På jobb har vi fått inn nåken ekstremt kule korger og slikt fra House Doctor. Til ein så fantastisk grei pris, for nåke så kult, så klarte eg ikkje å gå i fra dei. No er det endelig orden i skittentøyet og alt anna eg ikkje veit kvar eg skal gjere av 😉
Til julegaver i år laga eg litt heimalaga. Alle blei så glade, det varma 🙂 Putetrekka er laga med linstoff fra ikea, pynteband og bildemotiv fra stoff og stil 🙂
Denne hadde eg tenkt besto skulle ha strikkepinnar i, men ho meinte den passa perfekt til dessertskeiene i sølvtøyet hennar! Eg er egentlig enig i det 🙂
Yuhuuu! Har fått meg vol.2 krølltanga til Mast og Makestyle. Har vol.1 fra før av, men den gir fort små korktrekkerkrøller, noko som eg ikkje ønsker.. Vol.2 er supergod og gir store fine naturlige krøller, akkuratt som eg vil ha 🙂 Var ikkje så enkelt å få gode bilder av håret, men litt speilbilder får holda 🙂 (med skittent speil ser eg)…
Dette blir ei hard veke. Eg må jobbe kveld nesten kvar dag, skrive bachelor og vere i forelesing. Eg bare håpar eg ikkje blir meir sjuk no, for det er det faktisk ikkje rom for på jobb eller privat. Den store belønningen på slutten av veka blir at Vegard kjeme heim på fredag <3 Det skal bli godt med helg. I februar skal eg i allefal ikkje jobbe så mykje som eg har gjort i januar, det går ikkje.
Her har snøstormen meld seg i natt og det har snøa siden i går kveld.. Som sagt skulle vi jo egentlig begynne på bacheloren idag, men å kjøre i fra Grimstad til Kristiansand i dette været er ikkje akkuratt så kjekt. E39 på ein snødag= kaos. Så vi bestemte oss heller for å ta det over pc og telefon 🙂
Så no sitte eg her med ein ganske ok+ frokost, og prøve å gjera starten på denne veka så bra som mulig. Skal på jobb seinare og eg gruer meg til å gå til bussen i dette været..
På fredag kom eg meg endelig på Stoff og stil ein tur. Hadde håpt på at dei hadde fått inn vårvarene, men eg får vente til februar med det. Som vanlig så gjekk eg ikkje akkuratt tomhendt heim! Kjøpte med meg eit ullstoff i ein fantastisk blåfarge, som blir svært inn til våren, og litt “lin”. Putene i ull blei heilt fantastiske i sofaen,også så gode å ligga på!
Denne avlange puta er jo ganske lik på HAY dot putene som er så inn no. Tenk at nåke så enkelt kan koste 600-700 kr i butikken? Eg betalte 169 kr for alle tre ullputene mine..:D
Om du vil lage like enkle puter, uten glidelås, så har eg lagt ut oppskrifta HER
Eg har fulgt med på denne Instagramkontoen ei god stund no, og herregud for eit fantastisk hus ho har! Eit slik hus, med vindu fra gulv til tak, skal eg ha ein gang. Rettelse, MÅ ha ein gang.
Bare sjå på den fantastiske blåfargen på veggen, åhh *smelt*^!
Lyst, lekkert og akkuratt slik er likar det! Skulle ønske eg kunne fått meg ein ny leilighet, om ikkje eit hus, i den næraste framtid. Eg er så lei av desse gule toscanafarga veggane eg har no at eg blir sprø! Ingenting blir fint her… #ilandsproblem
Det kom så utrulig mykje snø i helga eg var heime. På søndag reiste eg i fra grønne bakkar og blå himmel i Bergen, til høge brøytekantar og snøstorm i Kristiansand. Det er ganske koselig så lenge snøen får ligga ei stund og den ikkje regner vekk..