Årets kulaste partytriks?

No er det ikkje lenge til den store og siste dagen i året. Er det ikkje då kult å ha eit lite partytriks i ermet? Eg er i alle fall sikker på at det er fleire som kjem til å bli imponert om du skålar det nye året inn med eigensabla champagne. Du treng absolutt ikkje ha ein sabel, det er nok kanskje og enklare med baksida av ein stor kjøkkenkniv. Altså, ikkje bruk den skarpe enden, då ødelegger du kniven 🙂

Har du testa dette før? 😀

Bildene har eg funne  på WikiHow.

Driving home for christmas!

Endelig er vi på vei heim til jul! Vi landa i Bergen i går, og etter ei natt der er vi klare for Kvinnherad 😊 Dei siste julegåvene er sjølvsagt ikkje heilt klare, men det har ein jo god tid på vel..😅

Er du klar til mandag?😁🎄

Miakjole

Ein søt liten kjole med hjertemønster er ferdig dampa og klar for ny eigar. Eg synes designaren @Frkaksnes på Instagram er så enkel og grei å forstå, faktisk så har eg kjøpt ein del oppskrifter i frå ho. Kjekt å støtte dei små i denne store strikkeverden 😀 Oppskrifta kan eg absolutt anbefale om du er nybegynner på strikking 🙂

Størrelse: Nyfødt – 3/6 – 6/9 – 12 mnd

Garn: Merinoull fra Sandnes evt Drops merino extra fine

Pinne: settpinne nr 3 og rundpinne 40 cm nr 3,5 (evt rundpinne nr 4, 40 cm om du bruker Drops merino extra fine)

Knappar: 4 treknappar kjøpt på Ebay HER.  100 stk til rundt 23 kr.  Eg har kjøpt alle tre størrelsane, her har eg brukt den minste størrelsen.

Oppskrifta får du i frå @frkaksnes 

Lykke til med strikkinga 😀

 

Willums selebukse

Eg har jo fått heilt dillo på å strikke babyklær. Og nei, det er ingen spesiell grunn til det, anna enn at det går så ekstremt mykje fortare å strikke enn barne- og voksenklær. 🙂 Og når ein blir fort ferdig og får kjappe resultat, då kan ein stare på nye prosjekt. Favoritten min!

Denne selebuksa strikka eg til den ufødte babisen til Mona. Bare sjå kor fin bodyen og fargen på selebuksa var i lag. Knappane er dei samme som eg alltid brukar på babyklær, fine treknappar i frå Ebay, med teksten Handmade With Love på. 

Info:

Størrelse: 2-4 (4-6) 6-9 (9-12) 12-18 (18-24) mnd

Garnmengde: 150g (150g) 150g (200g) 200g (250g)

Garn: Merinoull fra Sandnes, strikkefasthet 22/10, farge Jeansblå 6052. Du kan og bruke Drops Merino Extra Fine på pinne 3,5 og 4.

Pinne: Settpinne 3 og rundpinne 40cm  3,5

Knappar: fra Ebay HER. 100 stk til 23 kr. Eg har kjøpt alle tre størrelsane, men bruker helst 20 mm til barneklær.

Har du strikka denne selebuksa? Evt kva garn har du brukt? 😀

Oppskrift på enkle julekaker

Kjeks og kaker er ikkje noko vi pleier å ha i hus, men til jul blir det litt anna. Det er nåke med det, det skal være litt ekstra kos i desember.  I år har eg faktisk ikkje baka noko sjølv, men mamma har sendt oss ein boks med peppernøtter som allerede er tom. Tidligare år har eg baka litt meir, så under her har eg linka til nåken enkle og gode oppskrifter. Favoritten er nok brente mandlar, dei er så fine å gi bort til jul!

Blir det nokon heimelaga julegaver under treet frå deg i år? 🙂

Havreflarn
Serinerkaker
Brente mandlar
Sjakkruter

Graffi

Eg bare må komme med eit lite restauranttips om du er i Trondheimsområdet og har lyst på grill/kjøtt. Det er virkelig å anbefale Grillfest på Graffi Trondheim! Då får du  Entrecóte, kyllingfilet, spareribs, kyllingvinger, mais, tomatsalat, soppstuing, maiskrem, béarnaise og BBQ-saus, hvitløk- og ranch-dip, tortillachips, Graffi fries stabla opp på bordet! Og i tillegg til det fekk vi gratis påfyll av alt tilbehøret. Heilt genialt om ein er mange, og vil ha litt forskjellig kjøtt. Eg var jo sjølvsagt litt redd for at kjøttet skulle være for godt steikt, men det var heilt perfekt! Her skal eg absolutt tilbake :)17

Klarer du ikkje å velge dessert, så kan du få litt av alt.  Eller ikkje akkurat litt, det var meir enn nok til fleire personar.

Har du vært på Graffi før? 🙂

Sunday funday

Aldri ein kjedelig dag her i gården nei! Idag har vi nemlig vært på kongleplukking. Det er til eit av mine kreative prosjekt, og for Vegard betyr det speletid. Dvs han blei gladelig med å fant kongler, slik at han kunne få timesvis med speiling ikveld. Han var faktisk riktig så engasjert og! 

Vi var ikkje heilt sikker på kor vi skulle finne furutre, men tok sjansen på å kjøre til Yrjarhytta. Yrjarhytta er ikkje så langt i frå her vi bur. Det er og ei lysløype der som dei kjører skispor i til vinteren 😊

Funn! No står konglene i ovnen og tørkar, så det luktar furu i heile huset. Vegard blir sikkert veldig imponert når det luktar furu av middagen vår ikveld…😂

Nydelig solnedgang kl 14:18, sola går tidlig ned her oppe! 

Fjorårets juletre

Juletreet vårt frå 2017 bærte preg av Usa. Juletreet er kjøpt i Arizona, samme med alle dei grønne og gullfarga kulene. Vegard fekk pynte treet i fjor, men i år har ikkje treet ei einaste grønn kule. Eg kasta nemlig alle i fjor i frykt for å måtte ha dei på treet i år og.. :p

Her er den fine kaktuskula mi som eg leita nesten heile Arizona etter! Fant jo nesten bare kuler med stadsnavn som Sedona, Page, Phoenix, Scottsdale osv på.. Men eg var bestemt, og fant til slutt ei med bare Arizona på. Florida har eg ikkje då, siden det ikkje var jul når vi var der.

Denne er fra Florida, men det står ikkje direkte Florida på den då.. Eit fint minne er den i alle fall 😊

Eg skal dele bilde av årets juletre og, må bare få tatt bilder av julehuset i dagslys! 🙂

Kristiansandtur og babyshower

I midten av november fekk eg meg ein kjapp helgetur til Kristiansand. Det var laga i stand babyshower for Mona! Mona er ei veninne i fra studietida som eg han masse med, egentlig kvar einaste dag når vi gjekk på skulen. Så kjekt at vi fortsatt har kontakt 🙂 Uansett, eg kom til Kristiansand på fredags morgon og tok bussen ned til sentrum. Ser fekk eg gått ein del å sjå i gatene (ingenting er finare enn Kristiansand til jul), sett litt i butikkar og luncha med ei tidligare jobbkollega. Så kjekt å få møtes igjen å bare sitte å snakke i timarsvis!

Julebyen Kristiansand er pynta så til de grader. Eg glømte sjølvsagt å ta bilder av torget, og eg var alt for tidlig til å få med meg lysshowet som i år skulle gå på fasaden til domkirka. Verdt å få med seg om ein er i Kristiansand i desember! Fredagskvelden var eg på overnatting hos Camilla, ei som var i USA samtidig som meg. Vi både spiste, drakk og snakka nok for heile helga den kvelden, så koselig!

Lørdagen blei det klart for babyshower! Og Mona, ho ante ingenting. Og i alle fall ikkje når ho plutselig såg meg, då måtte vi bare hoppe i armane på kvarandre og grine ein liten skvett :p

Dei ventar ei jente no i desember/januar, så eg måtte jo strikke nåke lite til lille babyen. Det blei ei Willums selebukse i deilig merinoull. Har lest at den skal være så godt for småtroll å bevege seg i. Eg fant og heilt tilfeldig verdens finaste body på Newbie-butikken, den passa jo heilt perfekt! Var det ikkje søtt ilag? 😀 Jenter må ikkje alltid ha rosa veit du 😉

Peking Duck/ Crispy Duck

Er det mulig, denne fantastiske retten her har eg heilt gløymt å dele med dåke! Eg har tidligare ete pekingand på resturant og synes at det er nåke spesielt og spennande med det. Får eg muligheten, så bestiller eg det. Det virkar jo egentlig vanskelig å ordne sjølv, altså steike ei heil and og greier, men det er det absolutt ikkje. Denne versjonen her er jo sjølvsagt litt enklare enn på restaurant, men det har absolutt ingenting å sei når smaken eg så god. 🙂


Den heile anda har vi kjøpt i Sverige, men i det siste har vi og handla andebryst på den lokale Asia-butikken. 2 andebryst er perfekt mat til 2-3 personar. Framgangsmåten er den samme, eg la bare alt som skulle inni den heile anda oppå andebrysta når dei var i ovnen. Andebrystet steikte eg i ca 30-40 minutt vs heil and i ca 2,5 time.

Til 4 personar treng du:

  • Ei and på ca 2 kg / 1 pakke 2 stk andebryst
  • Fem-krydder (kinesisk krydderblanding du får på asiabutikk)
  • 1 appelsin
  • 1 ts revet ingefær
  • 2 cm ingefær i tjukke skiver
  • Salt
  • 1 agurk
  • 1 pakke vårløk
  • 1 pakke pannekaker fra asiatisk butikk
  • 1 glass med peking and saus. Du kan og lage din eigen plommesaus om du vil, men denne ferdigvarianten her er heilt nydelig!

Ferdig rubba med krydder før steiking – 2,5 timer i ovnen + 15 min grill

 

Slik gjer du:

  • Sett ovnen på 180 grader.
  • Gni anda godt inn med revet ingefær, femkrydder og salt.
  • Skær appelsina i båtar og ingefær i skiver, og legg dei innin anda. Sett anda på ei rist oppå ei bakeplate med kant, kanten er for å samle opp alt fettet som renn av anda.
  • La anda steike midt i ovnene i ca 2,5 timar til den er gjennomsteikt og crispy. Ønsker du den litt ekstra crispy kan du sette temperaturen opp til 200 grader og grille den i 10-15 minutt. Men pass på! Steik i ca 30-40 minutt om du bruker andebryst.
  • La anda kvile i 15 min før servering.
  • Pannekakene skal dampast varme, men eg la dei i eit kjøkkenhåndkle og inn i mikroen. Har du bambussteamer er det supert!
  • Server med agurk, vårløk, saus, and og pannekaker.

Ser det ikkje spennande ut? Har du smakt peking duck før? 🙂