DIY: Blomsterkasse med spiler

Då vi flytta inn i nytt hus i fjor så hadde vi nesten meir enn nok med å nyte uteplass, sommar og nytt hus. Det blei ikkje gjort mykje på uteområdet, anna enn at eg planta litt blomar i plastbaljer. Planen var alltid at eg sku lage nye blomsterkassar, i ein litt meir moderande stil enn før. Materialet vart kjøpt inn, og oppbevart i carporten vår i eit år no.Så kom corona og eg vart delvis permittert, og plutselig var blomsterkassene klare 😁

Tidligare har eg laga ein meir tradisjonell blomsterkasse med plankar. Denne gangen ville eg har ein litt meir moderande versjon enn tidligare, og bruker derfor tynnare lekter.

Materialet eg bruker er impregnert, siden kassen skal være ute. Kor mange lengder du må kjøpe på byggevareforretninger veit eg dessverre ikkje, her må du nesten regne deg fram. Pris? Kasse ca 100kr, hjul ca 100kr og material 2-300kr?

 

Mål på ferdig kasse: 54 cm høg x 66 cm lang

 

Ønsker du ein kasse som er enkel å flytte på kan du sette på hjul. Sag av beina på kassen under og skrur på hjul som tåler tyngden. Hjula eg har brukt er 4 cm, tåler 20kg kvar og er kjøpt på Jula. Du får og hjul på feks Clas Ohlson og Monter.

 

Du treng:

  • 4 stk 54 cm lekter 36×48 mm (dette er høgden)
  • 18 stk 66 cm lekter 23x48mm (langsida)
  • 18 stk 42 cm lekter 23x48mm (kortside)
  • 4 stk lekter på 40 cm ca (dette skal holde baljen oppe. Bruk resteplank, lengden er ikkje så viktig)
  • 4 stk lekter/planker til å stive av kassen på slutten. Lengde er ikkje så viktig bare den går over fleire lekter (sjå bildet).
  • Terrasseskruer (eg brukte 4,5 cm lange)
  • Plastbalje 40 l fra Felleskjøpet
  • Sag
  • Tommerstokk
  • Pussepapir

 

Slik gjer du:

  • Start med å kutte opp materialet I riktig lengde.
  • Skru sammen kortsidene først. Dei skrur du fast i 4 stk 54 cm lekter 36X48mm. Du bestemme sjølv mellomrom mellom lektene, eg hadde bredden av 3 tommerstokkblad. Då fekk eg ca 4 cm igjen nederst på kassen til bein.
  • Skru fast langsidene slik at dei passar med kortisdene. Start oppe og nede, så fordeler du lektene i mellom, slik at dei passar med kortsidene.
  • For at plastbaljen skal få riktig høgde skrur du ein lekt på kvar langside ca 30 cm ned fra toppen. Skru deretter to lekter på tvers av baljen. Sjå forklaring på bildet under. Det blir ca 28 cm i frå lekten på tvers av kassen og opp til toppen. Då vil plastbaljen være jevn med toppen av kassen.
  • Siden eg har brukt spiler med mellomrom så er kassen litt ustabil. Dette fikses ved å skru lekter på tvers av kvar side. 4 stk totalt. Sjå bilde under her.
  • Puss over kanter og planker for ein fin finish.
  • Eg behandla kassen med svart beis. Satser på at det holder seg litt bedre enn maling 👊🏼