DIY: fra gammal til ny

Eg har lenge hatt lyst på eit vitrineskap i frå IKEA. Dette skapet er tydligvis gått ut av produksjon, og eg var hellerikkje interessert i å betale mangfoldige tusen kroner, på møbelforetning, for eit skap eg likte. Derfor blei det til at eg fekk/tok med meg eit furuskap som pappa hadde heime. Skapet er over 20 år gammalt, så det har sin sjarm. Det var eigentlig eit skap med glas heilt ned eg ville ha, men når eg tenker over det no er eg glad for at det har litt dekkande dører også. Er godt å få gjømt vekk litt og.  

Først vaska eg grundig med salmiakkvatn. Ps: ikkje lukt på flaska… Deretter grunna eg med heftgrunn. brukte ein liten boks på 0,65 l. Så malte eg med Lady interiørmaling, i fargen klassisk kvit. Det var litt av ein jobb med alle krinkar og krokar inni skapet, men eg trur der er verdt det. Eg stressa ikkje med å unngå maling på vindauga, for det var det bare å skrape vekk når det var tørka. Einaste problemet var at det ikkje var så lett å skrape vekk slik at det blir veldig beint og fint. Så nett no, ser det ikkje 100% bra ut. Men, mamma skal ikkje på besøk endo 😉 

#interiør #hjemme #diy #maling #gjørdetselv 

DIY- Dongeriskjorta

Blir så kreativ no før eksamen… Ikkje så veldig lurt, men men.. Eg syntes den gamle dongriskjorta mi var blitt så utvaska og kjedelig at eg kjøpte meg ei ny. Eg klarte ikkje å kasta den gamle, så eg fant ut at eg måtte fiksa litt på den og prøva å gjera den ny. Kanksje den blir brukt då?

Klypp matpapir til ønska form du vil ha og klipp stoffet litt større. Sy for hand rundt og Voila! Blondestoffet kjøpte eg på IKEA og naglane kjøpte eg på Ebay til ingenting 🙂

Kul? Trur eg skal sy blonder på øverst bak og 🙂 Får lyst til å sy blonder på alt av dongeri no..

Nytt smykke!

Eg har laga eit nytt statementsmykke! Denna gangen klarte eg å sy på perler og, uten at da såg stygt ut! No trenge eg bare fleire lenker så kan eg laga fleire. Typisk at eg finne gøye ting å gjera på no, ein mnd før eksamen start.. Igår var smykket med meg på ein luftetur på byn! Eg fekk kjempemasse skryt for da, og da e jo kjekt:)


DIY- Goldmine inspirert

Etter å ha sett dei populære Goldmine-smykkene, og sjekka prisen på dei, fant eg ut at eg ikkje kunne tillata meg å kjøpa eit. Eg har heller prøvt å laga meg eit. Dette er det første, så blei litt prøving og feiling. Skal laga fleire, men må nok kjøpa utstyr på andre plassar enn hobbybutikkar.Ebay er nok eit godt og billigt alternativ!

Du treng:

* Kjede (har brukt 13mm tjukt og ca 1,5 m langt)

* Bommulstrå

* Smykkelås og kjede

*Perler

*stav til å ha perlene på

*Avbitertang og evt rundtang


Del kjedet i tre deler og begynn å sy to sammen. Eg hadde tre løkker  på kvar, men ser det blei litt masse på så små kjeder.


Såy sammen kjedene heile vegen, start deretter på den tredje. Her kan det være lurt å stramma inn litt, Dra to rundingar inn i ein. Dette for å få form på smykket.

Legg perlene slik du vil ha og fest dei fast. Bare fantasien sett ein stopper her.


Del gjerne tips og triks med meg 🙂