Oppskirft: Langtidssteikt Barbacoa biff-taco!

Denne oppskrifta her har eg leita etter sidan vi åt den i april 2020(!). Heldigvis gjekk eg i gjennom dei upubliserte innlegga mine her på bloggen og innsåg at eg hadde laga klart eit innlegg, utan å ha publisert det! Det er nok ei meining med det, det blir skikkelig taco ein dag snart 🙂

Altså, kvifor ikkje gjere nåke ekstra ut av tacoen av og til?

Til 4-6 personar treng du:

  • 1,5-2 kg Høgrygg eller entrecote (entrecote var saftigare enn høyryggen)
  • Olje
  • 3-4 Chipotle Chili i Adobo saus (evt annen chipotle/chili. Den gjer tacoen spicy. Eg brukte Sambal olek og siracha, då kan du kjenne kor sterkt det blir med ein gang.)
  • 1,5 dl Biff buljong
  • 4 ts hakka kvitløk
  • 1,5 ss spisskummen
  • 1 ss tørka oregano
  • 1 ts salt
  • 0,5 ts pepper
  • 1/4 ts nellik
  • 1/4 dl limejuice

 

Slik gjer du:

  • Sett ovnen på 180 grader.
  • Del opp kjøttet i passe store terningar (4-5 cm), tilsett litt olje i ei panne og steik biffen litt på alle sidene.
  • Legg biffen i gryta/ ildfast form eller lignande.
  • Bland sammen Buljong, kvitløk, spisskummen, oregano, salt, pepper, nellik og limejuice i ein foodprosessor. Smak til med chipotle/chili. Kjør til det er godt blanda.
  • Tøm blandingen over kjøttet og sett gryta/forma i den forvarma ovnen. Ha lokk på.
  • Senk temperaturen etter 20 min. Ved 140 grader må kjøttet stå minst 4 timar og ved 100 grader må det stå i ca 8 timar. Dette om du velger å ikkje skjære opp kjøttet i terningar og.
  • Når kjøttet er ferdig kan du dra det frå kvarandre med to gaflar.

 

Server tacoen med feks:

 

Kjøttet er perfekt å bruke til andre ting og, som feks:

  • Taco
  • Salat
  • Nachos
  • Quesedillas
  • Enchiladas
  • Hamburger
  • Pizza

 

Oppskrifta fant eg her.