Ventetid

No sitte vi på Flesland og ventar på båten heim til Rosendal. Det er enda to timar til den går. Vi har heldigvis funne oss godt til rette på Food Factory og fått i oss ein heftig burger så ventetida vart mindre. 🙂

Vegard har heile veien fra Kristiansand klaga og vært oppgitt over all bagasjen eg har med meg heim. Eg syns nå ikkje det er så gale, med tanke på at baggen min er mindre enn Vegard sin og at den rosa kofferten er full i pakkar! Har ein stor familie!

Snart tre veker ferie i fine fine Kvinnherad! 😀

6 days left

Endelig er det bare seks dagar igjen til julafto! Det betyr at eg bare har ein dag igjen på jobb og at det er to dagar igjen til vi reiser heim 🙂 Det skal bli så fantastisk godt å komme heim til ferdiglaga middag og pleie kvar dag i nesten tre veker! Å dra dyna med meg inn på sofaen på julafta, finne fram julesokken min og sjå på askepott, nei det blir ikkje mykje meir jul enn det! 😀


3. søndag i advent

3. søndag i advent er endelig her! Det betyr at det bare er fem dagar til heimreise til Kvinnherad 🙂 Har aldri gleda meg så masse før! Idag har eg vore på jobb og når eg kom heim så pakka eg inn ein del av julepakkane som vi skal ha med oss heim. Har vore smarte i år, og har så og sei ganske flate pakkar som fåt god plass i kofferten 🙂 Eg fekk og pakka opp adventspakken min når eg kom heim, Vegard har vore så flink! Eg har fått undertøy, Marocconoil og idag fekk eg iste, lys og det råkule skiltet under! Måtte flira når eg åpna det :p

Tidligare denne veka hadde eg og Vegard eit svakt øyeblikk og skrapa heile flaxkalenderen vår. Eg vant ingenting…..

No skal vi kosa oss med Farmen-finale, julebrus og julekjeks som mamma har sendt i posten! I morgon er det jobb igjen 🙂

DIY: Sminkepung

Eg har sydd ein enkel og fin sminkepung! Super til å ha i veska med dei viktigaste produkta. Denne blei selvfølgelig laga på natta, sidan det er då eg likar å gjere alt anna enn å sove…Blir ein lang dag på jobb i dag!

Du treng: 25 cm lang glidelås og fire stoffbitar i 14 x 24 cm, gjerne forskjellige stoff. 

Det første er litt vanskelig å forklare, men prøv deg fram. Legg glidelåsen med rettsida ned og fest framstoffet og forstoffet slik at glidelåsbretten ligg nedover. Retta på framstoffet ligg altså opp mot glidelåstaggane.  Prøv å få det til slik som bildet under..


Når du vrenger glidelåsen riktig vei med stoffa skal det altså sjå slik ut, som på bilde til venstre.  Deretter skal du sy, på vranga, langs heile glidlåsen. Pass på å ikkje så alt for nærme, og heller ikkje oppå den. Då får du den ikkje igjen.:)

Deretter må du stryka stykkene riktig vei, slik at dei holder seg nede. Sy deretter ein fin pyntesøm ved glidelåsen. Ha forresten glidelåasen halvlukka, slik som på bildet under.

No kjem det litt vansklige..  For at glidelåsen skal bli någelunde fin og riktig når du skal vrenge pungen, må den brettast nedover. Altså vrange mot vrange.. Kanskje desse bilda er tydligare enn mine. 🙂 Deretter syr du bare rundt heile pungen, utenom eit lite stykke i foret, som du skal vrenge pungen i. 

Klipp av hjørna. Deretter bretter du sømmane inn mot kvarandre, slik at du får sømmane på kvar side av bretten. Mål opp 2 cm, sy over og klipp av. 🙂

Vreng pungen og sy sammen hullet det du vrengte den gjennom. Og voila! Ny sminkepung, like fin inni som utpå! 🙂

Oppskrifthjelp fann eg på Karistraa 🙂

#diy #hjemmelaga #interiør #sy #gjørdetselv #sminke #hobby #home #oppskrift

Travel kvardag

No har eg akkuratt ete ein god frokost før eg skal på jobb på Sørlandssenteret igjen.  Har jobba sidan torsdag, og skal jobbe kvar dag fram til torsdag igjen. Fredag reiser vi endelig heim på ferie 😀 Leiligheten er ikkje så veldig julepynta, bare kjøkkenbordet. Eg har så lyst å sy nåken fine juleputer, men tida strekk ikkje akkuratt til no med all den seine jobbinga og julegaver. I natt satt eg oppe til seint, kl 2, fordi eg fekk for meg at eg skulle laga ein sminkepung! Den kjem seinare i kveld 🙂

Oppskrift: sukkerfri kakemann

Vegard har mast om kakemenn siden dei kom ut i butikkane i oktober, og vart lykkelig når eg endelig fant ut at eg ville laga. Dei på butikken her på sørlandet er liksom ikkje det samme som mamma lagar heime.. Håpar ho har laga brune pinnar til eg kjeme heim! <3 Husk at denne deigen bør lagast ein dag på førehand, slik at dei får kvilt seg i kjøleskapet over natta. 

Du treng:

♥ 50 gram smelta og avkjølt smør ♥ 2 dl mjelk ♥ 100 gram sukrin gold ♥ 80 gram sukrin ♥ 1 ts hornsalt ♥ 400 gram kveitemjøl

Bland hornsalt og halvparten av mjølet. Rør sammen avkjølt smør, sukrin gold, sukrin 200 gram av mjølet som er tilsatt hornsalt. Bland dette godt sammen før du tilsett resten av mjølet. Jobb litt med deigen. Dekk bollen med plast og la den kvile i kjøleskapet natta over. 

Sett steikeovnen på 170 grader

Kjevl deigen ut til va 0,5 cm tjukknad og trykk ut figurar. Dei kan ligge ganske tett på steikebrettet, sidan dei berre heva seg i høgda.

Steik på steikebrett i ovnen i ca 7-10 min, avhengig av ovn. Avkjøl på rist. Oppbevar dei i ein tett boks:)

 

 Sjølv om dei er laga av med sukrin og ikkje vanlig sukker så har eg ikkje fått nåke klage fr aVegard, endo. Syntes heller ikkje dei smaka spesiellt mykje sukrin. Dei var rett og slett gode!

Oppskrifta er henta hos Bakekona.no

Oppskrift: Pepperkake-karamell

Det luktar SÅ godt i leiligheten no, julehus! Idag har eg laga pepperkake- karamell med sukrin.:)

Du treng:

♥ 1,5 dl fløyte ♥ 2-3 ss lys sirup ♥ 0,5-1dl sukrin gold ♥ 1 ss kanel ♥ 1 ss malt ingefær ♥ 1/2 ss malt nellik ♥ 1/2 ss malt kardemomme ♥ Litt smør

Ha alle ingrediensene, utenom smør, i ein bolle og sett i microen på full effekt i ca 3 min. Rør rundt og sett inn igjen. Dette gjore eg, og sjå kva som skjedde…….. 

Så etter det uhellet, heiv eg alt oppi ein kjele og gjore det på den gode gamle måten. Det tar jo lengre tid, men det blir i allefall karamell! Rør til karamellen er klar, ca 40 min. Ta i ein smørklatt og den er klar til avkjøling. 🙂 Eg tok min i ei silikonform og satt den i frysen. Klare til å etast på under ein time.

Oppskrifta fant eg hos Kristine 🙂

Fylt kyllingfilet

Ikveld feira vi eksamenen min med ein ekstra god middag, nemlig fylt kylkingfilet med pesto og cashewnøtter!  Og, ja, det er så enkelt som det ser ut. Eg hadde kyllingen nederst i ovnen 40-45 min på 215 grader . 🙂


Yum yum! I måro er det helg! 😀