt. Det er så mange hyttefolk som feirar det nye året her, så det mangla virkelig ikkje på fyrverkeri og smell.

Her er nåken bilder av nyttårsbordet, før vi åt 🙂

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Håpe dåke hadde ein like koselig kveld inn i det nye året, som det vi hadde!

#nyttår #newyear #hyttavår #haukeli #vågsli Borddekking #fyrverkeri #diy