1. adventsluke

Eg og Vegard har laga oss ein koselig tradisjon. I staden for å stresse med å kjøpe 24 småpakkar til kvarandre gjennom desember, har vi “bare” større pakkar på kvar søndag i advent! Dette synes vi egentlig er kjekkare begge to, fordi vi kan få nåke som er litt meir skikkelig enn mange småting liggandes rundt. I dag er jo første søndag i advent, og vi var begge spent! I går var vi på senteret og Vegard var på shopping aleine 😉 Han kjenner meg heldigvis godt, men alikevell blir eg alltid veldig overraska når søndagen kjem 🙂 Vi har og vore så heldige å få tilsendt adventskalender i frå mamma, pappa og Gunn, så vi skal ikkje akkuratt sei at vi har det vondt i førjulstida 🙂

Til meg fra Vegard:

Til Vegard fra meg:

#advent #kalender #adventkalender #pakker #førjul

Julehus!

Ja, eg har begynna å pynta til jul.. Eg veit det er tidlig, men vi reiser jo heim til jul og vil jo ha litt pynt her nede og:) Vegard meiner eg er gal, men han synes jo det blir fint og. Vi hadde jo ein heil kasse med julepynt ståande, men alikevell må eg jo kjøpe nåke nytt. Nytt for året er raude gardiner, store julekuler i vindu, nissar, minijuletre og stor stjerne! 🙂 I kveld har Vegard invitert til julemiddag, og no luktar det deilig pinnekjøtt i leiligheten!  Fin fredagskveld 🙂

Julekuler fra Nordal, Gardiner fra KID, Julestjerne fra Rusta, Nissar fra Palma

Oppskrift: Havrekjeks

Idag vil eg ha nåke godt til Farmen. Og eg orka ikkje gå ut døra for å handle noko ingredienser. Denne oppskrifta er veldig enkel, og ingrediensene er noko dei fleste har i hus til vanlig 🙂

3 dl havregryn   1 dl mjelk   30 gram smelta smør   1ss smør   1ts bakepulver   1ss valgfritt mjøl (eg brukte havremjøl)   litt salt  kanel og kardemomme

Bland mjelk og havregryn saman, og la det trekke i ca 15 min. Bland inn alle tørrvarene og det smelta smøret, rør til du får ein jamn deig. Kjevle deigen ut på kjøkkenbenken og stikk former ut. Bruk gjerne litt mjøl under for at det ikkje skal henge seg fast. Eg kjevla deigen ca 5 mm tjukk. Steik på 200 grader midt i ovnen til dei får litt farge. Ca 10-15 min. Når dei er ferdige skal du ikkje ta dei ut av ovnen, men bare opne døra på steikeovnen og sleppe ut litt varme. La kjeksa stå i ettervarmen i ca 30 min, slik får du sprø havrekjeks!

 Oppskrifta finn du på Linda Stuhaug sin blogg 🙂

Hallaien igjen ja

Oi.. Ein heil mnd har gått siden sist det var aktivitet her inne. Det er mykje som skjer om dagen med jobb og studier så eg har ikkje sett meg ned med pc før no. I august blei eg assisterande daglig leder for butikken eg jobbar i, og i tilegg til to eksamenar så er det overraskande mykje jobb. No i slutten av november skal vi åpne enda ein butikk i sentrum av Kristiansand, og dette skjer sjølvklart få dagar før min første eksamen.. Heldigvis er eg forberedt på eksamen, men får håpe min gode venn “skippertak” er med meg i oppspurten i år og..:)  Det må bare gå, eg ser juleferien i det fjerne! 🙂

Her er nåken av dei siste bilda mine på Instagram. Eg har vore heime på besøk, i Bergen, ete god mat, dilla i leiligheten, studert og strikka meg ein ny skappelgenser! Oppskrift får komme seinare, men det er mykje samme oppskrifta på den som ligge under kategorien  “DIY”.