Norgesbesøk og strandliv

Endelig har vi fått besøk av Marte og Kjell Kristian her i Florida.! Dei kom kjørande i frå Miami på fredag, og sto glisande på kjøkkenet når eg kom heim i fra butikken. Det var så utrulig godt å sjå dei igjen! 😊

Helga tok vi det litt rolig. Fredag blei det Cinco de Mayo feiring (Mexicansk ettlant) med taco og Corona, lørdag var det ein tur på stranda og søndag tok vi til takke med bassengområdet. Det var ikkje bare vi fire som hadde planlagt ein tur til stranda på lørdag, men eg trur dei aller fleste blei ekstremt overraska når dei kom ned. Det var faktisk nesten ikkje værande pga dei enorme mengdene med vind som og var der nede. Sanden piska rett og slett mot huden til tider.😅 

Det ser rimelig idyllisk ut ja? Sannheten er at det blåste heilt ekstremt. Sanden er og så utrulig finkorna så den fyke veldig lett avgårde.. Til tross for dette, så var det mange som trossa sanden og nøyt soldagen på Okaloosa Island 😊 

Eirik hadde eit tappert forsøk med å lage eit hull, så vi kunne sette oss i le for vinden. Vel, det fungerte i alle fall ikkje. Haha, det kom faktisk bare meir sand. Så etter han hadde gravd hullet, og vi hadde trossa “orkanen” nåken timar så holdt vi ut i nåken timar før vi gjekk vidare på Rocking Taco for lunch.✌️

Søndagen starta riiimelig rolig og rimelig seint, etter at lørdagen blei litt sein her hos oss. Eirik og Linda kom og ein tur bortom, og med godt selskap og god drikke så forsvinne klokka i fra oss..😅 No er vi kome til tirsdags kveld her hos oss, og vi sitte slitne i sofaen etter ein lang dag i Panama City. No venter vi på Vegard og skal kose oss med litt sushi! Meir om kva vi gjorde i Panama City kjem i eit anna innlegg, men eg kan røpe så masse som at det innehelde ein Alligator!😎

#panamacity #panamacityfl #reisebloggen #reiseblogg #reisemagasinet #usa #florida #iviusa #reise #ferie 

Créme brûlée

Som nevnt tidligare så har jo Vegard hengt seg litt opp i dette med Créme brûlée. Det kjeme og går litt, men plutselig ein dag her i forrige veke så var han i gang igjen. Så når eg for på butikken måtte eg handle inn alt som trengtes for å lage, då også ein brenner.. Vel, eg kom jo sjølvsagt ikkje heim med brenner, for det hadde ikkje Walmart. Neste dag sette han verden i bevegelse og fekk Alex, ein kollega, til å kjøre han rundt på butikkane i Fort Walton heilt til han hadde fått tak i ein brenner.. hah, altså det blei jo Créme brûlée den kvelden då. Og faktisk, eg trur det må ha vært den einaste Créme brûléen eg nåken gang har ete opp . Til vanlig så klarer eg dei faktisk ikkje, så denne oppskrifta i fra MatPrat er virkelig å anbefale 😃

SAMSUNG CSC

Til 6 stk treng du:

  • 1 stk vaniljestang
  • 2 dl kremflløyte
  • 2 dl mjelk
  • 75 g sukker
  • 4 stk eggeplomme
  • ca. 75 g sukker til karamell på toppen

 

Han kjøpte ein heilt vanlig brenner på ein jernvarebutikk. Ikkje nåke som var spesielt tiltenkt mat og slikt, men den gjere den samme jobben.

SAMSUNG CSC

Slik gjer du:

  • Snitt vaniljestanga på langs og skrap ut frøa med ei skei. Kok opp fløyte, mjelk, sukker, vaniljestang og frø.
  • Avkjøl mjelkeblandingen.
  • Visp sammen eggeplommene, tilsett mjelkeblandingen mens du rører godt.
  • Sil blandinga og hell det over i ildfaste porsjonsformer. Sett formene i ei djup langpanne/ ildfastform, hell i vatn opp til ca 1/3 av formene. Det kan være ein fordel at vatnet er varma opp.

 

SAMSUNG CSC

  • Steik i ovn på nederste rille på 150 °C, ca. 30-40 minutter. Desserten skal kjennast litt fast når du trykker lett på den.
  • Avkjøl litt og dryss over et tynt lag med brunt sukker (vanlig sukker kan også brukes). Bruk brenneren for å få sukkeret på toppen smelta. Du kan og sette dei under grillelement i 2-3 minutt.

SAMSUNG CSC

Slik ser dei ut etter ein runde med brenneren. Det kan være lurt å ha litt tålmodighet her, men når sukkeret først smelter, då skjer det fort. 😊

SAMSUNG CSC

Du kan fint lage dei ein dag og to i forveien og oppbevare i kjøleskap, men dryss ikkje sukkeret på før rett før servering. Skal dei oppbevarast i kjøleskap så kan det være lurt å ta dei utav kjøleskapet ca 1 time før servering, slik at dei kan få romtemperere seg litt. Strø deretter sukker på og brenn til karamell 😊

SAMSUNG CSC

Nyt!😊

#oppskrift #matprat #matblogg #iviusa #student #dessert #detsoteliv #søteliv #søt #frankrike #usa #nrkmat 

I got buttered by Gaia

SAMSUNG CSC

For ei veke siden fekk eg tilbud om å få tilsendt ein tights i fra ei eg blei kjent med i Phoenix. Ho er konsulent for Lula Roe, som er eit selskap som selger supermjuke og komfortable kle. Det blir litt som Mary Kay, Forever Living, bare med klær. Dei selger klær i unike design, så egentlig er ikkje nåken plagg heilt like. Uansett, eg sa sjølvsagt ja til å få teste ut ein av desse tightsane som alle dei amerikanske damene i Phoenix snakka om, og gjekk i så og sei kvar dag. Altså eg tuller ikkje når eg seie at mange av dei budde i dei..😅

SAMSUNG CSC

Og eg må sei, dei var enormt deilige å ha på seg! Kjente jo ikkje at eg hadde dei på meg i det heile! Det er ikkje slik at eg går så mykje med tights akkurat, men eg kan jo bruke dei heime eller på yoga om eg vil. Freshe og passande til Florida var dei i alle fall 😃 

SAMSUNG CSC

Eg er veldig usikker på om ho sender til Norge, men for dåke som bur i Usa og ønsker å ha tak i ein unik tights: HER kan dåke ta kontakt med ho 😃 Eller prøve på Facebook : LuLaRoe Gaia Forrest 😊

SAMSUNG CSC

#igotbutteredbygaia #lularoe #clothes #yoga #iviusa

Helga tok ein heilomvending

Eller det er egentlig å ta fint i.. For på lørdag var planen at vi var ein gjeng på 10-12 stk skulle på båttur ut på Crab island, og deretter heim til Crestview igjen. Eg meinte det var litt mykje vind og at det sikkert kom til å bli bølger og kaldt, men dei andre meinte vi skulle teste likevel. Så når vi kom ned og sku finne båt fekk vi bare beskjed om at alle båtane var utleigd, eller at dei ikkje ville leige ut båtar pga for mykje vind.. Ahh bummer..🙄  Så litt skuffa satt vi oss ned på ein bar og bestilte oss nåken drinkar. Etter ei lita stund fant ein i gruppa ut at han ville sove på Destin den natta og ville finne seg hotell. Eg peika på tull opp på det flottaste hotellet som ligg her og sa “Eg vil bu der i natt eg.” Og slik blei det då at han bestilte og betalte for eit 8-manns rom på stranda i Destin. haha, er det mulig.😅  Men fy søren kor gøy vi hadde det!! Elsker slik spontanitet ✌️ Sjå kor fin utsikt i fra den eine av balkongane vi hadde.

SAMSUNG CSC

Her var då rommet vårt for natta!

SAMSUNG CSC

Du veit hotellet er populært når det er eit eige område tillaga for bryllup… Sjå kor koselig!! 😍

SAMSUNG CSC

Og, eg fekk endelig brukt opp resten av ingrediensane til frozen margarita! Seriøst, det er nåke av det beste som er no når det er varmt! Og dette sette standaren for resten av kvelden! Trur vi var heime på hotellet i 5-6 tida ein gang, og sjekka ut ein gang i 10-11 tida, så vi var rimelig slitne ja! Men sååå verdt det 😎

SAMSUNG CSC

Og søndag, vel eg har aldri sove så godt midt på dagen før 😅  Men, vi kan definitivt krysse det av bucketlisten då; sove på det finaste hotellet på Destin! 😂 ✔️ Båttur kan vi ta ein annan dag!

Just a walk in the park

Endelig var det litt finvær igjen her i Crestview, og det utnytta vi til dels til det fulle. Planen var egentlig å ta turen på stranda med ein gjeng idag, men av forskjellige årsakar så blei det ikkje slik. Men siden været var så fint måtte vi bare komme oss ut, og då gjekk turen til ein park som ligge her i byen. 😊

Eit fantastisk nydelig område som kun ligge eit lite steinkast i fra hovedgata het i Crestview. 🌳 Det var deilig å få gå litt i blandt grønne tre igjen, det vat ikkje mykje av det i Phoenix 🌵

Litt dyreliv var det og her. I vatnet var det nemlig ein heil del med skilpadder som svømte, og langs vannkanten krydde det med gjess og ender. 🐢🦆

I parken var det ein stor fotballbane, fleire basketballbanar og tennisbanar til disposisjon. Det er så fantastisk at dei har slike tilbud her 😊

Etter V kom heim fra jobb starta vi på den nye sesongen av Prison Break, og det er så spennande! Vi er kun på episode 3 no då, men kjenner eg oss rett så har vi vel runda sesongen før helga begynner ja.. 😅 haha, guilty, men det er jo så spennande! 🙈 Uansett, ha ein nydelig onsdag! 😊

New hair

På torsdag fekk eg besøk av frisøren Linda, og ho fekk endelig gå laus på håret mitt. 😊 Tuppane var rimelig slitte etter 8-9 mnd med sol og varme.. Etter ei god stund på frisørkrakken kom resultatet fram. Sjå kor fint! Og det var så deilig med litt kortare hår igjen, og i alle fall her borte i varmen 🌴😊

Heimelaga Indisk nanbrød

På torsdag kokkelerte eg lenge på kjøkkenet igjen. Eller lenge og lenge, men det føltes i alle fall lenge når alt skulle lagast fra bunnen av! Dette er faktisk første gang eg har prøvd meg på heimelaga nanbrød, og om eg skal få skryte så blei dei veldig gode! Oppskrifta fant eg på Trines Matblogg her😊

SAMSUNG CSC

Til 8 store nanbrød treng du:

 

TRINN 1

  • 15 g fersk gjær (eller 1/2 pakke tørrgjær)
  • 4 ss lunken mjelk
  • 2 ss sukker

 

TRINN 2

  • 450 g mjøl
  • 1/2 ss bakepulver
  • 1/2 ts salt
  • 1,5 dl mjelk
  • 1,5 dl yoghurt naturell
  • 1 egg, vispa
  • 2 ss smelta smør

 

TIL PENSLING

  • Smelta smør
  • Frisk hakka koriander, eller anna krydder. Eg hadde kvitløkskrydder på.

 

SAMSUNG CSC

I full gang med nanbrødbaking og Indisk Korma, oppskrift HER

 

Slik gjer du:

  •  Bland gjær, lunka mjelk og sukker og la blandinga stå lunt til den begynner å skumme. Dette tar nåken minutt.
  •  Bland alt det tørre i bakebollen, tilsett gjærblandinga, mjelk, egg, smør og yoghurt. Blandt godt. Har du kjøkkenmaskin kan du bruke eltekroken i nåken minutt. La deigen heve i ca ein time, til dobbel størrelse.
  • Sett ovnen på 275 °C og sett steikebrettet inni slik at det blir oppvarma. Du kan og ha full varme
  •  Smelt smør og bland inn med hakka krydder
  • Del deigen opp i 8 like store emner, og trill dei til bollar. Elt evt meir mjøl inn i deigen slik at den blir fast og enkel å jobbe med. Kjevle ut bollane til dei blir avlange flate brød, på ca 3-5 mm tjukkelse. Pensle brøda med koriandersmør og legg dei på den varme steikeplata. 

 

SAMSUNG CSC

 

  • Steik med ein gang midt i ovnen på 275 °C i ca 3-5 min . Oppskrifta seier maksimal temperatur eller grillfunksjon, men vi har ikkje så suuuper god ovn her borte så det har vi ikkje testa. Pass på så brøda ikkje blir svidd!
  • Avkjøl på rist og hold dei varme under eit kjøkkenhåndkle eller aluminiumsfolie til dei skal serverast. 

 

Brøda er heilt klart best ferske, men det er ingen problem å fryse og tine når dei trengs. 😊

 

SAMSUNG CSC

Nåken av brøda fekk eit eller to minutt for lenge inni ovnen, men var fortsatt gode. Eg hadde og kvitløkskrydder på dei til høgre. Neste gang kjem eg nok til å hakke opp kvitløk å smøre på med korianderen. Yum!

SAMSUNG CSC

Så, er du frista til å prøve? For det var absolutt ikkje så hokkus pokkus som eg hadde innbilt meg! Dessuten har eg 6 heimelaga nanbrød liggande i frysen, så eg enkelt kan ta opp neste gang vi skal ha indisk middag ✌️  Og, det viktigaste av alt! Dei var bedre på smak enn dei ein kjøper på butikken 

SAMSUNG CSC

Finn oppskrifta her: http://trinesmatblogg.no/2014/01/16/nan-med-koriander/

#oppskrift #mat #middag #matprat #matblogg #kvelds #indisk #matbloggen #reise #india #heimelaga #hjemmelaget #bake #kokk