Tombstone – ein ekte cowboyby

Hooowdyy! Altså ja.. Eller nei. Vi er ikkje tilbake i Arizona, eg er bare supertreig med å få lagt ut dette innlegget i fra ein tur vi var på i januar(!). Vi er fortsatt i Florida, men det har vært litt overskya i nåken dagar så vi har fått gjort litt inneaktivitetar og komt litt ajour med ting på dataen. Så på grunn av at eg er treig, og har glømt vekk dette innlegget litt så kjem det no. Men bedre seint enn aldri vel? 😅  Eg har lagt ut ein film i fra denne turen vår til Cowboybyen, og den kan dåke finne HER.  

SAMSUNG CSC

Så vidare til eit innlegg fylt av bilder i fra ei helg i cowboyutstyr. For ja, ein kan ikkje ha budd i Arizona uten å ha kjøpt seg hatt eller boots nei, så før vi kjørte nedover til Tombstone så hadde eg og Linda vært på shopping og handla inn. Vegard sku egentlig ikkje ha seg boots, men vi måtte dra kortet når vi kom ned til Tombstone og såg folka rundt. Nei, då kunne ikkje mannen trø rundt i kvite tennissko og cowboyhatt lenger! 

SAMSUNG CSC

Vi kom ned på fredagen litt seint etter at vi hadde vært i Tuscon og sett på atomsiloen (link). Hotell blei booka på veien og vi enda opp med eit rom eit lite stykke utfor sentrum. Vi måtte jo prøve å finne oss nåke å ete og kjørte derfor ned til sentrum. Vel det er lettare sagt enn gjort, då dette er ein by som tydeligvis stenger matservering veldig tidlig! 🙊 Vi enda opp med den einaste restauranten som solgte mat etter kl 20:30, og var egentlig veldig happy med det! (Dette var bare eit lite tips til dåke som sikkert skal reise nedover på sikt. ) Her er utsikten i fra hotellet vårt. Byen ligg med andre ord midt uti ingen plass, og ganske nært Mexico grensa.

SAMSUNG CSC

Tombstone er egentlig ein veldig kjent by i westerntida, og var og ein av dei rikaste byane i Arizona pga sølvgruvedrift. Wyatt Earp er ein av dei kjente westernfolka som budde her, i lag med ein som vart kalla Doc Holliday. I filmen “Tombstone”, så er det desse to som er i fokus i ein veldig kjent “gunfight” utanfor O.K. Corral. 😊 

Boothill graveyard

Lørdagen starta vi på Boothill Gravplassen som ligg litt utanfor sentrum. Her ligg dei aller fleste i fra westerntida gravlagt, og då og alle i frå filmen Tombstone. På døra på dette bygget står det “No guns please, graveyard is full”, altså ; “Vær så snill, ingen pistolar. Gravplassen er full”.😅

På alle steinane stod det navn, dato og korleis dei var drept. Det var ikkje så vanskelig å resonere seg fram til kven av dei som hadde vært i samme kam foråseidetsånn. Når vi var der oppe så begynte det faktisk å hagle og. Tombstone ligger over 1000 moh, så det kan bli litt vær her. ❄️

SAMSUNG CSC

Fasinerande kva som sto på dei forskjellige gravsteinane altså. Denne gravsteinen er visst og kjent i frå filmen.

SAMSUNG CSC

Vidare kjørte vi nedover til sentrum av byen. Og som forventa var det ikkje asfaltert i hovedgata, men brun grus som i cowboyfilmane.🐴  Rimelig tomme gater var det og, siden vi var der i midten av januar. Kan tenke, og håpe, at turismen har tatt seg litt opp no. 

Mangla bare litt bakgrunnsmusikk og ein “tumbleweed” som rulla bortover gata her. 🙊

Kor enn vi gjekk i denne lille byen, passerte vi folk som var kledd i cowboysko, cowboyhatt, pistolbelte, pistol og frakk, damene var ofte kledd i det samme bare i “dameversjonen”.😊  Desse hadde kledd seg opp for å framføre eit show basert på kvinner i cowboytida. Det var altså ikkje slik damene gjekk der nede no.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

🐴  🐴  🐴  🐴  🐴  🐴  🐴  🐴  🐴  🐴

Her var vi å åt lunch på Crystal Palace, ein av dei tre mest kjente saloonane i Tombstone. Her var det livemusikk og mykje liv midt på dagen. Veldig koselig! 🐴

O.K Corral

Det er her skytinga mellom Wyatt Earp, Doc Holliday, Virgil, Morgan Earp mot ein gjeng cowboyar i byen. Det heile seies å være over på 30 sekund, og etterlot seg dei tre cowboyane døde. Desse er då gravlagt på Boothill gravplassen lengre oppe i innlegget.

Igjen, sjå Tombstone filmen så forstår du alt. 😅

Her møtte vi gjengen utenfor i gata før framvisningen. Dette var dei som var good-guys i hendelsen.😊

Bird Cage Theatre

På  lørdags kveld booka vi ein spøkelsestur på Bird Cage Theatre, som var ein kombinasjon av ein saloon, bar, gamling og bordell som var i drift i fra 1881-1889. Dette var ein veldig “classy” plass å få komme inn, så det var så absolutt ikkje billig å kjøpe seg plass ved eit bord eller ein boks (som på bilden under til venstre). Studerer du bildet til venstre litt meir, kan du sjå mange kulehull i taket. Det var med andre ord ofte litt slossing og folk som ikkje var så fornøyde med kvarandre her. Og korleis løyste dei det før? Jo, ofte med pistolen sin. 


Etter omvisningen var det tid for spøkelsesturen.👻  👻   Det er faktisk sagt at dette er ein av USAs mest hjemsøkte plassar, og derfor er det vist og veldig godt dokumentert aktivitet her. Vi skulle no sette oss i ein ring, innerst i  lokalet, skru av lyset og prøve å kontakte dei på “den andre sida”.  Guiden hadde med seg nåken elektromagnetiske målera som ho la på bordet forran oss. Desse målarane skulle registrere varme og energi, og kunne då altså fange opp den såkalla “åndelige aktiviteten” som var i rommet. Åndene som budde her likte veldig godt når vi fortalte vitsar, latter, spelte livlige gamle sangar i fra spotify og slikt. Med andre ord var det heldigvis nåken livlige ånder denne natta. Når åndene likte det som blei sagt så bevega sensoren på måleren seg til orange og grøn, ellers låg den konstant på raud. 😱

Sjølv om vi ikkje trur på slikt, så har du jo veldig lyst på eit tegn eller å sjå nåke bare fordi liksom. Vi satt jo alle veldig spente der! Eg og Vegard satt ved siden av eit par som hadde vært på denne rundturen 5(!) ganger, og dei hadde aldri opplevd så mykje aktivitet før.👻 👻 Dei var supergira og hadde med sin eigen måler og greier. Tok opp lydopptak og prøvde å snakke med åndene. Så etter å ha sete her i mørket i 40 min var det godt å få på lyset igjen. Skal vi tru på det? Vel vi er ikkje overbeviste. Men ei dame som satt nærmest trappa kunne fortelle at ho hadde sett ein skygge av ei lita jente med mørkt hår, og guiden kunne bekrefte at det var eit “kjent spøkelse” for dei.😱 😱  Så etter denne intense opplevelsen måtte vi rett og slett ta turen til Tombstones mest kjente saloon, Big Nose Kate´s saloon. 

Her var det og skikkelig god gammaldags livemusikk, enkel mat, øl og dei fleste var kledd i cowboyutstyr. Vi møtte og nåken andre nordmenn i fra reisefølget vårt, og satt resten av kvelden her. Vi hadde ei heilt fantastisk kjekk helg, og er veldig glade for at vi har fått opplevd denne delen av Arizona med så ekstremt mykje historie rundt seg! Enda ein vellykka tur med eit supert reisefølge 😊

Linda har beskreve så utrulig bra alt vi opplevde den helga, så igjen vil eg ta litt info i fra hennas blogg. Stikk og innom ho for å lese litt meir detaljert, om det er av interesse  😊

SAMSUNG CSC

På veien heim igjen måtte vi faktisk kjøre gjennom grensekontrollen. Dei spørte om vi var amerikanske, og når vi svara at det var vi ikkje så såg det ut som om heile verdenen deirast raste sammen og dei måtte gjere litt jobb. Dei spørte deretter etter pass, nåke som vi sjølvsagt ikkje hadde med. Så sa vi at vi var Norske og viste militærbeviset og fekk kjøre fint vidare heimover til Phoenix. Så, om du kjører nærmare enn 100 miles i fra grensa til Mexico så kan det være lurt å ha med passet sitt. 😊

DIY: Marmorbrett ✨

Siden første gang eg såg ei marmorplate har eg hatt lyst på det til skjærefjøl eller lignande. Det er jo ein smule dyrt med det i Norge, og for oss som visste vi skulle flytte så blei det uaktuelt å kjøpe nåke så skjørt.. Så når eg gjekk å trødde i ein svær butikk, litt som Coop Obs bygg bare 10 ganger større, så fant eg ut at dei solgte baderomsfliser enkeltvis. Altså, nåke så genialt! Eg visste ikkje at det var mulig, og eg veit heller ikkje om dette er mulig i Norge då, men kanskje ein kan være heldig å få ei testflis eller lignande. Lykkelig kjørte eg heim med ei nydelig fin marmorflis, klar for hobbyprosjektet mitt! Dette brettet er kjapt å lage, men krever litt herdetid. Så ha litt tålmodighet, sånn ca to dagar av det 😎

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • Valgfri flis, eg har brukt marmorstein.
  • E6000 lim / anna industriell lim som funker på metall og flis/stein. Eg trur ikkje limen er å få tak i i Norge, så kjøp den på Ebay HER
  • Gummiknotter (eg spraya mine i gull)
  • Skapdørhåndtak

 

Slik gjer du:

  • Spray det du skal spraye først. Eg valgte å spraye håndtaka og knottane, då dei ikkje var i den fargen eg ville ha. La dei tørke godt.
  • Lim gummiknottane fast på undersida av plata. Bruk limet E6000, men vær forsiktig, det er eit sterkt lim. 
  • La gummiknottane herde over natta, slik at det er stivna. 
  • Lim deretter håndtaka fast med E6000. La dette herde. Eg lot det herde i 24 timar.
  • Voila, eit fiks ferdig pyntebrett klart til bruk.

 

SAMSUNG CSC

Eg ville nok kanskje ikkje brukt håndtaka til å bære brettet med, men det skal være mulig. Håndtaka er mest for pynt, sjølv om vi har bært fatet med dei uten problem. 😊

SAMSUNG CSC

Nåke du vil teste ut sjølv? 😊 

SAMSUNG CSC

affiliateslink

#kreativitet #kreativ #diymom #marmor #interiør #interior #diy #homemade #hjemmelaget #heimelaga #hobby #kreativ #gds #byidarossland #hobby #hobbyklubben

Superenkle saftige rundstykker

Altså nam! Kven er det som ikkje liker ferske og varme rundstykker til frokostbordet? 😊  Det beste med desse rundstykka er at det tar totalt 30 min i fra start til du kan smøre pålegg på dei. Og ikkje minst er dei godt mettande, så du trenge bare 1-2 stk, så holde du langt utover dagen. 

SAMSUNG CSC

Du treng:

  • 100g lettkokte havregryn
  • 100g speltmjøl
  • 250g cottage cheese
  • 2 egg
  • litt salt

SAMSUNG CSC

Slik gjer du:

  1. Bland alle ingrediensene godt sammen i ein bolle. Bruk litt kraft så cottage cheesen blir litt most.
  2. Deigen du har no skal være litt klissete. Fordel 6 klattar rundt på eit steikebrett
  3. Steik på 200grader i 20 minutt, avkjøl på rist.

Og rundstykka er klare til å nytast med favorittpålegget på. Du kan fint spe på med litt andre typar frø, eller mjøl, alt etter kva du har tilgjengelig. 😊

SAMSUNG CSC

#oppskrift #rundstykker #frokost #student #studenttips #studentmat #matprat #middag #bake #baking #diy 

Gulf Breeze Zoo

Forreige lørdag tok eg og Vegard turen til dyreparken i Navarre, ca 1 time her i fra.😊  Det var meldt thunderstorm i fra 15 tida, så vi hadde ikkje akkurat heile dagen på oss. Ikkje det at vi trengte det i denne dyreparken, for den var ikkje så alt for stor, egentlig ein perfekt liten helgeaktivitet. Vi kom og heldigvis unna thunderstormen, og regnværet, heilt til vi kom heim igjen på kvelden.

Det som skilte denne dyreparken i fra dei andre vi har vært i tidligare, var at her kunne ein gå rundt å mate nåken av dyra aleine! Det var jo ekstra gøy for ungane, og oss 😏

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Altså, når vi kom inn i fugleburet så blei eg nesten angrepen av små fuglar som var ute etter matpinnen eg hadde kjøpt med. 😅 Vegard fekk ein haug av dei på skoa sine, og dei flytta seg liksom heller ikkje. Dei var rett og slett litt for tamme, men gøy var det absolutt! 🌺

SAMSUNG CSC

Etter mating av fuglar bar det rett bort til giraffane. Endelig! Dei er så store og majestetiske, rett og slett fasinerande. Dei var og tydelig vane med å få snacks av forbipasserande, og strekte halsen fram i det vi kom bort. Eg ville jo sjølvsagt ikkje gi rett i fra koppen, men heller direkte i munnen. Det var ein klissete opplevelse, men det var heldigvis antibac lett tilgjengelig. Vegard, han er tydeligvis bygutt😏 og måtte gi giraffane mat i fra koppen sin. 😜  Gud forby litt slim på henda.. Heheee😘

Også den store giraffen! Han kom etter at alle ungane var gått vekk. Mulig han var lei av dei 😅

SAMSUNG CSC

Rimelig stor størrelsesforskjell på den store og den vetle giraffen ja!

Den gule papegøyen er eg sikker på at svarte meg når eg sa hallo. 😏

Det var og ein togtur vi kunne ta. Denne gjekk rundt inne på savannen. Her fekk vi sjå nasehorn, zebra, gorilla, gnu og kamel.😊 Eg hadde håpa vi skulle få sjå flodhest og, men den gjømte seg under vatnet når vi kjørte forbi. 😞

SAMSUNG CSC

Her er nasehornet bakerst på savannen. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Store skilpadder! 🐢  Men, dei var faktisk ikkje så store som dei vi svømte med på Hawaii, dei var enorme!

SAMSUNG CSC

Vi var på alligatormating kl 14, men det er ikkje store showet.🐊  Alligatorane er nemlig supersløve og vil helst at maten skal bli plassert i munnen på dei. Men han var svær då!

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Kenguruane kvilte seg i skyggen. Var rimelig trykkande og varmt den dagen, så kan godt forstå dei!

SAMSUNG CSC

Desse to sto å passa på reiret og egga sine. Dei jobba på for at reiret skulle bli best mulig, og når vi stoppa opp for å sjå på dei så stilte dei seg opp å passa på reiret sitt.😊

SAMSUNG CSC

Som nevnt var det meldt heftig thunderstorm her i området på kvelden. Og thunderstorm, det skal eg skrive under på at det var. Eg er nesten sikker på at vi var midt inni senteret på eit tidspunkt. Eg har aldri sett hummelen lyse opp så mange ganger, og så lenge, nåken gang før.. Og samtidig som det var tidenes diskotek ute, så hølja det ned i bøtter og spann. Det var meldt over 10 cm regn på 1 time, altså 10 cm!! 😮  Eg fekk inn varsel på telefonen om oversvømmelsefare og i samme stund kunne vi sjå brannbilane ule forbi vinduet vårt. Enda godt vi ikkje skulle gå nåken plass den kvelden der! Uværet holdt fortsatt på når vi la oss, og til langt ut på natt! For å sei det sånn, eg er nok kanskje nesten herda for lyn når eg har budd her borte eit år. For slikt uvær har vi i alle fall ikkje heime, ikkje i nærheten ein gang 😅

#reise #ferie #florida #usa #travel #reisebloggen #reisemagasinet #iviusa #tipsmedbarn #tipstilbarn #reisemedbarn #utlandet #sommer #dyrehagen #dyrehage

 

Ein lang dag i Pensacola by

Helga før 17.mai hadde vi egentlig ingenting planlagt. Det var meldt fint vær, så på lørdagen bestemte vi oss for å reise på dagstur til Pensacola med Eirik og Linda.😊  Pensacola er den vestligaste byen i Florida, og ligge på grensa mot staten Alabama. Byen har enormt mykje historie, og har blandt anna vært under både spansk, fransk, engelsk og amerikansk regime. Over alt i byen så går ein forbi desse pelikanane. Mulig dei skal vokte byen, eller nåke sånn. Ikkje veit eg, men stilig var det i alle fall! 😃

SAMSUNG CSC

Vi starta dagen med lunch på Fun Urban Dining. Dette var fire matvogner som var sett opp som eit resturantområde. Akkuratt det vi trengte der og då. Streetfood pleier å være velsmakande, og for min del som kjørte safe og gjekk for taco så var det det. 😊

SAMSUNG CSC

Stilige? Eg trur nok dei står der permanent.

SAMSUNG CSC

Når vi såg denne bilen så veit eg ikkje heilt ka eg tenkte… Bare sjå på døra på den! Kulehull?? 😮  Altså, “Det er USA…”🙄

SAMSUNG CSC

Byen var litt vanskelig å forstå seg på, så vi gjekk vel egentlig bare rundtom å såg på det som var der. Litt på måfå, men vi fekk nå gått ein del då! Litt turistar uten mål og meining, er godt det og iblandt😅

SAMSUNG CSC

Fekk litt New Orleans følelse over desse bygga her! Så fargerike og fine, men uten musikken og støyen som er i gatene i New Orleans.

SAMSUNG CSC

Byen bugna forresten i syrinetrer over alt! VÅÅÅÅÅR ❤️

SAMSUNG CSC

Og vi måtte jo sjølvsagt lukte då.. Haha, ho dama som kjeme bak Linda der forsto ikkje heilt ka vi dreiv på med der vi sto å sniffa intenst inn i syrineblomane.. Men, det lukta jo så vår at vi bare måtte.😃

SAMSUNG CSC

Tydelig at byen er full av historie. Vi hadde sjølvsagt ikkje nåke behov for å gå inn i dei gamle bygga, men gjekk ute i gatene og såg på dei. 😅

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Mange fine hus! Følte nesten vi var midt inni ein film der vi gjekk.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Strolli´n

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Enda eit museum vi ikkje gjekk innom 😅

SAMSUNG CSC

Våpenmann med våpen. 

SAMSUNG CSC

Vidare gjekk vi nedover til piren. Her sto det enda ein pelikan i friske fargar. 

SAMSUNG CSC

Det sto fleire folk å fiska langs bryggekanten. Dette er nåke vi har sett fleire plasser her i Florida. 😊

SAMSUNG CSC

Båtane som låg til kai her var bare usansynlig lukseriøse.. Nåken av dei var heilt på ekte større enn ein einebolig heime i Norge.. 🙄

SAMSUNG CSC

Det faste turfølget! Vår bil bakerst, og Linda og Eirik sin fremst. Blir trist å reise i frå dei når vi skal heim til Norge!

SAMSUNG CSC

Etter nåken timar med rusling rundt i Pensacola by kjørte vi vidare til Pensacola Beach, egentlig bare for å sjå på den. Vegard og Eirik var lite imponert over meg og Linda som skulle ned for å sjå på enda ei strand, som egentlig er lik som den heime på Okaloosa. Men, ei strand er ikkje bare ei strand nei! haha.😎

SAMSUNG CSC

Vi fekk til og med lurt mannane med på ei lita fotoøkt. Detta krevde utrulig mykje for Vegard å stille opp på 😂 Men snill som han er så gjere han det gang på gang! ❤️

SAMSUNG CSC

Mens vola begynte å gå ned så satte vi oss ned på ein restaurant midt på stranda. Og eg trur kanskje det var nåke av det luraste vi gjore. Ikkje bare var maten heilt nydelig, men rett etter vi hadde fått bestilt oss drikke så kom det fire-fem F-18 jagerfly fykande lavt over stranda. Dei kalles Blue angels, og er oppvisningsfly som holde til på militærbasen i Pensacola. Bare dei flya der var verdt heile turen og heile dagen til Vegard. Han glømte til og med at vi tvang han med på stranda.. 😎

SAMSUNG CSC

Og maten, den både såg og smakte heilt nydelig! Om vi nåken skal til Pensacola så kan vi i alle fall anbefale å ta turen på Casino Beach Bar & Grille

SAMSUNG CSC

Nok ein nydelig dag her i Gulfen. Det skal bli rart å reise heim om 1-2 mnd!

SAMSUNG CSC

#pensacola #reise #usa #reisebloggen #reisemagasinet #travel #ferie #usa #florida #gulfen #gulf #beach #restaurant #iviusa

17.mai i Florida 🇳🇴

Då var 17.mai overstått her borte og! 🇳🇴  Muligens den kjekkaste dagen i året heime i Norge, alle er så patriotiske, går i fine bunadar og alt er så fint. Eg var litt spent på korleis dagen skulle bli her borte, og skal faktisk innrømme at eg sa til Vegard at eg ikkje ville åpne verken Snapchat, sjekke Instagram eller Facebook i trass for at eg ikkje får være i Norge på den dagen…😂  Men, når eg gjekk å la meg med den innstillingen, så kunne jo dagen bare bli bedre når eg våkna opp til champagnefrokosten ved bassenget! Her har Linda, Ina og Bjørnar stått på for at alle vi som er her borte skal få ei fantastisk minnerik feiring, sjølv utanfor Norges landegrenser!😃

SAMSUNG CSC

Det mangla ikkje på nåke.😃 Alle hadde tatt med seg ein rett kvar til frokostbordet (inkludert vafler, makrell i tomat, brunost og heimelaga grovbrød!), vi fekk champagne, vi hadde leikar, flaggheising og sangar. Og då vi sang nasjonalsangen, så er eg sikker på at det var fleire enn meg som fekk gåsehud ja! 🇳🇴

Eit nydelig matbord var stelt i stand!

SAMSUNG CSC

Flagget var tydelig representert på kakebordet og! 🇳🇴  Kjeksa har eg bakt. Dei kjeme det nok ei oppskrift på etterkvart.

SAMSUNG CSC

Her er den eine bunaden som var representert på damesida! Sprekt av Marianne i denna varmen 😃

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Full konsentrasjon midt i leikane!

SAMSUNG CSC

Ninea følger spent med på papirflykastinga i motvind. Ho var så herlig i bunaden sin! ❤️

Sjølv om eg savna bunaden min, så hadde eg gjort det beste ut av det og hadde med meg ein liten del av den; eit hårband eg har laga av broderibandet som høyrer til. 🇳🇴  Kanskje det var like greit at eg ikkje hadde bunaden her i år, vi hadde nemlig nærmare 35 grader her den dagen. Varmt og godt ja!

Etter champagnefrokosten ved bassengkanten kjørte vi alle ned til Destin der vi hadde leigd 4 pantoon-båtar. Skal sei det var rimelig deilig å hoppe i badeklær og få litt vind i håret etter ein heller varm start på dagen.😅  Vi starta båtturen med ein liten kortesje innover nåken kanalar der det ligg mange feriehus og båtar på størrelse med ein einebolig..

SAMSUNG CSC

Linda og meg.😊

Etter båt-toget vårt kjørte vi vidare ut på Crab Island! Her ankra vi opp og nøyt dei resterande timane av båtturen. Så utrulig deilig! Ungane koste seg, dei voksne koste seg, ein super dag! Det var ikkje vanskelig å sjå kor vi kom i frå nei! Flagg over alt!🇳🇴 🇳🇴 🇳🇴

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Fleire har sagt at dette var den beste 17.mai feiringa dei har vært med på, og eg kan sei meg enig i at den er veeeeldig høgt oppe på lista mi og ja!  🇳🇴 

Etter Crab Island var det tid for litt mat før vi kjørte heimover til Crestview igjen.😊  Nåken valgte då å krype til køys, mens andre fortsatte kvelden lengre ut i natta.. 

Ka så skjedde her? haha.. Trur vi snakka om at da såg ut som om vi satt å tissa, og at ingen hadde kunna sett om vi gjore da 😂  Morsomt var da i alle fall!

Gratulera med dagen i fra firkløveren her i Florida! 🇳🇴

Håpe alle heime hadde ein nydelig feiring! Det hadde i alle fall vi!🇳🇴 Neste år blir det nok feiring i Trøndelag, men då med Hardangerbunaden på! 😃

SAMSUNG CSC

#reise #destin #17mai #feiring #nasjonaldag #bunad #iviusa #17maiiutlandet #utlandet #party #mittørland

💕 21.05.2017 💕

1 års bryllupsdag! 💕 Tenkt at det har gått eit heilt år siden vi hadde eit lite intimt og kjapt bryllup heime i Kristiansand. Heile det første året har vært eit einaste stort eventyr, men det er vel slik når ein flytter eit år til utlandet rett etter bryllupet. Her er nåken ord som kan oppsummere det siste året vårt ganske greit: USA, reise, strand, varme, ørken, basseng, roadtrip, Hawaii, opplevelser, familie, vennskap, latter og glede. 💕  Vi har enda litt over ein mnd igjen her i Florida, og skal virkelig nyte den til det fulle. 😊

Etter snart 9 år sammen, 5 år samboera og 1 år som gift, så kan eg med hånda på hjertet sei at eg er verdens heldigaste! 💕

Dette året har vært som ein ett års lang bryllupsreise nesten. Snart skal vel vi og møte kvardagen, sjølv om den sikkert ikkje blir så veldig forskjellig i fra før vi var gift. Nye eventyr venter til hausten, ny jobb står å venter på meg i Norge og det einaste vi mangler no er ein leilighet så er vi klare til å flytte til Ørlandet utenfor Trondheim! Vi gler oss! 😃

#giftemål #bryllup #1år #gift #married #iviusa #kjærlighet #bilder #strand #love

Årets påskebilde

Onsdag var siste dag på stranda før gjestene våras skulle vende nasa heimover på torsdagen. Emerald Coast viste seg virkelig i fra si beste side, foruten om at sjøen var grøn av sjøgras, og du fekk det over alt når du prøvde å svømme forbi det.. Fint er det uansett her 😊

Før vi tok pakka samen og tok turen vidare på pedikyr og shopping, så fant vi ut at vi skulle ta det obligatoriske toppturbildet vi har hatt dei siste åra. Tidligare har det vært i påsken, på toppen av Uskedalen sitt høgaste fjell, men siden det ikkje var mulig å få gjort no så måtte vi ta det på stranda.  HER og HER kan du sjå bilder fra tidligare turar. 😄

❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️ ❤️

 

Åhh, nei det har vært heilt fantastisk å ha Marte på besøk her borte, sjølv om det bare var for ein lita veke. Det gjorde virkelig godt! Eg har jo ikkje sett ho siden i fjor sommar, og det begynne å bli litt vel lenge siden ja.. No er det uansett ikkje så lenge før eg og Vegard og skal pakke sammen tinga våre og snu nasen mot Norge igjen. Eg har kun eit krav, plis ikkje la det snø i juni/juli… Det trur eg ikkje kroppen min klarer etter eit år i denne varmen😅

Ein del måsar har det og begynt å komme her til no. Ikkje veit eg ka planen deiras er, men dei ligg mest å flyt i vinden, og ser egentlig ut som om dei leikar seg dagen lang😅

#destin #emeraldcoast #florida #usa #reiseblogg #reisebloggen #reisemagasinet #bilder #strand #ferie #reise #iviusa

Panama City Beachwalk ☀️

Etter alligatorturen hadde vi heldigvis nåken timar før Vegard måtte tilbake på jobb. 😊 Vi kjørte derfor ein ned til Panama City Beach for å sjå korleis den såg ut, og som forventa var den rimelig lik som den vi er vane med her vi bur; krittkvit finkorna sand. Vi fant parkering i eit område som heite Pier Park, som er ein utendørs kjøpesenter/promenade som ligg rett ved stranda. Her var husa malte i alle mulige “gla´ fargar” ein kunne tene tenke seg, skikkelig fresht! 😍 Eg kunne gått her i fleire timar bare å sett og tatt bilder av husa..

Lunchen tok vi på denne resturanten som låg heilt på stranda, og ved siden av pieren.

Overraskande nok så var dette faktisk nåken av dei beste og saftigaste rekene eg har fått servert her i Florida. Dei må nok ha vært heilt ferske, for alle andre plasser er dei seige, tørre eller bare generelt dårlige.. Så tommel opp for dette! 👍

Etter lunchen var det tid for dessert, og ein liten tur på shopping her på Pier park. Eller jentene var innom på litt shopping, mens menna gjorde kva enn menn gjer når damene er på shopping 😅

Menna blei litt lei til slutt, og vi vendte snuten heimover. Vegard skulle nemlig ha to eksamenar på jobben den dagen, så vi tenkte det ikkje var nødvendig at vi skulle bli forsinka pga trafikk og slikt.😅

Her er det to menn som virkelig hadde blitt heilt utslått av den lange dagen i sola. Godt dei fekk seg ein liten cowboystrekk på kjøreturen heim! Vi konkluderte med at turen var veldig verdt dei timane vi hadde i bil, og at vi kan anbefale ein tur på alligatorsafari og i luftbåt om ein har muligheten. Bare båtturen var kjekk i seg sjølv!😃

Og eksamenane til Vegard? Som alltid full pott! Flinke mannen min ❤️​

#usa #reise #florida #ferie #iviusa #reiseblogg #reisebloggen #reisemagasinet #tur #fly #panamacity #panama #shopping #lunch #mat #resturant #restaurant #sommer #båt

🐊 Alligatorsafari 🐊

Tirsdag var utfluktdagen mens Marte og Kjell Kristian var på besøk. 😊  Turen gjekk mot Panama City ca 1,5 time sør i Florida i forhold til her vi bur. Nåke som egentlig har vært på lista vår mens vi har budd her i Florida er å sjå ein alligator i sitt rette miljø, og endelig skulle vi få muligheten! 🐊 Vi stoppa ikkje så langt i fra Panama City for å delta på ein liten alligatorutflukt i ein luftbåt, ja ein slik båt med ei svæææær vifte bakpå.

Vi hadde fått beskjed om å møte ca 30 min før båtturen skulle starte, for å få ein liten runde med “mini” alligatorane dei hadde i hagen. Først gjekk vi litt rundt og såg på dei forskjellige bura, før gruppa samla seg for introduksjon av alligatorane. Ut i frå kontoret kom nemlig ein av dei ansatte med ein liten babyalligator i armane, like lett som om det skulle være ei fredfull kanin ho bar på. Og ja, alle skulle holde! Så det var ingen vei utenom. Eg gleda meg veldig, for vi hadde hørt i fra fleire som hadde vært her at vi fekk lov til det. ​😃

Dei låg heilt  i ro nesten heile tida. For alt eg visste kunne dei like gjerne være skulpturar altså… Heilt til den eine faktisk hoppa i bassenget sitt, då trudde eg på at dei var ekte, haha..

Endelig tid for holding! Denne alligatoren var faktisk like gammal som den over, men pga forskjell i foring med høg proteinholdig mat eller ikkje, så vokse dei forskjellig. Fasinerande! 

Ho som hadde ansvar for alligatoren slapp den laus på slutten og, slik at vi skulle få sjå kva mønster den lagde med halen når den gjekk. Han kunne og gå i trapper, og på bildet under er han på vei inn der han bur. Han kunne jo sjølvsagt veien heim 😏

Happy! Har fått holdt slange, tarantell og alligator her i Usa no. Kva blir det neste 😅

Etter alligatorholding og bilder kjørte vi eit lite stykke til der båten, og kapteinen, sto å venta på oss. Vi var lure og satte oss ikkje fremst i båten, då vi hadde hørt at ein ofte kunne få seg ein liten dusj om ein satt her framme. 😏

Vi kjørte oppover elva i fra West Bay. Guiden vår kunne informere om at herifrå kunne ein ta seg heilt Nord i landet og opp til The Great Lakes på grensa til Canada, med ein Airboat. Fasinerande?

Vi leita jo etter alligatorar eller bare ein liten bevegelse heile tida. Blei jo nesten sliten i augene av det så inntenst vi såg innover i kratta.. Men, guieden visste akkurat kor alligatorane låg.

Nydelig natur vi kjørte i. Selskapet dreiv med kveldsturar og, og då såg dei litt av kvart uti skogen her. alt i fra svære edderkoppar, til vaskebjørnar og brunbjørn. Liiitt usikker på om det hadde vært ein kjekk tur eller ikkje 🙈

På bildet under skal det ligge ein alligator midt på bildet, heilt inne ved skogkrattet. Vi kunne bare sjå toppen av hovudet hennas då, men når vi kjørte båten heilt opp så kunne vi tydelig sjå alligatorbabyane hennas. Og dei var så enormt små! Kanskje 15- 20 cm store der dei svømte rundt i vatnet. Guiden kunne informere om at det budde rundt 5-10 alligatorar i dette området vi kjørte i, og at denne mammaen vi fekk auge på idag hadde vært der i minst 10 år. 😊

Fornøyd gjeng etter alligatorsafari! Anbefales 😊 Etter dette gjekk turen vidare til Panama City Beach! Dette kjem i neste innlegg, dette innlegget er langt nok som det er 🙈

#usa #reise #florida #ferie #iviusa #reiseblogg #reisebloggen #reisemagasinet #tur #fly #safari #alligator #sommer #båt