Ein gledens dag!!

Herregud for ein fantastisk dag! Bacheloren er levert inn og vi har vore på visning i den nye leiligheten vi får på Hånes! Wow, den var like stor som eg håpa på. Heile tre soverom, stor stove med kjøkken og svær terrasse. EG HAR TERRASSE!! 😀 Kva meir kan ein be på når ein bur på sørlandet? Einaste som er litt kjipt er at kjøkkenet og badet er veldig utdatert.. Men, kva kan ein forventa når ein skal betala eit par tusen i leiga..:) 


Vi har og vore på Herlig Land å feira ferien og leiligheten. Sola steikte enda meir i dag enn i går. Idag var det virkelig trykkande sydenvarme. Glede meg allerede til ein deilig dag i sola i morgon. Og det beste av alt? Det er bare fredag idag!

Pakketips til ferien!

No er det ikkje lenge før det er ferietid! Neste helg reiser eg på ferietur, men eg har ingen anelse på kor vi skal..Gøy! 😀 Eg har i allefall laga ei lita huskeliste på det som er viktig å tenke på når ein skal pakke til ferien, og då varmare strøk. 🙂

♥ Ting du må ha med: Passet, bankkort, reisepapir og litt cash

♥ Husk å sjekk at passet ikkje er gått ut på dato. Ved avreisedato må det og være minst 6 månadar til det går ut på dato. 

♥ Lader. Husk lader til alt. Kamera, mobil osv. Det mest kjedelige i heile verden er at kameraet går tom for batteri, også har du glømt lader. 


♥ Snacks og drikke. Eg trenger i allefall alltid nåke meir enn maten vi får på flyet. Den er ofte tørr og kjedelig. Litt nøtter, frukt, sjokolade og vatn er deilig å ha tilgjengelig i veska. 

♥ Skjerf. Eg har alltid eit skjerf med meg på flyet, uansett om eg skal til Tyrkia eller til Bodø. Dette er pga airconditionen som dei alltid skal ha på fullt.. Aircondition og meg = forkjøla, og eg nekter å starte nåken reiser med sjukdom! 

♥ Ekstra skift. Ha alltid eit ekstra skift i handbagasjen, evt lettare kler som du kan kle deg i når du kjem fram. Det å sitte i varm bukse og genser på vei til hotellet er døden. Derfor har eg alltid med meg ein skjorts eller eit skjørt som eg bytter til på flyplassen når eg landar. Dessuten kan kofferten bli vekke på veien, og då er det greit å ha bikini og skjorts klar uansett. 

♥ Ha verdisakene i handbagasjen. Det kan skje at bagansjen blir vekke eller blir stjelt, og då er det greit at ikkje kameraet til fleire tusen ligg i den. Kjipt med alle feriebildene som blir borte. 

♥ Øyreproppar. Øyreproppar er gull verdt på flytur. Det stenger skrikande ungar og flybråk ute, og gir meg rolig og god musikk til å sove på.

♥ Tenk i gjennom kva du treng. Du treng ikkje fem skjortsar til ein sjudagars ferie.

♥ Ta alltid med fleire bikiniar! Det verste eg veit er når eg får stygt og tydelig bikiniskille. Dessutan kan det fort bli krise om den eine blir ødelagt.

♥ Ta med mask tre par sko: Converce, ballerina og sandalar. 

♥ Pakk klær som kan miksast, då treng du færre klesplagg. Du treng ikkje ein ny kjole for kvar dag, og tenk heller basisplagg som kan brukast til alt. 

♥ Ha litt ekstra plass på vei ned. Eg likar i allefall å ha muligheten til å kjøpe nåke når eg er på tur, og det verste eg veit er å betale overlast. Vegard er heller ikkje så fan av at eg bruker han koffert fordi eg har handla for masse..

 

♥ Solkrem! Alltid husk solkrem. Sola er mykje sterkare enn kva vi er vane med her i Norge. Eg har i alle fall så lys hud at eg ikkje kjem unna å bli solbrent uansett. Eg har med meg alt i frå faktor 10 til 30. Anbefaler og å kjøpa solkrem før du reiserHeldigvis er eg ikkje blitt voksen endo, så mamma kjøper den fortsatt til meg 😉

♥ Ta shampoo og balsam over i små reiseflasker. Du får brukt favoritten din, pluss det tar mindre plass. Flasker får du kjøpt på HM.

♥ Førstehjelp. Om du ikkje reiser med ein sjukepleier (dei har alltid allt slik med seg), så må du nok pakke litt sjølv. Paracet, idoform, plaster, eksemsalve osv. 🙂

♥ Handkle. Du kan alltids kjøpe hånskle der du skal, men eg synes det er best å ha med mitt eige. Det er allerede vaska fleire ganger og absorberer i det minste vatn, i forhold til dei du kjøper på stranda til 50 kr. 

 

Her er eit bilde av ein fisk Vegard fanga på Sicilia. :p

Langhelg

For ein super dag! Våkna opp rundt halv ti og starta med å vaska og rydda leiligheten fra topp til tå (nesten i alle fall). Når eg såg meg fornøyd spaserte eg ned til Bystrando og la meg på bakken der. Eg klarte å ligga i ro i to timar, noko som var meir enn nok om eg ser på kroppen min no.. Vegard spør om eg er sur eller bare kokt..#kokthummer Note to self: husk solkrem i måro!

Har og fåttfavorittguttane mine på besøk i helga! No har vi kosa oss med heimelaga pizza og film. 🙂

Oppskrift: Mangogodteri!

No var det på tide med ei oppskrift igjen. Eg har tenkt lenge på å laga desse, men det har liksom aldri blitt tid til. I går følte eg at eg hadde all verdens med tid, sidan vi føler oss feridg med bacheloren. Einaste som gjenstår er at mamma skal lesa korrektur 🙂 I alle fall, her kjem oppskrifta på surt gelesnop!

Du treng: 1 moden mango  safta frå ein stor sitron  4 ss gelantinpulver  0,5 dl vatn  evt nåken dråpar med stevia (eg sløyfa dette då eg ville ha surast mulig godis)

♥ Kjør mangoen og sitronsafta til ein fin puré. eg brukte ein stavmikser. Eg sto litt ekstra lenge, sidan eg ville ha minst mulig mangokjøtt i godteriet. Deretter varma eg opp pureen med 0,5 dl vatn, og tilsette ei og ei skjei med gelantinpulver. Rør godt rundt slik at det ikkje blir klumpar av pulveret. Avkjøl blandinga før du tømmer den over i silikonformer. Det blir ei stor blanding så du må enten ha mange former, eller legge bakepapir i ei ildfastform så du kan skjere ut firkantar når den har stivna. 

Nyt!

Pink night

Igår kveld farga sola himmelen og fjella her i ein nydelig rosafarge. Til sommaren er det jo midnattsol, det glere eg meg så til! Er så lenge sidan eg har sett det no, at eg trur ikkje eg huskar det. Håper eg får nåken bra bilder då 🙂




Veke 22

Har endelig fått laga meg eit treningsprogram, så får håpa eg klarer å holda meg til deg no! Ellers går dagane til bacehelor og markedskommunikasjon.. Bacheloren er vi egentlig ferdige med, men det er alltid så mykje etterarbeid og pirk som må fiksast på. I tilegg må vi bestilla tilme hos Allkopi til innperming av oppgåva. 8 eksemplar, det kan bli dyrt.. Det skal bli deilig å få ferie i neste veke 🙂

 

Siden sist

I helga har det vore nydelig vær, noko det forsåvidt fortsatt er.:)  På lørdag var vi i byn og åt og i går var vi på luftfartsmuseumet! Vegard blei så gira og glad når han innsåg at eg ville på fly-museum! Det er ikkje lenge før vi reiser på sør no. Neste gang eg kjem til Bodø er det total midnattsol, det blir spennande! 😀


Keiservarden- Bodø

Vi har vore på endo ein tur her i Bodø! Turen gjekk til sikkert den mest besøkte toppen i byen, nemmelig Keiservarden. Vi møtte så utrulig mykje folk at det var skummelt.:p Det var ein veldig rolig og slapp tur som gjekk på ein grusvei 4 km rundt “fjellet” til ein kom til toppen. Det som var kjekt var utsikten øve byen når vi kom på toppen. 🙂 Kjekt å få sett litt av byen når eg først er her:)









 

Expencive cravings

Så fint ting, så lite gøy å bruka penga på.. Nåke av det blir nok mitt ein dag, men ikkje alt 🙂

Michael Kors pc-bag / Mulberry Lill Oak small / Mulberry Oak Ipad-case / Mulberry Cosmetic purse / Louis Vuitton Noé / Louis Vuitton Keepall

F-16 og Seaking

Idag har vore ein spennande, men slitsom dag. Heile flystasjonen, og meg, var på tur til eit fjell her i Bodø som heiter Skaugtuva. Motivasjonen var at det var grilling og ein overraskelse på toppen. 🙂 Overraskelsen hadde jo dei fleste på stasjonen funne ut på forhand, så det vart vel meir ein motivasjonsfaktor når svetten rann i den første bratte bakken. Altså, til å vere eit fjell på bare 600 m, så var turen ganske så tung sidan det var rett opp i ein time, før vegen bortover starta. Været var uheldigvis ikkje heilt optimalt, så bildene blei deretter.. :/ Det var i allefall ein fin opplevelse!