It´s a boy!

På fredag var vi ein gjeng på jobb som samla oss og hadde babyshower for ein kollega. Det var deilige reker, kake, vin og godt selskap til langt ut på kvelden. Eg hadde for annledningen laga bleiekake og ein liten Kay Boyesen Ape. (Her finn du oppskrifta)  Den vordene mammaen blei veldig glad, og då er det veldig kjekt å kunne gi slikt vekk 🙂

SAMSUNG CSC

Du treng: 

  • 2-3 pakkar bleier (avhengig av kor mange bleier det er i ein pakke)
  • Gummistrikk
  • Tørkerull
  • Papp
  • Pynt

 

Slik gjer du:

  • Rull bleiene laust slik at kun det kvite viser. Ta eit strikk rundt. 
  • Start med 6 bleier rundt tørkerullen, deretter 12 stk rundt neste omgang og 18 rundt siste (trur eg)
  • Pynt kaka med det du måtte ønske. Eg kjøpte banda og toppynten på Upstairs. Banda er festa med nåler og lim, då eg akuratt hadde nok til å rekke rundt kaka. Celofanen er og kjøpt på Upstairs. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC


 

#diy #bleiekake #babyshower #guttebaby #heimelaga #hjemmelaget #kayboyesen #heklet #gjørdetselv 

DIY: pompoms / dusk

Etter at eg la ut oppskrifta på Mariushua så har eg fått ein del tilbakemeldinga på korleis eg laga dusken i toppen. Eg huske eg lagte mange slike med mamma når eg var mindre, så dette satt heldigvis friskt i minnet mitt 🙂

Det er enkelt, bare følg min “steg-for-steg” under her. 

SAMSUNG CSC

1. Klipp ut to like store sirklar og klipp hull i dei.  Mine er 5 cm i diameter og hullet er ca 1 cm. Den passar perfekt til ei lita hue. Skal dusken være større, lagar du bare ein større sirkel. 

2. Legg dei mot kvarandre med hakket på motsatt side. Gjer klar ein mengde med tråd på nåla. Eg har lagt den dobbelt to ganger. 

3. Begynn å tre tråden gjennom papp-ringane, prøv å spre fargen utøve og dekk pappen. Blir du tom for tråd, så finn du bare meir. 

4. Skal du bruke fleire fargar, så kan du gjere det og. Pass bare på å ha nok tråd, det skal være trangt å få nåla gjennom dei siste gangane. Klipp av nåla.  Du treng ikkje knyte tråden fast.

5. Klipp forsiktig opp langs kanten. Prøv å komme mellom pappbitane for å få det beinast mulig.

6. No har tråden spredd seg, og det ser ut som ein ball. 

7. Lag ei løkke med tråden du skal feste med. 

8. Snurp tråden mellom pappbitane, og knyt godt til.

9. No kan du fjerne pappen, og dusken er ferdig! Friser den gjerne litt, om den er skeiv. Dette er bare sjarmerande. 

SAMSUNG CSC

Den gjer det lille ekstra, gjer den ikkje? 🙂

SAMSUNG CSC

 

#diy #marius #mariuslue #hjemmelaga #hjemmelaget #heimelaga #strikk 

#håndarbeid #gjerdetsjølv #gjørdetselv #redesign #tips #triks #dusk #pompom 

 

DIY Julepynt i leire

SAMSUNG CSC
Kanskje litt seint ute med denne DIY´en, men ein treng jo ikkje bruke figurane som julepynt! Dei kan fint brukast som merkelappar, bordkort, som coaster og pynt på ein uro eller lignande. Det var i alle fall ein veldig gøy ting å sitte å jobbe med, ein blei litt barn igjen. Så dette er ein aktivitet eg kan anbefale å gjere med barn 🙂
SAMSUNG CSC
Du treng:
  • Leire (kjøpt på søstrene grene)
  • Kjevle
  • Bakepapir
  • Sugerør
  • Kakeformer
  • Hobbylakk
  • Pensel
  • Snøre 
Slik gjer du:
  • Start med å kna ein leirebit til den blir litt varm
  • Kjevle den ut på eit pakepapir. Du velger sjølv kor tjukk den skal være.
  • Stikk ut med kakeformer
  • Bruk eit sugerør til å lage hull til tråden.
  • La figurane tørke i 1-2 dagar
  • Mal med hobbylakk fra Panduro. 
SAMSUNG CSC
Enkelt og fint, eller ka?
#diy #gjerdetsjølv #gjørdetselv #hobby #leire #leikmedbarn #lekmedbarn
#barn #triks #julegave #fødselsdag #merkelapper #tipsogtriks #rom123 #aftenposten 

DIY: Coasters

For å unngå glassmerker på borda er det veldig praktisk med underlag. Det finnes så utrulig mange forskjellige variantar, men dei kjekkaste er dei ein lager sjølv 🙂 Underlaga eg har laga gav eg vekk til svigermor Gunn til jul. Dei passa fint inn i stova, siden ho har fått inn nåken sennepsgule puter i sofaen 🙂 Dei er veldig enkle å lage, og du treng egentlig ikkje så mykje av utstyr. 

Du treng: 
  • Sjablong finn du her!
  • Filt tynn. (tjukk filt finn du her)
  • Ulltråd
  • Nål
  • Skjæreplate
  • Hobbykniv, kuttehjul eller saks
  • Penn

 

Slik gjer du:

  • Kutt ut figurane du skal ha. Bruk kuttehjulet for å få fine kantar.
  • Legg to og to filtbitr oppå kvarandre om du bruker den tynne filten, og sy deretter rundt med ulltrå.
  • For å få kanten rundt slik som eg har, må du sy stinga slik som eg har gjort under. HER kan du sjå ein instruksjonsvideo på korleis du syr kanten rundt.
SAMSUNG CSC
SAMSUNG CSC

#coasters #bordskåner #interiør #diy #bord #brikke #glassbrikke #gjørdetselv #aftenposten #interior #design #hobby

DIY: Julekort

SAMSUNG CSC

Blei ikkje disse korta søte? Også så enkle då! Akkurat slik eg likar dei.

SAMSUNG CSC

Alt du treng er :

  • Stempel som eg tipsa om HER
  • Stempelputer
  • Julestempel fra Panduro
  • Ark 305×305 mm, vekt 216 g. fra Panduro

 

Start med å klippe arket i to, slik at du kan brette korta sammen. Så er det bare fantasien som setter grenser!  Eg brukte gullstempel fra Søstrene Grene.

SAMSUNG CSC

Håpar det er nåken som blir glade for å få dei til jul 🙂

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

#diy #julekort #jul #christmas #hjemmelaga #hjemmelaget #gjørdetselv

#aftenposten #rom123 #redesign #kreasiw #pandurohobby #sostrenegrene 

DIY: Stjerne av trekuler

Denne ideen kom eg sjølvsagt over på Pintrest! Pinterest er bare heilt fantastisk, og er eit mekka når det gjeld inspirasjon. Dette er kanskje ein av dei enklaste tinga eg har lage, og resultatet er jo riktig lekkert. Ein kan jo og variere uttrykket på stjernene ved å male kulene i akkurat dei fargane som måtte passe seg.
Du treng:
  •  25 trekuler med hull
  • Tråd
  • Nål
Start med å lage ein ring meg 10 perler.  Tre deretter trekula på tråden og fest i kule nummer to.  Fortsett slik rundt, og du vil få ei stjerne!
Du kan då velge om du vil bruke den til gryteunderlag, eller som pynt på veggen.

Eg valgte å bruke dei som pynt, då stjerna blei litt mindre enn forventa pga størrelsen på kulene. Eg kjøpte mine kuler på Ebay HER. Mykje billigare enn på hobbybutikk.

#DIY #trekuler #gjørdetselv #hjemmelaga #hjemmelaget #kreativitet #kreasiw #pynt #design #enkelt #rom123 #bloggklubben #aftenposten #bordskåner

DIY: Juletre i fjær

Eg har fått ein del tilbakemelding på desse fjærtrea som eg delte bilde av forrige veke, så då er det bare å dele fremgangsmåte. Den er egentlig ganske fort gjort, ein må bare ha utstyret for hand. 🙂

Du treng:

  • Isoporkjegler (Panduro) Du kan og lage ei kjegle av papp.
  • Fjær
  • Lim
  • Maling og pensel

 

Start med å male kjeglene i samme farge som fjæra er. Dette er fordi den kvite isoporen ikkje skal vise gjennom når du har limt på fjær. Når dette er tørka er det bare å begynne å lime på fjær. Eg begynte ca 5 cm fra bunnen, og limte rundt kjegla. Deretter gjorde eg det samme i fra toppen. Det er bare til å lime litt her og der, så blir resultatet bra til slutt.

Enkelt og fint! Vegard lurte på om eg ikkje var riktig når eg sette den to “fuglane” på bordet…  Menn altså!

#diy #gjørdetselv #hjemmelaget #hjemmelaga #aftenposten #fjær #julepynt

#pandurohobby #bloggklubben #rom123 #design #redesign #kreativitet #kreativ #hobby #diy #gjørdetselv #hjemmelaget #hjemmelaga #aftenposten #fjær #julepynt 

DIY: Gjenbruk av gamle mynter

Tenkte at idag var dagen for deling av ein superenkel DIY. Dette er vel nåke de aller fleste har mulighet til å lage i en fei. Resultatet blir jo riktig så kult, eller ka? 🙂

Du treng:

  • Myntar (eg fekk litt pund som Vegard hadde i lommene etter Manchester-turen)
  • Magnetar (fra Chlas Olson)
  • Limpistol eller ein god lim

Og voila! Vær litt forsiktig når du bruker limpistolen, den er varm.. Tru meg! 

Stilige? 🙂

#diy #hjemmelaga #gjørdetselv #krsbloggers #tips #triks #gjenbruk #redesign #kreativitet #aftenposten #rom123 #mynter #pund

DIY: Lag dine egne gelenegler

Stellte negler er så fint. Eg har hatt akrylnegler nesten heile tida fra jul til august i år, men siden eg har lagt dei på heime så har eg ikkje hatt mulighet til å gjere det no. Eg synes egentlig det er for dyrt å gå å legge akryl- eller gelnegler til 900kr ein gang i mnd, så eg hoppa av glede då eg såg dette settet med gelenegler til kun 169 kr! Og det beste av alt, det var like enkelt å legge på som eg hadde håpa på. 

 

Du treng:

  • Gellack kit (169 kr på Cubus)
  • Neglelakkfjerner

 

Slik gjer du:

  • Start med å vaske negla dine godt for å få vekk alt fett.
  • Skyv bak neglebanda og puss negla til ein fin form.
  • Finn fram negletuppane som passer til kvar negl. Her er det viktig at tuppen ikkje blir for stor eller for liten.
  • Puss forsiktig oppå negleflata slik at den blir ru. Vask deretter negla i neglekakkfjerner igjen.
  • Lim på tuppane. Ver forsiktig så du ikkje henger fast. Pass på at tuppen sitter godt i kantane og. Eg anbefaler at du limer på tommelane til slutt.
  • Knekk av den delen som henger fast i nagla. Eg pussa tuppane litt ned, då eg syns dei var litt vel lange.
  • Deretter skal du pusse forsiktig i overgangen mellom tuppen og din ekte nagl. Ikkje puss på din nagl.
  • Så skal di i gang med støypinga. Legg et tynt lag med støyp på nagla og tuppen. Pass på at du ikkje får støyp på neglebandet, då vil det ikkje sitte så godt. 
  • Etter et strøk med støyp, skal du ha ein spray spray. Pass på å ikkje spraye fleire ganger, då kan det sprekke.
  • Gjenta med støyp og spray ein gang til.
  • Puss deretter over med bufferen, og voila! Du har nye glinsande og lange negler til under 100 kr!

Skal du lakke negla etterpå, anbefales det å  bruke bunn- og topplakk.

 

Det var ikkje så lett å få eit ok-fint bilde av dei, men resultatet blei egentlig ganske bra! Ringfingen ser litt klumpete ut, siden det er strødd glitter på den (som ikkje viser på bildet…) Øvelse gir mester, eg får prøve igjen!

#diy #negler #gelenegler #gele #skjønnhet #mote #gjørdetselv

DIY: Diamantsko

Dette er egentlig eit veldig gammalt innlegg som eg fann i utkast-mappa mi. Siden det er like aktuelt no som før, så velge eg å poste det. Bare sjå kor glinsande flotte skoa blei etter ein runde med superlim og “diamatar”. 

Du trenger:

  • “Diamantar” frå Panduro
  • Superlim
  • Sko
  • Pinsett til å flytte på diamantane

Pass på å ikkje lim fingrane sammen, da går fort!


Skoa blei bedre, då hælane egentlig hadde sett sine bedre dagar.. Alt skjult med diamantar! 🙂

#diy #sko #redesign #gjørdetselv #selvgjort #inspo #klær