❄️ Winter wonderland❄️

Her er synet som møtte meg når eg gjekk ut døra idag tidlig. Endelig litt snø igjen! ❄️ Eg har jo ikkje sett snø på rundt 2 år, så det var litt ekstra stas idag ja. Som dåke ser så er det litt flatt her på Ørlandet.. Ikkje mykje fjell utpå denne halvøya nei. 

Her er huset vårt og. Ein ganske typisk bolig som det finnes maaange av her ute. Ser litt ut som institusjonsboligar der dei ligg på rekke og rad. Men greie er dei, og vi har eigen hage, så vi skal ikkje klage 😃

Veien til jobb er og flat. Ikkje mykje ende på horisonten her nei. Men idag var det ekstra fint å gå, alt var så lyst! Kan ein vestlending virkelig trivast her oppe? Uten fjell og okkupert landskap, ja jo, hittil har det gått greit i alle fall 😊  Det er jo så masse kjekke folk her som tar oss godt i mot! Det er virkelig gull verdt! 😊

#mittørland #ørland #brekstad #heim #hjemme #reise #norge #vinter #winter #snø #hus #hjem

Pussa opp soverommet!

Endelig har eg fått pussa opp soverommet vårt! Det var virkelig sårt trengt. HER kan du sjå bildet av korleis det såg ut før. Eg var så lei av å sove imellom stygge, hullete og skitne gråkvite veggar at eg visste ikkje kor eg skulle gjere av meg. Eg trivdes virkelig ikkje der inne. No har det blitt så mykje lunare og koselig! Eg har mala to strøk med Deco Blue og fått opp ein heimelaga sengegavl. Dessuten har eg spraya blomsterpottene i gull, og no manglar eg egentlig bare ein taklampe som kan gi litt godt lys og nåken bilder på veggen. 😊

Sengegavlen er heimelaga, og eg har ein liten DIY på gang her snart. Var den ikkje kul då??😃

Følg meg gjerne på Facebook: Idarossland.blogg.no

#diy #hjemmelaget #heimelaga #gjerdetsjølv #doityourself #seng #sengegavl #sengegavel #hodegavl #hodegavel #soverom

#interiør #interiørbloggen #hobbymagasinet #aftenposten #diymagasinet #hobbygruppo #snikker #snekker  #bygg #verktøy #jotun #decoblue #blå

 

Black Friday smellen

Eg hadde jo egentlig ikkje nåken store planar om å handle nåke på Black Friday. Når du jobber i butikk så går du jo oppi alt heile tida, og eg er då minst mulig nede på senteret med mindre eg er eller skal på jobb. Men når eg såg at blomsterbutikken skulle ha stort tilbud på blomar, då måtte eg faktisk ta turen! Har blitt heilt svak for grønne blomar etter at vi flytta heim igjen, og no har eg klart å handle alt for mange..🙄  Eg fekk i alle fall kjøpt meg ein liten og lang thuja, som eg hadde tenkt å plante i ein liten blomsterkasse å ha framfor ytterdøra  Så når eg hadde handla meg ferdig på blomar tok ein ein liten tur rundt på senteret igjen.

På vei ut i bilen og heim, så klarte eg ikkje gå forbi eit lite grantre på potte som sto i gangen. Og no har vi altså eit grantre utfor huset vårt 😅 Ikkje det at det gjorde nåke, for sjå kor fint det blei i den nye blomsterkassen eg har laga 😃  Egentlig så er eg overbevist om at det blei finare med grantreet enn den smale tynne tujaen. Den skal no få seg ein ny blomsterkasse og stå på terassen inntil vidare.

I går satte eg lys på treet vårt og, og bare sjå kor fint det blei 😃  Forresten, sjå vekk i frå det solbleika huset vårt og den inntørka matte ytterdøra.. Det er ikkje nåke vi får gjort nåke med, siden vi leiger.. Baaaaah, dåke aner ikkje kor keen eg er på eige hus snart!

#diy #blackfriday #hage #ute #advent #tre #skog #kasse #blomster #blomst #advent #jul #jul2017 #heimelaga #heimalaga #hjemmelaget #utendørs 

Eige hobbyrom

Det er vel ganske luksus å kunne vie eit heilt rom til kun hobby? Er det ikkje det? Eg er i alle fall så heldig at vi har 3 soverom totalt i huset vi bur i. Det eine er vårt, det andre er gjesterom og det tredje er mitt.😏  I Kristiansand hadde vi det likt, men då valgte eg å ha mitt rom til klesrom og oppbevaring, det skal eg ikkje ha no. No har eg laga meg eit supergøy hobbyrom, som snart skal ose av kreativitet. Problemet hittil er at eg ikkje har hatt tid (les: tatt meg tid) til å rydde og organisere alle hobbytinga mine. Ting tar tid ja… Eg har fått gjort litt då i det minste. Rommet er mala i blandt anna denne fine fargen her, og ein lys grå farge. Bare det gir rom for kreativitet i forhold til eit krittkvitt kjedelig rom.. Nei, eg gler meg til å vise, når det er halvklart.. For heilt klart blir det vel sikkert ikkje før vi flytter igjen. 😅  Kva synst du om fargen? 

#hobby #hobbyrom #diy #kreativ #interiør #maling #jotun #grønn #gjørdetselv #hobbygruppa #diymagasinet

Lifehack når du maler veggar

Her kjem eit lite pengesparande (og miljøsparande?), tips i forbindelse med oppussing! Eg har jo malt stove, gang, kjøkken og hobbyrom i løpet av dei siste mnd, og eg har då sjølvsagt brukt rulle på veggane. For å få malinga best mulig fordelt på rulla, så er det greit å bruke eit rullekar. Problemet er jo at ein kan ikkje drive å kjøpe nye rullekar for kvar gang ein skal skifte farge. Ja, det kan fint vaskast, men når ein går i fra mørk blå til kvit maling så er det  alltidI litt blåmaling igjen som løsner..🙄

Så i staden for å bruke masse pengar på nye rullekar for kvar gang, så bruker eg bare litt aluminiumsfolie i bunnen på karet og heller malinga oppi. Når eg då er ferdig med malinga og karet, så bretter eg bare foliet sammen som ein ball, og vips! Ingen søl, ingen maling i vasken og du kan fint bruke rullekaret mange ganger til. 🙊

#tips #triks #lifehack #hobby #diy #kreativ #smart #trix #maling #jotun

Ein forferdelig stor UFO

Her ligg altså den største UFO´en min. UFO står for nåke så enkelt som uferdig objekt i strikkeverden..🙊  Vel, denne genseren er jo så og sei ferdig, den mangler bare dei siste rundane med hals.. Så kvifor kan eg ikkje bare bli ferdig tenker du kanskje? Vel, når eg er ferdig med denne så må eg nesten begynne på mannen sin Mariusgenser, og den må strikkast i to størrelsar større enn min! Så det vil ta tid…. Eg velger derfor heller å la min genser ligge uferdig, heilt til eg har fått mot til meg til å starte på hans.. Ka då utsette “problema”? 😅   Har du nåken UFO´ar liggande å skuffa? (plis sei ja…)

#diy #genser #marius #ufo #strikk #strikking #hjemmelaget #heimelaga #kreativ #hobby #hjemmelaga #klær