Denne oppskrifta her har eg leita etter sidan vi åt den i april 2020(!). Heldigvis gjekk eg i gjennom dei upubliserte innlegga mine her på bloggen og innsåg at eg hadde laga klart eit innlegg, utan å ha publisert det! Det er nok ei meining med det, det blir skikkelig taco ein dag snart 🙂
Altså, kvifor ikkje gjere nåke ekstra ut av tacoen av og til?
Til 4-6 personar treng du:
- 1,5-2 kg Høgrygg eller entrecote (entrecote var saftigare enn høyryggen)
- Olje
- 3-4 Chipotle Chili i Adobo saus (evt annen chipotle/chili. Den gjer tacoen spicy. Eg brukte Sambal olek og siracha, då kan du kjenne kor sterkt det blir med ein gang.)
- 1,5 dl Biff buljong
- 4 ts hakka kvitløk
- 1,5 ss spisskummen
- 1 ss tørka oregano
- 1 ts salt
- 0,5 ts pepper
- 1/4 ts nellik
- 1/4 dl limejuice
Slik gjer du:
- Sett ovnen på 180 grader.
- Del opp kjøttet i passe store terningar (4-5 cm), tilsett litt olje i ei panne og steik biffen litt på alle sidene.
- Legg biffen i gryta/ ildfast form eller lignande.
- Bland sammen Buljong, kvitløk, spisskummen, oregano, salt, pepper, nellik og limejuice i ein foodprosessor. Smak til med chipotle/chili. Kjør til det er godt blanda.
- Tøm blandingen over kjøttet og sett gryta/forma i den forvarma ovnen. Ha lokk på.
- Senk temperaturen etter 20 min. Ved 140 grader må kjøttet stå minst 4 timar og ved 100 grader må det stå i ca 8 timar. Dette om du velger å ikkje skjære opp kjøttet i terningar og.
- Når kjøttet er ferdig kan du dra det frå kvarandre med to gaflar.
Server tacoen med feks:
- Heimelaga salsa
- Guacamole
- Mangosalsa
- Sylta rødløk
- Sylta rødkål
Kjøttet er perfekt å bruke til andre ting og, som feks:
- Taco
- Salat
- Nachos
- Quesedillas
- Enchiladas
- Hamburger
- Pizza