Er det mulig, denne fantastiske retten her har eg heilt gløymt å dele med dåke! Eg har tidligare ete pekingand på resturant og synes at det er nåke spesielt og spennande med det. Får eg muligheten, så bestiller eg det. Det virkar jo egentlig vanskelig å ordne sjølv, altså steike ei heil and og greier, men det er det absolutt ikkje. Denne versjonen her er jo sjølvsagt litt enklare enn på restaurant, men det har absolutt ingenting å sei når smaken eg så god. 🙂
Den heile anda har vi kjøpt i Sverige, men i det siste har vi og handla andebryst på den lokale Asia-butikken. 2 andebryst er perfekt mat til 2-3 personar. Framgangsmåten er den samme, eg la bare alt som skulle inni den heile anda oppå andebrysta når dei var i ovnen. Andebrystet steikte eg i ca 30-40 minutt vs heil and i ca 2,5 time.
Til 4 personar treng du:
- Ei and på ca 2 kg / 1 pakke 2 stk andebryst
- Fem-krydder (kinesisk krydderblanding du får på asiabutikk)
- 1 appelsin
- 1 ts revet ingefær
- 2 cm ingefær i tjukke skiver
- Salt
- 1 agurk
- 1 pakke vårløk
- 1 pakke pannekaker fra asiatisk butikk
- 1 glass med peking and saus. Du kan og lage din eigen plommesaus om du vil, men denne ferdigvarianten her er heilt nydelig!
Ferdig rubba med krydder før steiking – 2,5 timer i ovnen + 15 min grill
Slik gjer du:
- Sett ovnen på 180 grader.
- Gni anda godt inn med revet ingefær, femkrydder og salt.
- Skær appelsina i båtar og ingefær i skiver, og legg dei innin anda. Sett anda på ei rist oppå ei bakeplate med kant, kanten er for å samle opp alt fettet som renn av anda.
- La anda steike midt i ovnene i ca 2,5 timar til den er gjennomsteikt og crispy. Ønsker du den litt ekstra crispy kan du sette temperaturen opp til 200 grader og grille den i 10-15 minutt. Men pass på! Steik i ca 30-40 minutt om du bruker andebryst.
- La anda kvile i 15 min før servering.
- Pannekakene skal dampast varme, men eg la dei i eit kjøkkenhåndkle og inn i mikroen. Har du bambussteamer er det supert!
- Server med agurk, vårløk, saus, and og pannekaker.
Ser det ikkje spennande ut? Har du smakt peking duck før? 🙂
Men gud va gott det såg ut 😮
Jaaaa, heilt nydelig! Bør testes 😀
Vad roligt med recept 🙂