Heimelaga Indisk nanbrød

På torsdag kokkelerte eg lenge på kjøkkenet igjen. Eller lenge og lenge, men det føltes i alle fall lenge når alt skulle lagast fra bunnen av! Dette er faktisk første gang eg har prøvd meg på heimelaga nanbrød, og om eg skal få skryte så blei dei veldig gode! Oppskrifta fant eg på Trines Matblogg her😊

SAMSUNG CSC

Til 8 store nanbrød treng du:

 

TRINN 1

  • 15 g fersk gjær (eller 1/2 pakke tørrgjær)
  • 4 ss lunken mjelk
  • 2 ss sukker

 

TRINN 2

  • 450 g mjøl
  • 1/2 ss bakepulver
  • 1/2 ts salt
  • 1,5 dl mjelk
  • 1,5 dl yoghurt naturell
  • 1 egg, vispa
  • 2 ss smelta smør

 

TIL PENSLING

  • Smelta smør
  • Frisk hakka koriander, eller anna krydder. Eg hadde kvitløkskrydder på.

 

SAMSUNG CSC

I full gang med nanbrødbaking og Indisk Korma, oppskrift HER

 

Slik gjer du:

  •  Bland gjær, lunka mjelk og sukker og la blandinga stå lunt til den begynner å skumme. Dette tar nåken minutt.
  •  Bland alt det tørre i bakebollen, tilsett gjærblandinga, mjelk, egg, smør og yoghurt. Blandt godt. Har du kjøkkenmaskin kan du bruke eltekroken i nåken minutt. La deigen heve i ca ein time, til dobbel størrelse.
  • Sett ovnen på 275 °C og sett steikebrettet inni slik at det blir oppvarma. Du kan og ha full varme
  •  Smelt smør og bland inn med hakka krydder
  • Del deigen opp i 8 like store emner, og trill dei til bollar. Elt evt meir mjøl inn i deigen slik at den blir fast og enkel å jobbe med. Kjevle ut bollane til dei blir avlange flate brød, på ca 3-5 mm tjukkelse. Pensle brøda med koriandersmør og legg dei på den varme steikeplata. 

 

SAMSUNG CSC

 

  • Steik med ein gang midt i ovnen på 275 °C i ca 3-5 min . Oppskrifta seier maksimal temperatur eller grillfunksjon, men vi har ikkje så suuuper god ovn her borte så det har vi ikkje testa. Pass på så brøda ikkje blir svidd!
  • Avkjøl på rist og hold dei varme under eit kjøkkenhåndkle eller aluminiumsfolie til dei skal serverast. 

 

Brøda er heilt klart best ferske, men det er ingen problem å fryse og tine når dei trengs. 😊

 

SAMSUNG CSC

Nåken av brøda fekk eit eller to minutt for lenge inni ovnen, men var fortsatt gode. Eg hadde og kvitløkskrydder på dei til høgre. Neste gang kjem eg nok til å hakke opp kvitløk å smøre på med korianderen. Yum!

SAMSUNG CSC

Så, er du frista til å prøve? For det var absolutt ikkje så hokkus pokkus som eg hadde innbilt meg! Dessuten har eg 6 heimelaga nanbrød liggande i frysen, så eg enkelt kan ta opp neste gang vi skal ha indisk middag ✌️  Og, det viktigaste av alt! Dei var bedre på smak enn dei ein kjøper på butikken 

SAMSUNG CSC

Finn oppskrifta her: http://trinesmatblogg.no/2014/01/16/nan-med-koriander/

#oppskrift #mat #middag #matprat #matblogg #kvelds #indisk #matbloggen #reise #india #heimelaga #hjemmelaget #bake #kokk

20 kommentarer

Siste innlegg