Til mamma sin bursdag fekk eg for meg at eg skulle laga ein stor blomsterkasse på hjul. Terrassen dei har bygd er så stor og flott, så ein blomsterkasse til å kunne avdele litt er fint Å skru sammen kassen var egentlig fort gjort når plankane var kutta opp. Fleire nettaviser har skreve om denne, les artikkelen blandt anna HER. Om du bruker oppskrifta er det fint om du linker til min blogg
Du treng:
- 10 plank på 50 cm
- 10 plank på 82 cm
- 2 plank på 56 cm kutta i 45 grader vinkel
- 2 plank på 84 cm kutta i 45 grader vinkel
- 4 tjukkare plank/ tjukke lektere på 50 cm
- Plastbalje 65 l fra Felleskjøpet
- Terrasseskruer
- 4 vendbare hjul
- Drill, sag og bor
Slik gjorde eg:
- Sag opp alle lengdene.
- Bruk dei fire “tjukkare plank/ tjukke lekterane” til å sette opp ei ramme.
- Skru på 50 cm plank på to av “lekterane”. Ein plank øverst og ein nederst, slik at du kan fordele dei tre andre plankane og få like mellomrom mellom dei.
- Gjer deretter det samme med langsidene på 82 cm. Slik at hele plastbaljen blir kledd inn.
- Siden plastbaljen bare er 37 cm høg og kassen 50 cm, så måtte eg bygge plastkassen inni. Der brukte eg bare litt resteplank og skrudde fast, slik at baljen kan stå på den.
- På toppen kledde eg rundt med to plank på 56 cm og to plank på 84 cm som er kutta i 45 grader i endane.
- I botnen av plastbaljen har eg og bora hol slik at vatnet kan renna gjennom.
- Til slutt skrudde eg på hjul, slik at den enkelt kan flyttast på. Den er ganske tung, og når det i tillegg kjem jord og stein i den så blir den heller ikkje lettare.
- No er den klar til å beisast!
Her kjem ein liten bildeserie, så kanskje forklaringane blir lettare då
#blomsterkasse #blomster #hage #hus #uteområde #ute #hjem #terrasse #altan #diy #gjørdetselv #rom123 #interiør #eksteriør #diy #gjørdetselv #hobby #kreativt #design #interiør #bolig #hjem #redesign #gjenbruk #prosjekt #reise #penger #tips#hverdagstips #hverdag #blogg #side2
Så gøy! dette må prøves ut! Lekkert ble det også
Veldig praktisk! Kjempestilig
Så genialt! Den var jo koempefin også!
Så flink du er! Denne var jo dritfin :DD
Marte: Takk snille! Blei veldig fornøyd!:)
Veldig inspirerande! Kva fyllte du denne med? Kun jord, eller lecakuler underst? Må du ha duk i, eller går det fint utan? Skal prøve meg på denne
Sandra: Eg har vedkubbar i bunnen, siden eg ikkje hadde lekakuler tilgjengelig. Det viktigaste er vel at det er mulighet for drenering trur eg. Ta nåken store steinar, eller kva enn du har tilgjengelig
Du treng ikkje duk i når du har plastbøtte
Husk å borre nokre hull i plastbøtta
Lykke til!
Flott kasse og gave
. Hvor mange kilo bør hjulene tåle for å ikke bli ødelagt?
Hei, og takk for det! Du det veit eg ikkje. Spørs vel kor mykje jord du fyller oppi det. Anbefaler litt størrelse på hjula, da eg og har laga ein med mindre hjul som er vanskelig å flytte på