Julebrusjakt!

God morgon! Sto opp halv 8 idag, og då satt Vegard i ståvo under eit teppe og leste til eksamen. Vi åt frokost ilag før han sprang ut dørane for å rekka bussen til Kjevik. No sitte eg godt planta i sofaen og jobber med den siste heimaeksamenen, før eg skal på jobb klokka 13 til 21. Før det skal eg og på jakt etter ekte julebrus, altså Hansa sin! Her på sørlandet selge dei nesten bare CB og Berentsen sin julebrus.. Det samme gjeld kakemenn. Her har dei ikkje dei fine fem-pakningane vi har heime med kakemenn vi synst er store. Her har dei ein svææær kakemann som er dekka i raudfarga sukker.  #ilandsproblem :p

Igår gjekk eg forbi den finaste interiørbutikken vi har i byen, nemlig Hansen & Co. Her tørr eg nesten ikkje gå inn. Har så lyst å kjøpa nesten alt som er der inne, får heilt vondt i hjerta når eg går tomhendt ut igjen.. ( Vegard, her kan du ta deg ein tur inn! )

11 kommentarer

Siste innlegg