Oppussing: Nytt kjøkken

 

På det året vi har budd her i leiligheten så har eg pussa opp stova og badet. Det siste som gjensto no var det triste kjøkkenet vi har hatt.. Gult, slitt og utdatert.. Eg kvinna meg opp ein dag, handla maling og satte i gang. Det heile var egentlig gjort på ein dag! 

 

Slik gjorde eg:

  • Ta ned skapdørene og legg dei horisontalt slik at det ikkje malinga renn når den tørkar.
  • Vask skapdørane godt med salmiakk.
  • Puss lett over med fint sandpapir og tørk vekk støvet.
  • Rull over med eit strøk med Jotun Heftgrunning og bruk ein fordriver (ein brei pensel) til å stryke over etter rullen.
  • La det tørke og puss lett over med fint sandpapir.
  • Ta deretter to strøk med LADY Supreme Finish Halvblank og bruk fordriver her og. 
  • Pass på at det tørkar godt mellom kvar av strøka. 

Tips:

  • Til desse kjøkkenskapa så brukte eg maks 1 liter Heftgrunn og kansje 2 liter med LADY Supreme Finish. 
  • Eg mala og veggen bak i samme farge som resten av spisestova.
  • Handtaka har eg faktisk bestilt på Ebay! Der fekk eg 22 stk til den nette sum av 171 kr(!). Skulle eg ha kjøpt dei på IKEA så hadde dei kosta 49 kr for to stk. Snakk om kupp! Du kan finne dei HER
  • Sjekk gjerne ut denne filmen her for tips! 

FØR:

ETTER:

#DIY #Gjørdetselv #hjemmelaga #GDS #kjøkken #oppussing #jotun #klikk #maling #føretter #før #etter #nytt 

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg