Før sommaren var mamma ein tur på besøk her i Trøndelag. Eg hadde klart å ordne meg fri nåken av dagane ho var her, slik at vi kunne få mest mulig tid ilag.
Vi var ein tur innom Uthaug for å sjå på ei gate med gamle hus som låg heilt i sjøkanten. Her fant vi og eit naust som virka veldig interessant, og siden døra sto åpen og det hang eit skilt med «cafe» på døra, så gjekk vi inn 😅 Det var jo slettes ingen cafe, men rett og slett ein mann som hadde samla på alt og ingenting heile livet. Han hadde så ekstremt mykje fasinerande ting/ skattar der inne! Han var veldig pratesjuk, så vi var der nok ein liten time og høyrte på alle sjørøverhistoriane han hadde å fortelje.
Vi gjekk ein tur på Gartkviga. Ein topp vi visste ikkje var nåke høg, men at vi skulle bruke knappe 7 min på turen opp var vel heller sjokkerande😅 Vi brukte faktisk lengre tid på vei ned, siden mamma skulle vise vei.. 😂
Fin utsikt over Garten var det i alle fall. Her går og ferja over til Storfosna.
Vi fant kvart vårt multebær og, så det var verdt turen opp 🙈
Det er så herlig å få besøk her oppe! Også er det jo litt fint her og..😊
1 års bryllupsdag! 💕 Tenkt at det har gått eit heilt år siden vi hadde eit lite intimt og kjapt bryllup heime i Kristiansand. Heile det første året har vært eit einaste stort eventyr, men det er vel slik når ein flytter eit år til utlandet rett etter bryllupet. Her er nåken ord som kan oppsummere det siste året vårt ganske greit: USA, reise, strand, varme, ørken, basseng, roadtrip, Hawaii, opplevelser, familie, vennskap, latter og glede. 💕 Vi har enda litt over ein mnd igjen her i Florida, og skal virkelig nyte den til det fulle. 😊
Etter snart 9 år sammen, 5 år samboera og 1 år som gift, så kan eg med hånda på hjertet sei at eg er verdens heldigaste! 💕
Dette året har vært som ein ett års lang bryllupsreise nesten. Snart skal vel vi og møte kvardagen, sjølv om den sikkert ikkje blir så veldig forskjellig i fra før vi var gift. Nye eventyr venter til hausten, ny jobb står å venter på meg i Norge og det einaste vi mangler no er ein leilighet så er vi klare til å flytte til Ørlandet utenfor Trondheim! Vi gler oss! 😃
Her kjem nåken bilder av buketten og ringane våre fra bryllupet 🙂 Buketten er laga av finaste Julia Klausen, du finn ho HER på Instagram. Ho er så flink, og tar gjerne i mot andre oppdrag om ho har tid 🙂 Eg hadde peoner, eucalyptus, brudeslør og to forskjellige rosetypar i min. Veldig elegant, men tilfeldig og rufsen, slik eg ville ha den 🙂