Nordmenn et opp mot 30 millionar egg i løpet av påskeveka, det er ca rundt dobbelt så mykje som til vanlig. Egg kan etast i mange forskjellige variantar, så derfor kan det være litt kjekt å gjere nåke ekstra ut av frokosten no til påsken. Det er fint mulig å farge egga naturlig med mat som løkskall (orange), rødbeter (rosa), rødkål(blå), gurkemeie (gul) og andre grønsaker, men ein av dei enklaste måtane er å bruke kondittorfarge. Bare sjå kor fine fargane blei då! Eg har ikkje brukt den heilt flytande fargen, men av dei nye typane som er litt geleaktige.
No er det ikkje lenge til den store og siste dagen i året. Er det ikkje då kult å ha eit lite partytriks i ermet? Eg er i alle fall sikker på at det er fleire som kjem til å bli imponert om du skålar det nye året inn med eigensabla champagne. Du treng absolutt ikkje ha ein sabel, det er nok kanskje og enklare med baksida av ein stor kjøkkenkniv. Altså, ikkje bruk den skarpe enden, då ødelegger du kniven 🙂
1.desember! Og kva passar vel bedre då enn ein liten jule-DIY? Pynt klart julebordet enkelt og fint med bretta serviettar 🎄
Desse juletrea blei faktisk brukt på julafta i fjor, når vi satt å kosa oss i ørkenen i Arizona. Akkurat på julafta så begynte det faktisk å regne å blåse, det blei med andre ord skikkelig vestlandsjulevær der borte! Når julestemningen var sikra ute, så var vi i god gang med å sikre den inne og. V og mamma hadde ansvar for maten og eg tok meg av dekorasjonane. Det er jo kjekt å gjere litt ekstra ut av det på ein slik dag, så eg hadde faktisk kjøpt inn tøyserviettar for anledningen 😄 Det var ikkje så vanskelig å brette serviettane til eit juletre, det var bare å være nøye nok.. Eg tok nåken bilder underveis i prosessen, men har lagt ved ein video nederst i innlegget og 🎅
Vi bur jo i ein forsvarsbolig, så det er begrensa kva vi får gjort i dette huset av oppussing. Men huset er gammalt og slitt, og standaren er og deretter..Dessuten så skal veggen på sikt malast grå, og då blei det litt feil med dei lyserosa varme flisene som er på kjøkkenet.😅 Så for å få det litt meir i tråd med resten, av vårt interiør og stil, så fant eg ut at eg måtte få gjort nåke enkelt med dei. 😊
Eg har kjøpt meg kontaktplast, og gjekk laus. Ellers treng du kun eit bankkort og ein god kniv, eg brukte ein tapetkniv. HER kan du kjøpe kontaktplast på Ebay 🙂
Først vaska eg godt over flisene slik at det ikkje sitte nåke fett igjen. Fett vil gjere slik at det ikkje sitte fast. Eg begynte først med ein liten flik, og festa den til flisene. Her er det viktig at det blir beint, då dette vil gjere det enklare å rulle ut seinare.
Deretter brukte eg eit bankkort og strøyk over etterkvart som eg rulla kontaktplasten ut. Kun litt og litt i gangen.
Får du bobler så kan du dra opp igjen, men eg valgte heller å stikke små hull på dei og dra lufta ut ved hjelp av bankkortet. Det blei veldig bra!
Og her er resultatet! Blei det ikkje fint? Stor forskjell vil eg sei! Og ja, eg er fult klar over den idiotiske betongkanten der… Den håper eg forsvinn litt når veggen blir malt mørkegrå. Som sagt, vi eige ikkje huset vi bur i så vi får ikkje gjort så mange drastiske endringar som vi skulle ønska.. 😊
Siden første gang eg såg ei marmorplate har eg hatt lyst på det til skjærefjøl eller lignande. Det er jo ein smule dyrt med det i Norge, og for oss som visste vi skulle flytte så blei det uaktuelt å kjøpe nåke så skjørt.. Så når eg gjekk å trødde i ein svær butikk, litt som Coop Obs bygg bare 10 ganger større, så fant eg ut at dei solgte baderomsfliser enkeltvis. Altså, nåke så genialt! Eg visste ikkje at det var mulig, og eg veit heller ikkje om dette er mulig i Norge då, men kanskje ein kan være heldig å få ei testflis eller lignande. Lykkelig kjørte eg heim med ei nydelig fin marmorflis, klar for hobbyprosjektet mitt! Dette brettet er kjapt å lage, men krever litt herdetid. Så ha litt tålmodighet, sånn ca to dagar av det 😎
E6000 lim / anna industriell lim som funker på metall og flis/stein. Eg trur ikkje limen er å få tak i i Norge, så kjøp den på Ebay HER.
Gummiknotter (eg spraya mine i gull)
Skapdørhåndtak
Slik gjer du:
Spray det du skal spraye først. Eg valgte å spraye håndtaka og knottane, då dei ikkje var i den fargen eg ville ha. La dei tørke godt.
Lim gummiknottane fast på undersida av plata. Bruk limet E6000, men vær forsiktig, det er eit sterkt lim.
La gummiknottane herde over natta, slik at det er stivna.
Lim deretter håndtaka fast med E6000. La dette herde. Eg lot det herde i 24 timar.
Voila, eit fiks ferdig pyntebrett klart til bruk.
Eg ville nok kanskje ikkje brukt håndtaka til å bære brettet med, men det skal være mulig. Håndtaka er mest for pynt, sjølv om vi har bært fatet med dei uten problem. 😊
Påsken er rett rundt hjørna, og for oss her borte betyr det besøk! Heile familien til Vegard kjeme på påskeferie til veka, og vil gler oss stort! Dei siste vekene har vore litt stressande, og eg har hatt mykje å gjere kvar dag. Det er mange å sei hadet til og mykje å få med seg dei siste dagane ein bur ein plass. Midt oppi dette kaoset har eg sjølvsagt klart å pressa inn ein del hobby og! Eg trur det er når eg har mest å gjere, kreativiteten bobler og er bare må finne meg tid til det og. Det var nok min måte å bare utsette kjedelige flytteplikter på 😅 Denne DIY er veldig kjapp å lage, og kan fint gjerast i lag med ungar om ein ønsker! 🐥
Tråd. Gjerne litt tjukk ulltråd, så kyllingen blir fluffy.
Saks
Nebb (Eg brukte ein bite filt. Kan og tegnast på)
Auger (Kan og tegnast på)
Ein liten pappbit
Slik gjer du:
Surr tråden rundt 4 fingrar for kroppen og 3 fingrar for hovudet.
Knyt ein tråd stramt rundt midten.
Klipp opp trådane, slik at du får ein ball.
Friser pompomane ned, slik at dei blir jevne og fyldige
Bruk eit godt lag med lim for å feste ballane på kvarandre. Lim og på ein liten pappbit/ på undersida. Påskekyllingen blir då meir stabil.
Klipp ut eit nebb av filt, og lim eller tegn på auger. Litt skeive auger er bare sjarmerande!
Eg syns dei egentlig blei veldig sjarmerande eg.🐥 Super enkle og billige å lage er dei og. Perfekt helgesyssel med ungar! Mulig dei er i litt enklaste laget for oss voksne å lage og å ha framme, men dei gjere jo absolutt nytten sin dei få dagane påsken er. Sjarmerande er dei! 😊
Valentine er rett rundt hjørnet, og i den forbindelse så hadde vi ein “crafting night” på basen med samme tema. Dørkrans er virkelig nåke som er populært her borte i USA, då dei byttar ut kransane for kvar anledning dei finn. Det er nye kransar for haust, halloween, jul, valentine, St.Patrick osv osv. Veldig fasinerande egentlig, at dei tar kvar “høgtid” så seriøst.. Men, no over til korleis du kan lage denne enkle og fluffy hjertekransen på bildet under her!😊
Du treng:
Isopor hjerteform.
1-2 meter filt. Avhengig av kor tett kransen skal bli
Mange stoppenåler. Eg hadde ein pakke med 300 stk.
Saks
Blyant
Pappsirkel til mal. 5-7 cm i diameter
Begynn med å tegne sirklar på filten med blyant. Brukar du tusj så blir kantane så markerte, og det kan vise når du har klipt. Eit tips er å brette filten i to, slik at du kan klippe ut to og to sirklar om gangen. Dette tar tid, men klipp så beint som mulig. Resultatet blir deretter.😊
Brett sirkelen først i to ein gang, og deretter ein gang til. Fest ei stoppenål på tuppen og stikk i hjertet. Fortsett slik til heile kransen er dekka. Eg måtte dandere litt når heile kransen var dekka, for å få eit jevnt resultat.😊
Det var eit veldig tidskrevande arbeid, og eg trur vi brukte 3-4 timar på denne kransen. Eg jobbar relativt raskt, så eg rakk å dekke heile kransen, mens mange av dei andre damene bare tok framsida, då dei uansett skulle henge den opp. 😊
Når vi kom til leiligheten her i Florida så var den veldig basic innreda.. Det var ikkje eit einaste bilde på veggen, og heller ikkje ei hylle. Så eg fant ut at her måtte nåke gjerast. Eg gjekk meg ein tur i hobbyavdelingen på Wallmart og der kom det! Eg hadde jo tidligare sett ei slik hexagon-hylle på Pinterest, så det måtte være tingen. Enkelt og billig for dette året her.
Ispinnar / trepinnar. Eg kjøpte to forskjellige str og laga to forskjellige hyller.
Limpistol
Maling
Slik gjer du:
1. Legg tre pinnar opp slik som på bildet og legg deretter tre til oppå dei. Det er her det er viktig å lime beint, slik at hylla blir bein. Du kan evt printe ut ein mal i frå google, og legge pinnane oppå den når du limer.
2. Lim deretter annankvar tre og tre pinnar oppå kvarandre, som på runde ein og to. Du treng kun litt lim på kvar pinne. Fortsett slik til du får den dybden du ønsker på hylla. Du treng ein del pinnar for å få ein ok dybde på hylla, så kjøp nok pinnar!
3. Til slutt er hylle klar for å malast. Mal då i den fargen du måtte ønske. Eg malte mine i svart, og sku virkelig ønska eg hadde malt pinnane før eg limte dei sammen. Så om du skal male i ein mørk kontrastfarge, spray eller mal gjerne pinnane først 😊
Og voila! To fiks ferdige og billige hyller klare til veggen. 🛠
Som sagt tidligare blomstrar kreativiteten for tida. Sikkert fordi eg ikkje veit kortid neste prosjekt blir, då vi flytter til USA på tirsdag. Eg og Vegard har vært å henta skjell i fjæra, og det blei nåke riktig kult ut av det!
Det første eg gjore før eg tok i bruk skjella var å klore dei i ei bøtte med vatn. Dette for å få dei litt kvitare/klarare i fargen, og for å få vekk evt dyr og bakteriar som ligg i dei.
Deretter tørka eg skjella, og fant fram dei finaste som eg ville bruke.
DIY Skjellball:
Du treng:
Skjell
Hamptråd
Limpistol
Kule av isopor eller anna material.
Slik gjer du:
Lim litt og litt av hamptråden rundt isoporkula. Til tjukkare tråden er, til tettare blir det og kjappare går det. Pass på så du ikkje tar på limen, den er rimelig varm 😉
Når kula er dekka kan du la den tørke litt.
Lim deretter på skjell. Eg starta på toppen, og jobba meg nedøve. Eg la og alle skjella samme vei, slik at det blei litt symetri.
Når eg hadde limt skjell nesten heilt ned, så stopp eg. Dette fordi at ballen skulle kunne stå på bordet, og ikkje rulle.
Lim deretter små skjell rundt der du føler det er litt åpent. Og voila!
DIY Skjellpotte:
Du treng:
Ei lita potte
Store skjell
Limpistol
Slik gjer du:
Start øverst på potta med å lime eit og eit skjell rundt kanten. Tilpass litt med store og mellomstore skjell, slik at du kjem rundt.
Lim deretter skjell på nedøve potta, ein runde om gangen.
Pass på å ikkje lime skjell nedanfor botnen på potta, då kjem ikkje potta til å stå beint.
Og her er resultatet! Var dei ikkje søte? Passa perfekt inn i båten til mamma og Harald 🙂
Til Hawaii/tropisk aften på Palmesusvorset så måtte vi ha nåke ekstre utenom drinkane. Denne vimpelrekka var svært kjapp og enkel å lage, og gjore seg virkelig godt i leiligheten! 😀
Du treng: ♥ Lim ♥ Tråd ♥ Farga ark. Eg kjøpte ferdige trekantar på TGR, men du kan og klippe ut trekantar sjølv. ♥ Så er det bare å sette i gang og lime vimplane til tråden og voila så har du ein veldig stilig girlander som friskar opp eit kvart partylokale!