Oppskrift: Verdens beste salsa

Ja, eg vil faktisk påstå det! Denne salsaen har vi fått servert hos eit vennepar ved fleire anledningar, og den er så god at eg nesten lager den kvar gang vi skal ha nåke tacorelatert til middag! Ein kan bestemme sjølv kor sterk ein ønsker den og den er skånsom for magen, i motsetning til dei ein finne i butikkane. I denne salsaen bruker eg ein løk som eg kan ete, uten at det påvirker resultatet. Salsaen er og veldig god som dipp! 😊

Oppskrifta er henta i frå Coop Mega! Eg lager den ofte litt på slump, som med mykje anna. Tilpass ingrediensane litt etter kva du likar 😊

 

Du treng:

  • 2 ss olivenolje
  • 2 sjarlottløk (her bruker eg delikatesseløk)
  • 1 ss tomatpurè
  • 1 boks hakka tomater
  • 1 ss flytande honning
  • 1/2 ts chili (her justerer du mengde etter ønska styrke. Eg har gjerne oppi litt fersk chili og.
  • Salt og pepper
  • Saften av ein halv lime
  • Hakka koriander

 

Slik gjer du:

  • Ha olje i ei gryte og steik løk og tomatpure forsiktig i eit par minutt ved medium varme. Løken skal bli mjuk og gylden.
  • Bland inn hermetiske tomater, honning, chili, salt og pepper og rør rundt.
  • La det småkoke i ca 20 min.
  • Avkjøl salsaen og bland inn fersk koriander og lime.
  • Salsaen serveres helst kald. Den er like god etter mange dager i kjøleskapet, ikkje at den pleie å overleve så lenge der då..😅

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg