Heisatur – Nåso og Geitedalstind 1248moh

Tidlig torsdags morgon, etter at vi kom heim fra Kristiansand, så blei eg drege med på fjelltur. Eller turen var jo i bunn og grunn frivillig, men eg klarte jo ikkje sei nei og eg visste heller ikkje ka eg gjekk med på. Vi starta på 10:30 ved sjukehuset på Valo og gjekk oppover mot Varhaugselet og Mjelkhaug. Når vi var komne til mjelkhaug var vi allerede på 1000moh, men det hjalp lite når vi må gå ned i ein dal for å komma opp på Ulvanåso. Turen i knall sol gjekk veldig fint, utenom at det ikkje var merka sti i frå Mjelkhaug og til Ulvanåso..:p Så vi gjekk egentlig bare på feelingen, og satsa på at vi ikkje skulle gå oss i skårfeste.:p Men etter ei god stund fant vi ein vei ned, om den var riktig er eg ikkje heilt sikker på for den var veldig bratt.. 

Når vi sku gå i frå Høgetind og bort på Geitedalstind så såg vi virkelig ikkje heilt for oss korleis det skulle gå til. Klate jo ikkje sjå for oss at vi skulle balansera på ryggen oppover (som viste på bildet under). Heldigvis skulle vi gå opp på sida, men vi måtte fortsatt krabbe på alle fire. Og nedover? Eit kapittel for seg sjølv.. Stein, stein og atter stein… Vi brukte rundt 10 timar på turen, og det var inklusiv all rotinga etter ein ok vei å gå ned :p

Vi har ein fantastisk natur her i Kvinnherad! <3

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg