Norges tak 2469 moh

På vei heim til sommerferie den 20.07 kjørte vi første etappe til Dombås. Her satt vi oss ned på ein resturant ish og fekk i oss dagens bursdagsmiddag til Vegard. Uff, stakkars mann som måtte tilbringe bursdagen sin i ein bil nedover dalane i Norge. I fra Dombås bestemte vi oss for å kjøre mot Lom, og håpte på at vi skulle finne oss ein plass å overnatte. Mykje var fult, men heldigvis hadde dei eit ledig rom på Lom Camping, ein super sentral plass med tanke på dagen etterpå. Lørdag 21.07 skulle vi nemlig gå på tur opp til Norges tak!

Veien opp til Juvasshytta var heilt fantastisk fasinerande. Hovedveien ligge på rundt 1000 moh, nåke som betyr at vi skulle kjøre 800 høgdemeter opp før vi får parkere. Sjå kor stilig landskapet er!

Turen blir delt opp i tre etappar.

Del 1: Fra Juvasshytta og opp til starten av Styggebreen. Det er ein tidsfrist på å komme seg opp til del 2, men dette er ein rolig og slak etappe som dei aller fleste klarer. 

Del 2: Over Styggebreen i taulag. Her strammar du på deg ein sele som du hektar på eit tau. Vi gjekk mellom 10-20 stk i eit taulag. Det er på eige ansvar å gå over her, men derfor er det fint at ein kan gå i organisert taulag.

            

Del 3: Fra breenden til toppen. Dette var den hardaste delen av turen, men det er bare å ta tida til hjelp. 

Litt folk på toppen kan du sei!

Og sjølvsagt ein heilt fantastisk fin utsikt og. Vi var SÅ heldig med været denne dagen, og det gjorde liksom opp litt for at vi måtte gå i kø. Heller kø enn tåke foråseidetsånn!

Finaste <3 

Litt info:

  • Det tok ca 40 min å kjøre i fra Lom Camping til Juvasshytta. 
  • For å gå denne turen så må du bestille deg tur i taulaget her
  • Kom litt tidlig så du får parkering ved hytta.
    • Vi var der oppe kl 09:00, og skulle begynne gå kl 10:00. Siste oppmøte kl 09:45. 
  • Kle deg etter været, turen starter på 1800 moh!
    • Denne seier seg sjølv, men vi hadde sikkert tidenes finaste dag. Vi var heldige og kunne gå i shorts og tskjorte heile veien. På toppen tok eg på meg vindjakke, men det hadde gått fint uten og. Eg hadde uansett med meg både regnjakke, ull, hue, votter og tørre sokkar. 
  • Du går i kø på slike fine dagar.
    • Det var vel rundt 600 stk som var på toppen denne dagen. 
  • Gå tidlig i fra hytta, og kom deg fort opp. 
    • Dei fylte bare opp brelaga etter kvart som folk kom, går du i eit tidlig brelag får du meir tid på toppen, og du kjeme ned før. (vi rakk akkurat ikkje lunchbuffeten på Juvasshytta fordi vi kom litt langt bak i køen…)
  • Denne turen vil eg sei passer for dei fleste, men ha gode sko og klesbytte med deg. Været kan snu fort!

    Vi hadde ein heilt nydelig tur til Norges høgaste fjell. Det var ikkje akkurat ein tur som ein treng å trene seg opp til, så her kan alle gå! Men vi kjente det godt i beina likevell, fordi vi gjekk så lenge. Vi starta å gå kl 10 og var ikkje nede igjen før klokka nærma seg 16. Vi kunne sjølvsagt gått fortare, men på grunn av alle folka som var på tur den dagen så blei det ein del venting og dødtid.. Trass i dette så er turen så absolutt å anbefale! Også kan ein jo få krysse av Norges høgaste fjell på bucketlisten.

    #reise #fjelltur #galdhøpiggen #2469 #utno #turjenter #tur #sommer #trening