Summerfeeling

This is summer!

Heisatur – Nåso og Geitedalstind 1248moh

Tidlig torsdags morgon, etter at vi kom heim fra Kristiansand, så blei eg drege med på fjelltur. Eller turen var jo i bunn og grunn frivillig, men eg klarte jo ikkje sei nei og eg visste heller ikkje ka eg gjekk med på. Vi starta på 10:30 ved sjukehuset på Valo og gjekk oppover mot Varhaugselet og Mjelkhaug. Når vi var komne til mjelkhaug var vi allerede på 1000moh, men det hjalp lite når vi må gå ned i ein dal for å komma opp på Ulvanåso. Turen i knall sol gjekk veldig fint, utenom at det ikkje var merka sti i frå Mjelkhaug og til Ulvanåso..:p Så vi gjekk egentlig bare på feelingen, og satsa på at vi ikkje skulle gå oss i skårfeste.:p Men etter ei god stund fant vi ein vei ned, om den var riktig er eg ikkje heilt sikker på for den var veldig bratt.. 

Når vi sku gå i frå Høgetind og bort på Geitedalstind så såg vi virkelig ikkje heilt for oss korleis det skulle gå til. Klate jo ikkje sjå for oss at vi skulle balansera på ryggen oppover (som viste på bildet under). Heldigvis skulle vi gå opp på sida, men vi måtte fortsatt krabbe på alle fire. Og nedover? Eit kapittel for seg sjølv.. Stein, stein og atter stein… Vi brukte rundt 10 timar på turen, og det var inklusiv all rotinga etter ein ok vei å gå ned :p

Vi har ein fantastisk natur her i Kvinnherad! <3

Bodødag

Ahh, endelig ein dag eg fekk sova ut. Bare sjå kor lykkelig eg var når eg innsåg at eg hadde sove til kl var 11:30! Det var nemlig ikkje vanlig tidlig flygning idag, noko som betydde rolig start på dagen. Vegard sa det hadde vært ein scramble kl 10:30, men kroppen min må ha vore i koma- for det har ikkje eg fått med meg :p 

Vi har og pakka i bilen idag, huff det blei fult. Bare vinterdekka tar jo heile bagasjerommet, så det blir trangt. Får bare håpa vi ikkje treng å overnatta i bilen på vei nedøve. For nokon plan, det har vi ikkje! Etter vi hadde sett Frankrike – Tyskland spelte vi Frisbee-golf. Dette er visst nok som er veldig populært her i Bodø, det er jo i alle fall tre banar her i byen. Det var egentlig heilt greit, ikkje noko meir eller mindre. Egentlig eit drittspel når eg kasta frisbeèn i skogen… Det beste med det heile er vel at klokka nærma seg midnatt når desse bildene blei tatt. Midnattsola her er so fantastisk. Eg er heilt fasinert. No, klokka 01:30 er det like lyst som midt på dagen! Fantastisk fint!


Fine Nord!

Do your best

Syns denne var så søt 🙂

Konsert på Fiskebrygga

Det er så mykje så skjer i sommerbyen Kristiansand! Kvar tirsdag er det gratiskonsert på Fiskebrygga med Pål Rake i spissen, Torsdagane er det Sommer på Torvet med konsertar også er det Palmesus, Odderøyafest og mykje meir. Kjipt at vi ikkje får gått på Palmesus i år, det er jo Skandinavias største (?) beachparty! Neida, vi skal få det så kjekt i biltur fra Bodø til Kristiansand…

Vel, i går var vi som nevnt på konsert på fiskebrygga. Eg, Mona og Harry. Eg som det tredje hjulet.. Jaja, skal bli godt å få militærmannen heim no! Det var så koselig å sitta nede på brygga og høyra på livemusikken. Skikkelig allsang og god sommarsteming! Håpar vi kan få med oss siste tirsdagen i august, dette vil eg at Vegard skal få vere med på og 🙂 Håpar på mange likedan kveldar heime 🙂