Endelig har eg fått laga meg eit nytt stovebord. Eg blei faktisk overraskande fornøyd med det, og eg trur og at fargen/beisen på det kjem til å vokse på meg. Det forrige var jo malt kvitt, så der viste absolutt alt, og eg følte det aldri blei reint. Eg skal sjå om eg kan få lagt ut ei oppskrift på det snart 🙂
Vi hadde jo egentlig tenkt å ha ei rolig helg før Palmesus neste helg, men når naboen og kollegaen til Vegard ringte å spurte om vi ville komma på ein litt forsinka bursdagsfeiring, så takka jo ikkje vi nei! Heile kvelden var ein stor suksess som enda i eit storslagent taco måltid hos Helge kl 05 i dag tidlig! Eg trur ikkje vi kom oss i seng før klokka nærma seg 09 i dag morges.. Ein del av bildene som blei tatt i går egna seg virkelig ikkje på nett, så her er nåken av dei bedre! 🙂
Endelig, endelig har eg kjøpt meg denne jakka! Eg har ønska meg ei slik jakke frå Barbour i nåken år no, men alle forskjellige modellane eg har prøvt har alltid vore så rare i fasongen. Så eg blei veldig glad då eg fant denne enkle og tidløse jakka til 40% på IMAGE! Eg fekk og kjøpt meg eit par kvite sneakers fra Asfvlt på 50%. Totalt for begge desse plagga betalte eg faktisk ikkje meir enn 1500 kr! Kupp 🙂
På det året vi har budd her i leiligheten så har eg pussa opp stova og badet. Det siste som gjensto no var det triste kjøkkenet vi har hatt.. Gult, slitt og utdatert.. Eg kvinna meg opp ein dag, handla maling og satte i gang. Det heile var egentlig gjort på ein dag!
Slik gjorde eg:
Ta ned skapdørene og legg dei horisontalt slik at det ikkje malinga renn når den tørkar.
Vask skapdørane godt med salmiakk.
Puss lett over med fint sandpapir og tørk vekk støvet.
Rull over med eit strøk med Jotun Heftgrunning og bruk ein fordriver (ein brei pensel) til å stryke over etter rullen.
La det tørke og puss lett over med fint sandpapir.
Ta deretter to strøk med LADY Supreme Finish Halvblank og bruk fordriver her og.
Pass på at det tørkar godt mellom kvar av strøka.
Tips:
Til desse kjøkkenskapa så brukte eg maks 1 liter Heftgrunn og kansje 2 liter med LADY Supreme Finish.
Eg mala og veggen bak i samme farge som resten av spisestova.
Handtaka har eg faktisk bestilt på Ebay! Der fekk eg 22 stk til den nette sum av 171 kr(!). Skulle eg ha kjøpt dei på IKEA så hadde dei kosta 49 kr for to stk. Snakk om kupp! Du kan finne dei HER.
Ein super snacks til partybordet må være dadlar med bacon og jordbær. Sammensettingen av det salte og søte er heilt nydelig! Så enkelt, men likevell så genialt! Ein anna rett som var ny for meg er butterdeigsnurrar. Butterdeig har eg egentlig aldri hatt i hus, men det var jo egentlig smart det og. Og ikkje minst er det noko dei aller minste kan knaske i seg, det er bare å variere fyllet!
Dadlar med bacon og jordbær:
Du treng:
Dadlar i lausvekt fra fruktdisken
Bacon i skiver
Jordbær delt i to
Tannpirker utan menthol
Slik gjer du:
Del dadlane i to og ta ut steinane
Del baconstrimlene i tre. Ei strimle skal være nok til tre halve dadlar.
Surr bacon rundt dadlane og fest med ein tannpirker.
Steik dadlar og bacon på bakepapir nederst i ovenen.
Steik på 190 grader i ca 20 min. Etter 20 min så tok eg og på varmluft, slik at dalane blei veldig godt steikt. Dette gjorde at dei fekk ein deilig karamellsmak! Men pass på så dei ikkje blir for mykje steikt.
La dadlane kjøle seg ned.
Stikk eit halvt jordbær på kvar pinne og server!
Butterdeigsnurrar:
Du treng:
1 pk fryst butterdeig
1 glas tacosaus
2 pk kjøttpålegg (skinke, salami osv)
Kvitost
Slik gjer du:
Legg butterdeigplatene utover bordet slik at dei tinar.
Kjevle butterdeigen ut til dobbel storleik, bruk gjerne litt kveitemjøl.
Fordel tacosaus, skinke og ost utover.
Rull sammen buttterdeigen til pølser og frys dei ned i aluminiumsfolie eller matpapir.
Når du skal servere rullane tar du dei enkelt opp av frysen og skjærer opp skiver på ca 5 mm.
Legg på bakepapir og steik ved 200 grader i ca 15-20 min. Til dei er gyldne. Ps: dei hever seg litt!
For fleire variantar kan du fylle med feks: spekeskinke og parmesanost, eple og kanel, fetaost og skinke osv. Bare fantasien setter grenser!
Ein stor fingermatslager må være lefserullar. Enkle å lage, enkle å ete og alle likar dei! Her har eg laga to forskjellige rullar, ein med laks og ein med rødbetesalat. Oppskriftene under gir deg nok fyll til 4/5 store tacolefser. Prøv å server dette neste gang du har gjester over! 🙂
Focaccia er eit deilig og saftig brød som er supert å servera til tapas, supper eller som snacks. Det fine med focaccia er at ein kan toppe det med så utrulig mykje forskjellig godt, slik at brødet kan variere i det uendelige!