Julebrusjakt!

God morgon! Sto opp halv 8 idag, og då satt Vegard i ståvo under eit teppe og leste til eksamen. Vi åt frokost ilag før han sprang ut dørane for å rekka bussen til Kjevik. No sitte eg godt planta i sofaen og jobber med den siste heimaeksamenen, før eg skal på jobb klokka 13 til 21. Før det skal eg og på jakt etter ekte julebrus, altså Hansa sin! Her på sørlandet selge dei nesten bare CB og Berentsen sin julebrus.. Det samme gjeld kakemenn. Her har dei ikkje dei fine fem-pakningane vi har heime med kakemenn vi synst er store. Her har dei ein svææær kakemann som er dekka i raudfarga sukker.  #ilandsproblem :p

Igår gjekk eg forbi den finaste interiørbutikken vi har i byen, nemlig Hansen & Co. Her tørr eg nesten ikkje gå inn. Har så lyst å kjøpa nesten alt som er der inne, får heilt vondt i hjerta når eg går tomhendt ut igjen.. ( Vegard, her kan du ta deg ein tur inn! )

Kongletur!

Idag fekk eg drege med meg Vegard i Baneheia for eg skulle plukka kongler.  Han kunne virkelig ikkje forstå at vi skulle på kongletur, og heller ei kva eg skulle med “stygge” kongler..Eg har ein plan altså, bare vent å sjå!

Sjølv om Vegard lata som om han var mindre imponert over kongleturen min såg det ut til at han likte det. 

Solnedgang over den fine byen vår!

Kanelbolle og Kristinkos!<3

Er i Oslo igjen! Siste turen før jul:-) Nett no sitte eg og Kristin og trykke i oss nysteikte kanelbollar 😀 åhh, det var heilt magisk. Ikveld skal eta til vi sprikke 😀

Som du kan sjå under så heva dei seg litt meir enn vi tenkte. Kristin var fast bestemt på at heile deigen var god plass til på eit brett…vel det var det jo ikkje:-p

No skal vi bare ligga på den lille søte sofaen hennas og kosa oss med bolle, før vi må rulla oss øve i sengo!:)

Ny jakka fra HM forresten! Var litt usikker med tanke på lengden, men den blei veldig godkjent av Vegard så då er den vel ein keeper 🙂

DIY: Skappelgenser

Endelig heilt ferdig med min andre Skappelgenser! Eg blei egentlig ferdig med den når eg var i Bergen på vei til Kristiansand igjen men når eg hadde montert den blei eg så skuffa øve at armane var for korte.. Så no har den hengt på kleshengar i ei veke og lengden er blitt perfekt! 😀 Fargen blei jo egentlig ganske lik den første, men kvaliteten er ein heilt annan.. 

Eg fekk beskjed på trådbutikken at eg trengte 7 nøster Drops Alpakka og 8 nøster Drops Alpakka silk, men eg har ikkje brukt opp alle. Har i allefall to nøster igjen av kvar sort..  Garnet er billig og på tilbud ut året og, så genseren kostar godt under 300 kr, eit kupp!


Neste genser trur eg eg vil legga opp 32 masker på armen og ikkje auka til fullt 52. Då blir den rettare og smalare 🙂

Glede meg til kalde dagar med god varm genser, så no kan vinteren bare komma 😀

#diy #skappel #skappelgenser #skappelen #Strikk #genser #hjemmelaga

Ny Jobb: Palma Interiør

Eg har fått meg ny jobb på Palma Interiør på Sørlandssenteret! Ein jobb som passar meg perfekt! Jobben er rolig og i eit fantastisk godt arbeidsmilø 🙂 Einaste problemet er at eg kjem til å jobba rundt så mykje fint at eg må passa på at det blir nåke ut av lønningen… :p Vel vel, er jo begrensa kor mykje ein kan ta inn i huset, eller..? :p

Idag fekk vi inn eit eiketre som er 2.60 m høgt! Kult eller? Den stolen under er forresten så fin! 

Nydelige gourmeprodukt frå Nicolas Vahè!

Vesker fra Ceannis!

Kobber og gull er veldig inn fortida 🙂

Superfint spisebord fra Ygg og Lyng! 

Og dei populære papirstjernene.

Her kjeme eg til å trivast så godt! 

#interior #interiør #stil #hjem #dekorasjon #jul #palmainterior

Konkurranse: vinn eit skjerf fra Acne!

Tanje Pettersen har ein konkurranse der du kan vinna eit Acneskjerf i valgfri farge! Eg har i allefall veldig lyst på dette på bildet over i lysegrått 🙂 Gå inn her og meld deg på konkurransen!

 

Adventskalender til han!

I år fryktar eg at eg har blitt så gammal at å forventa ein pakkekalender fra mamms blir litt i mesta laget. Blei så trist og lei, så eg har funne ut at eg og Vegard skal laga adventskalender til kvarandre! ein pakke kvar søndag i advent, tilsammen 4 pakkar kvar! 😀 Litt usikker på kva eg skal finna på, men er det nåken som har tilps til spennande adventspakker til maks 200 kr? 🙂

 

Heimelaga müsli

Har lenge hatt lyst å laga heimelaga müsli, men det har liksom aldri blitt. Har sett for meg at det er så mykje styr for så lite.. Men så feil kan ein ta! Det tok ikkje meir enn 30 minutt inkludert steiketid å lage denne fantiastisk gode og enkle müslien! Alt du treng er:

5 dl havregryn

1 dl linfrø

1 dl gresskarkjerne

1 dl sesamfrø

1dl kokkosmasse

Grovhakka mandlar

Kanel og kardemomme (mykje)

Rosiner og tørka aprikos (blandast inn etter steiking)

3 ss honning

3 ss kokkosolje

 

1. Sett ovnen på 175 grader

2. Bland alt det tørre med hakka mandlar. Ha i kanel og kardemomme. Eg hadde mykje i, men neste gang trur eg at eg må ta i meir kanel. Det er jo så godt!

3. Smelt kokkosolje og honning, ilag, på svak varme

4. Legg bakepapir på ei langplanne, og fordel musliblandinga utover. Hell kokosolje og honningen over og bland godt med ein slikkepott.

5. Steik midt i ovnen på 175 grader i ca 15-20 min avhengig av ovn. Husk å rør underveis i steikinga, slik at alt blir steikt, ikkje berre det på toppen. Pass på steiketida, den kan fort bli svidd. 

6. Avkjøl godt før du tilsett rosiner osv og oppbevar i ein tett boks eller ei krukke

Neste gang eg skal laga musli skal eg ha fleire større bitar oppi, som solsikkekjerner og meir mandlar.  Denne gangen blei alt litt smått og “pulverisert”. 

Her er dagens frokost med biola og ein veldig godkjent müsli!

Hygge is a feeling you cannot translate

Det er alltid kjekt å kjøpa inn litt nytt til leiligheten, den blir med eit ny og frisk! Bare sjå kor søte lyshus eg fant på Søstrene Grene! Eg fekk litt julefølelse av dei.:) 

Svibel i Wik og Walsøe skålo mi, det betyr at jula snart nærmar seg 🙂

No skal eg på jobb på Palma. Skal prøve å ikkje handle noko der, men det er søren meg ikkje lett med så mange fine ting som fristar!

Veke 46

Da var eg endelig tilbake i Kristiansand etter 12 dagar på reisefot. Vegard hadde rydda og gjort da så fint til eg kom heim 🙂 Imorgon skal eg starte i ny jobb, så det blir ein del jobbing denne veka. Komme nok godt med i desember det! Ellers så er det blitt skikkelig vinterkaldt her i Kristiansand, og eg har måtta funne fram oljeovnen idag.  Grue meg til vinteren kjeme for fullt, og det frys på vinduene.. huff…