Hyttetur til Oppdal i sesongens første snø!

I helga har vi hatt ein koselig hyttetur ilag med eit vennepar av oss. 😊 Vi var til Oppdal, eller nærmare sagt Nerskogen, ca 15 min frå Oppdal sentrum. Det var som dåke kan sjå komt snø på fredagen, og lørdagen låg snøen faktisk fortsatt som eit kvitt dekke rundt hytta. Imponerande i september!😅

Eg og Tone tok turen ned til Oppdal sentrum på lørdag, for å komme oss litt ut av hytta. Eg hadde som sagt aldri vært i Oppdal før, og blei faktisk litt imponert over utvalget dei hadde der! Vi skulle jo ikkje kjøpe nåke då, men klarte sjølvsagt å «redde» nåken nøster med garn i frå Husfliden..🙈

Då vi kom heim frå shoppingrunden satt vi oss ute og nøyt sola og vinden litt.. Egentlig då var det rett og slett litt påskestemning i solveggen!☀

Vi var i badstu, åt god mat, spelte spel og strikka. Ei heilt super helg som vi fekk tilbringa med to fantastisk fine folk vi er heldige å ha rundt oss her oppe 😊 Vi håpar på gjentagelse når vinteren virkelig har slått inn!😁

Norges tak 2469 moh

På vei heim til sommerferie den 20.07 kjørte vi første etappe til Dombås. Her satt vi oss ned på ein resturant ish og fekk i oss dagens bursdagsmiddag til Vegard. Uff, stakkars mann som måtte tilbringe bursdagen sin i ein bil nedover dalane i Norge. I fra Dombås bestemte vi oss for å kjøre mot Lom, og håpte på at vi skulle finne oss ein plass å overnatte. Mykje var fult, men heldigvis hadde dei eit ledig rom på Lom Camping, ein super sentral plass med tanke på dagen etterpå. Lørdag 21.07 skulle vi nemlig gå på tur opp til Norges tak!

Veien opp til Juvasshytta var heilt fantastisk fasinerande. Hovedveien ligge på rundt 1000 moh, nåke som betyr at vi skulle kjøre 800 høgdemeter opp før vi får parkere. Sjå kor stilig landskapet er!

Turen blir delt opp i tre etappar.

Del 1: Fra Juvasshytta og opp til starten av Styggebreen. Det er ein tidsfrist på å komme seg opp til del 2, men dette er ein rolig og slak etappe som dei aller fleste klarer. 

Del 2: Over Styggebreen i taulag. Her strammar du på deg ein sele som du hektar på eit tau. Vi gjekk mellom 10-20 stk i eit taulag. Det er på eige ansvar å gå over her, men derfor er det fint at ein kan gå i organisert taulag.

            

Del 3: Fra breenden til toppen. Dette var den hardaste delen av turen, men det er bare å ta tida til hjelp. 

Litt folk på toppen kan du sei!

Og sjølvsagt ein heilt fantastisk fin utsikt og. Vi var SÅ heldig med været denne dagen, og det gjorde liksom opp litt for at vi måtte gå i kø. Heller kø enn tåke foråseidetsånn!

Finaste <3 

Litt info:

  • Det tok ca 40 min å kjøre i fra Lom Camping til Juvasshytta. 
  • For å gå denne turen så må du bestille deg tur i taulaget her
  • Kom litt tidlig så du får parkering ved hytta.
    • Vi var der oppe kl 09:00, og skulle begynne gå kl 10:00. Siste oppmøte kl 09:45. 
  • Kle deg etter været, turen starter på 1800 moh!
    • Denne seier seg sjølv, men vi hadde sikkert tidenes finaste dag. Vi var heldige og kunne gå i shorts og tskjorte heile veien. På toppen tok eg på meg vindjakke, men det hadde gått fint uten og. Eg hadde uansett med meg både regnjakke, ull, hue, votter og tørre sokkar. 
  • Du går i kø på slike fine dagar.
    • Det var vel rundt 600 stk som var på toppen denne dagen. 
  • Gå tidlig i fra hytta, og kom deg fort opp. 
    • Dei fylte bare opp brelaga etter kvart som folk kom, går du i eit tidlig brelag får du meir tid på toppen, og du kjeme ned før. (vi rakk akkurat ikkje lunchbuffeten på Juvasshytta fordi vi kom litt langt bak i køen…)
  • Denne turen vil eg sei passer for dei fleste, men ha gode sko og klesbytte med deg. Været kan snu fort!

    Vi hadde ein heilt nydelig tur til Norges høgaste fjell. Det var ikkje akkurat ein tur som ein treng å trene seg opp til, så her kan alle gå! Men vi kjente det godt i beina likevell, fordi vi gjekk så lenge. Vi starta å gå kl 10 og var ikkje nede igjen før klokka nærma seg 16. Vi kunne sjølvsagt gått fortare, men på grunn av alle folka som var på tur den dagen så blei det ein del venting og dødtid.. Trass i dette så er turen så absolutt å anbefale! Også kan ein jo få krysse av Norges høgaste fjell på bucketlisten.

    #reise #fjelltur #galdhøpiggen #2469 #utno #turjenter #tur #sommer #trening

    Søndagsgrilling i fjæra

    Idag tok vi rett og slett frokosten ute i fjæra. 😊 Zara hadde invitert oss med til ein plass som heiter Jektvika(?), rett ved Austrått camping, for grilling og kos. Då eg og Vegard kom så var det allerede ein god gjeng der med både voksne, ungar og hundar. 💛

    Vi grilla ostesmørbrød for første gang! Det gjekk jo absolutt veldig bra, og kan anbefalast om ein ikkje er keen på pølser på grillen 😊 Ja, også ein del marshmallows då.. Kjem jo ikkje utenom det😅

    Han her tøffingen her er sønnen til Zara. Han er meg ein fin luring, og her skulle han vise meg sitt «hemmelige sted». Her hadde han alt i fra bad, sofa, kjøkken der han laga sjokolade pudding og ein cafe der han solgte puddingen. Ååå, tenkt så deilig å ha ein sånn fantasi då!😁

    Vi var nåken timar her ved stranda idag. Det var jo faktisk vindstille på Ørland og, så det var ingen problem å være ute så lenge uten å fryse. Eg ser for meg at dette kan være ein fin plass å være til sommaren og. ☀ Sånn om det blir skikkelig sommar her oppe då? Etter denne lange vinteren har eg nesten vanskelig for å tru det 😂

    Har du hatt ei fin helg? Fått brukt søndagen til nåke fornuftig eller? 😊

    Hyttepåske 2018!

    Forrige fredag, før påske, så reiste eg med fly til Oslo tidlig på morgonen. Der i frå heiv eg meg på bussen til Haukeli for å være klar på hytta når pappa og dei kom oppover. Han visste ikkje nåke om at eg skulle komme, og blei veldig overraska og glad 😊

    Det er nåke spesielt med hyttelivet i påsken. Det er ekstremt avslappa og den deilige friske fjellufta gir ein spesiell ro i kroppen som ein ikkje får i lavlandet 😊

    Litt påskestrikk blei det og. Friske gode fargar blei til to nye huer! Eg skal få lagt ut bilder av dei snart 😊

    Fine Loke, som og skal tøffe seg litt for nabohunden. 😁

    Vi var ein tur tok nåken turar i bakken ein dag og. Det blei ikkje så alt for mange, då det er ganske slitsomt å stå både på telemark og slalom når ein ikkje er vane med det.😅

    Litt afterski i hytteveggen hadde vi og! Det er så nydelig og avslappande der oppe! Utsikten er det heller ikkje nåke å sei på🥂💛

    Påskeharen hadde vært ute å lagt egg, så etter litt leiting blei det påske i år og! 🐣👌

    Har du hatt ein fin påske? 😊

    Skitur til Olavsbu

    Forrige to helger siden spurte Linda og Eirik om vi ville være med på ein liten skitur med pølsegrilling og kos. Vi hadde egentlig planlagt at vi sku på skitur uansett, så dette blei vi jo sjølvsagt med på. 😊 Været var heilt perfekt, med litt Fosen-vind og minusgrader på slutten av dagen. 😅

    Vi kjørte til ein plass som heiter Litj-Gjølga og parkerte. Her spente vi på oss skia og gjekk innøve og oppøve i skogen. Det var absolutt ikkje nåke lang tur, og i så fine løyper og vær så var vi plutselig framme. Bålkos og godt selskap👌

    Tenk at vi har slike områder kun ein liten halvtime unna her vi bur. Fantastisk! 💙

    Godt med litt kvalitetstid igjen 💛

    Ein nydelig dag, som blei avslutta med ein kjekk kveld og god middag heime hos Eirik og Linda 😊👌

    Årets første

    Eg har hatt fri idag, og etter å ha sete inne heile dagen å sett på den blå himmelen ute sendte eg melding til V om han ville være med på skitur når han kom heim. 😊 Heldigvis ville han det og vi heiv oss i bilen og kjørte innover mot ein plass som heiter Litj-Gjølga. Ja, eg veit.. Navnet er veldig trøndersk og nesten umulig å uttale for ein som ikkje er fødd her oppe 😅

    Det var nydelige forhold og ein veldig fin dag for første skitur. ❄ Det beste av alt var vel at vi nesten var aleine i løypa og det tok kun 20 min å kjøre heime i frå. Så her er det absolutt mulighet for å reise tilbake fleire ettermiddagar 😊

    Og ja, nåken tok seg litt meir ut enn andre.. V gjekk vel 5 rundar på den tida eg gjekk 3. 😅 Men her er det viktigaste å ikkje bli lei og hate å ha skia på beina framøve 😎

    Ha ein fortsatt fin mandagskveld!😁

    ✨ Hyttekos i romjula ✨

    igår, 2.juledag var det duka for hyttekos ute på Vågslid. Det hadde snøa ein liten halv meter med puddersnø over natta, og ungane i hus kunne ikkje komme seg fort nok av gårde i bakken. Vi andre valgte å ta det med ro på hytta, og satt oss ute å måka snø og fylte i stampen til kvelden. 😊  Vi fyrte og i bålpanna og fekk grilla lunchen vår ute i ein liten lett snøstorm. Men, når vi er på hytta så skal det kosast ute, uansett om det er -10 grader eller full snøstorm. Typisk Nordmenn, eller? 😅

    Loke kosar seg i snøen 😊

    Vegard synst da gjekk litt for lang tid med fylling av stamp, så han tok saken i eigne hender ved å fylle 10 litersbøtter å hive opppi.. Tok litt tid då, men stampen blei full til slutt. Så om det var V sine ekstra turar med bøtta eller tida som gjorde det, det veit vi ikkje. 😅

    Til seinare det blei utover kvelden, til meir blåste det opp til storm. Så når vi endelig kunne sette oss i ein varm stamp, så blåste det virkelig stiv kuling rundt oss. Litt koselig var det jo, og siden vi hadde fyrt opp i stampen så måtte vi jo sitte der ei god stund. Kjekt var det i alle fall! Idag er planen at vi skal kjøre heimover igjen, så lenge fjellet er åpent og kjørande øve. 😊

    #hyttekos #haukeli #vågslid #utno #liveterbestute #natur #fjell #kos #hytte

    Stader eg vil besøke i Norge

    Etter å ha vært ein del på reisefot i USA så kjenner eg på det at eg har lyst å reise litt meir i Norge og. Eg har vært heldig og har gjennom oppveksten fått reist og opplevd ganske mykje av Norge, men ein kan vel ikkje få nok, kan ein? 😉  Her kjem i alle fall mi liste over stader eg har lyst å besøke i Norge:


    Lofoten

    Eg har lyst å reise på fiskeferie i Lofoten og bu på ei rorbu der eg kan gå rett ut på brygga om morgonen i bare morgenkåpe!

    Tromsø

    Kva som er årsaken til at eg vil besøke Tromsø anar eg ikkje, men eg ser for meg at det kan være ein fin by. Dessuten blir den vel ikkje kalla Nordens Paris for ingenting?

    Nordkapp

    Bare fordi det er Nordkapp vel?😅

    Trollstigen

    Å snirkle seg oppover her må jo være ein draum for alle tilreisande, både norske og utenlandske. Eg har i alle fall lyst å kunne nyte denne utsikten ein gang. 

    Atlanterhavsveien

    Denne veien har eg vel egentlig mast om siden vi kjørte i fra Bodø og sørover i 2014(?). Det blei ikkje den gangen, og det blei heller ikkje no når vi kjørte til Trøndelag i sommar. Kanskje vi heller må ta det som ein helgetur til Molde eller Kristiansund? Opp med hånda om vi kjenner nåken som bur i området då!

    Bildene er henta i frå Google. 

    #reise #norge #norway #ferie #steder #reisemagasinet #

    Kopparen 483 moh

    Første veka vi budde her på Brekstad kom som sagt mamma på besøk. Ho hjalp godt til med utpakking og vasking, men vi kunne jo sjølvsagt ikkje bare være inne heller. Så på onsdagen tok vi på oss turklea og kjørte innover mot Bjugn kommune. 😊

    Når vi kom til parkeringsplassen mista vi egentlig motet litt. Her i frå kunne vi nemlig sjå toppen, og den såg ut som om den var så enormt langt vekke. Ikkje i høgdemeter, men i lengdemeter. Heldigvis så var det ikkje så gale som vi trudde, og etter at vi hadde gått litt langs grusveien så kom vi til “foten” va fjellet. Her i frå var det ganske rett oppover langs ein fin grusvei. 

    Når vi omsider kom til toppen så fekk vi veldig god utsikt over heile Ørlandet og Brekstad. Midt på bildet ligg Brekstad. Vi kunne og sjå heilt ut til vindmøllene på Smøla (trur vi) 😅

    Vi møtte fleire folk på veien, men det var tydeligvis kun ein annan person som hadde vært oppe å skreve seg i boka. Er ikkje det obligatorisk når ein går på fjelltur? Å skrive seg i boka altså! 😅

    På vei ned fant vi masse fine blåbær som gjorde heile turen 100 gangar bedre. For kva er vel kjekkare enn å ete bær rett i frå naturen? Yum!

    Blåbær rett i frå tua ❤️

    #fjelltur #fjell #reise #utno #ut #kopparen #trim #trening #trøndelag #bær #blåbær

    Første dag heime i Norge på eit år!

    Endelig har vi kome oss heim til Norge!😀  Gleden var stor då vi landa på Flesland og det sto heile 10 personar med flagg, blomar, melkesjokolade og velkommen-banner å venta på oss. Det var veldig koselig å sjå alle igjen, og ikkje minst veldig kjekt at dei møtte opp på Flesland for å få oss trygt heim.❤️ ❤️ Nåke som var litt morsomt var at AdmiralP kom rett bak oss, eg trur han skulle spele på VG-lista, og han spurte om alt dette var for han. Og nei, det var det virkelig ikkje kunne nåken svare på 😅  haha..

    Ein ferjetur igjen, og vi er heime! 😀

    Når eg våkna opp hos mamma dagen etterpå var det heilt fantastisk å våkne opp til skikkelig Norsk frokost. Her snakker vi brunost, leverpostei, Norvegia, eplejuice, syltetøy, egg og heimelaga rundstykker! Yum!

    Etter frokosten fant vi ut at vi måtte ut å bevege på oss, så vi tok oss ein tur til Storhaug. Aii, det var ikkje bare bare å gå rett opp i ein time nei.😅  Men eg overlevde nå det og, og heldigvis kan det bare bli bedre enn det er no… Vi såg forresten hoggorm og! Æææsj…

    Uskedalen ❤️

    Begge to med nye sko som trengte seg ein tur! Så fornøyd med dei 😀

    Mamma med Melderskin i bakgrunnen. Kaaanskje det blir ein tur der og i sommar? Må nok gå nåken fleire turar i oppoverbakke før det blir aktuelt ja 😅

    #norge #hjemme #sommerferie #sommer #reise #fjelltur #fjell #hjemkomst  #kvinnherad #uskedal #uskedalen #hordaland #natur